Hopp til hovedinnholdet

EU-tilskot skal gi fart på klimasmart bygging i Europa

Dutch Design week 3_cropped

I september 2026 kjem WoodStock med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere null‑avfalls‑løysingar for trekonstruksjonar utover teknologinivå (TRL) 5. Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse. Foto: WoodStock

Til hausten lyser EU-prosjektet WoodStock ut støtte til innovative løysingar for trebasert bygging. Utlysinga rettar seg mot små og mellomstore verksemder i Europa og skal bidra til meir sirkulær bruk av tre og betre utnytting av underbrukte treressursar.

Tre er eit fornybart materiale som lagrar karbon gjennom heile levetida. Likevel blir materialet lite brukt i byggenæringa i store delar av Europa.

Dette vil EU-prosjektet WoodStock gjere noko med.

I september 2026 kjem prosjektet med ei utlysing som skal gi tilskot til fire prosjekt for å teste, vidareutvikle og skalere nullavfallsløysingar for trekonstruksjonar frå teknologinivå (TRL) 5 og oppover. Kvart prosjekt kan få inntil 50 000 euro.

– Utlysinga er open for små og mellomstore verksemder, oppstartsbedrifter og ideelle organisasjonar, anten aleine eller i konsortium leia av éin av desse. Søkarane må vere etablerte i eit EU-land eller i eit land som deltek i Horisont Europa, til dømes Noreg, seier seniorforskar Gry Alfredsen, som koordinerer WoodStock-prosjektet frå NIBIO si side.

 

Meir bruk av tre som i dag går til spille

Byggesektoren er sentral arbeidet med å kutte klimagassutslepp i Europa. Samstundes blir store mengder trevirke lite utnytta, til dømes lauvtrevirke, restråstoff, virke av låg kvalitet og skadd trevirke.

Tilskota som skal delast ut til hausten, skal støtte prosjekt som tar i bruk sirkulær tenking, utnyttar ressursane betre og styrker samarbeidet på tvers av verdikjeda for bygging med tre.

– Prosjekta skal også fremje prinsippa i EU-initiativet New European Bauhaus (NEB), mellom anna fellesskap, berekraft og estetikk, seier Alfredsen.

– Utover teknologisk innovasjon bør forslaga vise evne til å engasjere lokalsamfunn, kunne skalere opp og ha potensial til å bidra til varige endringar i måten vi bygger på.

NIBIO er ein av 13 partnarar i WoodStock, som blir koordinert av Ghent University i Belgia. Her frå ei samling i Trondheim i 2025. Foto: WoodStock
NIBIO er ein av 13 partnarar i WoodStock, som blir koordinert av Ghent University i Belgia. Her frå ei samling i Trondheim i 2025. Foto: WoodStock

 

Kva kan støtta brukast til?

Midlane som blir delte ut kan brukast til å teste og demonstrere nye løysingar eller å dokumentere dei for vidare bruk og sertifisering. Midlane kan også brukast til samarbeid med lokale aktørar, eller til å dekke kurs, workshopar og andre tiltak for kompetansebygging, i tillegg til formidling og deling av resultat.

– Målet er å få fram løysingar som faktisk let seg ta i bruk i praksis, og som kan bli utvikla vidare og brukast i framtidige løysingar, seier Alfredsen.

– Som partnar i WoodStock oppmodar NIBIO små og mellomstore verksemder, innovatørar, designarar, arkitektar og aktørar innan skogbruk og bygg om å følge med og byrje å utvikle prosjektidéar allereie no.

Informasjon om søknadsprosessen og utlysinga vil bli publisert på WoodStock-prosjektet sine nettsider i løpet av sommaren.

Partnarane i WoodStock kjem frå ein rekke europeiske land. Illustrasjon: WoodStock
Partnarane i WoodStock kjem frå ein rekke europeiske land. Illustrasjon: WoodStock

 

Logo WOODSTOCK.png

 

WoodStock

NIBIO er partnar i WoodStock, som blir koordinert av Ghent University i Belgia. EU-prosjektet har til saman 13 europeiske partnarar, mellom anna forskingsinstitutt, universitet, paraplyorganisasjonar frå treindustrien og små og mellomstore verksemder.

WoodStock har fire hovudmål:

  • Kartlegge skog- og treressursar gjennom materialstraumsanalysar, karbonrekneskap og dynamiske livssyklusvurderingar
  • Utvikle avfallsfrie, sirkulære produkt- og bygningsdesign som tar vare på menneskeleg helse og trivsel
  • Utvikle heilskaplege rammeverk for politikkutforming, innovasjon og forretningsstrategiar
  • Etablere eit europeisk observatorium for trekonstruksjonar og eit NEB-laboratorium

Nettside: https://woodstockproject.eu/

Informasjon om støtteordninga

Utlysinga opnar i september 2026 og stenger i desember 2026. Søknader skal leverast via EUs Funding & Tenders-portal. Fullstendig utlysingstekst med søknadsrettleiing og praktisk informasjon blir publisert snart.

Meir informasjon om kven som kan søke, korleis prosjekta blir vurderte, kva støtta dekker og tidsplanen for utlysinga, finst på WoodStock sine nettsider.

New European Bauhaus (NEB)

Alle europeiske samfunn fortener bu- og leveområde som styrker livskvalitet og fellesskapskjensle. New European Bauhaus (NEB), eit initiativ frå EU-kommisjonen, fremjar løysingar som ikkje berre er miljøvennlege, men òg inkluderande og estetiske, med respekt for mangfaldet av stader, tradisjonar og kulturar i Europa og elles i verda.

NEB samlar innbyggarar, fagmiljø, næringsliv og offentlege institusjonar for å tenkje nytt om berekraftige måtar å leve på. Initiativet fungerer som ein møteplass for utprøving og samarbeid.

Ved å knyte saman ulike miljø, sameine fagområde og sikre brei deltaking på alle nivå, inspirerer Det nye europeiske Bauhaus til ei rørsle som skal forandre samfunnet vårt, basert på tre uatskillelege verdiar:

  • Berekraft: Frå klimamål til sirkulær økonomi, forureiningsfri utvikling og biologisk mangfald
  • Estetikk: Kvalitetsopplevingar og formspråk som går utover det reint praktiske
  • Inkludering: Frå verdsetjing av mangfald til å sikre tilgjengelege og rimelege løysingar for alle

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.