Hopp til hovedinnholdet

Åtte nye metodar kan gje frukt og grønt lengre levetid

penicilum skog 1

Penicillium er ein sopp som kan angripe eple og forårsake blaut råte og grøn/blåleg mugg. Denne muggsoppen dannar gifta patulin, som kan spreie seg i heile frukta. Kast difor alltid rotne eller mugne eple. Forskarar jobbar for å finne miljøvenlege løysingar som reduserer eller hindrar soppangrep på lager. Foto: Andrea Podavkova, NIBIO

Nye metodar kan gje betre haldbarheit på frukt og grønt – og redusera bruken av syntetiske middel. Her er åtte miljøvenlege løysingar som kan redusere matsvinn i framtida.

Reisa frå produksjonslandet til norske butikkar kan vera lang for importert frukt og grønt. Under transport kan soppsjukdomar utvikla seg og påverka kvaliteten. Samtidig varierer lagringstida mykje mellom ulike produkt: Nokre kan lagrast i månader, medan andre berre held seg nokre få dagar. Det er behov for meir miljøvenlege planteverntiltak, også etter innhausting, særskilt fordi mange tradisjonelle middel vert fasa ut.

– I NIBIO arbeider me med dette. Handtering av norskprodusert frukt og grønt er viktig med omsyn til beredskap og sjølvforsyning. Då treng me meir kunnskap om optimal handtering av frukt og grønt etter hausting. Særskilt er det behov for metodar som ikkje involverer bruk av syntetiske plantevernmidlar, seier forskar Jorunn Børve i NIBIO.

Åtte nye metodar blei presenterte på ein internasjonal forskarkonferanse i Hardanger i mai. Fleire av metodane kan redusera matsvinn og behovet for syntetiske middel.

Både norsk og utanlandsk frukt vert ofte frakta langt før den kjem fram til butikken. På reisa kan soppsjukdom angripa frukta og føra til matsvinn. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO
Både norsk og utanlandsk frukt vert ofte frakta langt før den kjem fram til butikken. På reisa kan soppsjukdom angripa frukta og føra til matsvinn. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

1. Varmebehandling

Kort oppvarming av overflata til frukt og grønsaker fremjar motstandsevne mot soppsjukdomar. Til dømes kan bruk av  damp eller vatn med litt over 50 °C effektivt redusera soppsjukdomar på eple. Metoden er teken i bruk enkelte stader internasjonalt, men krev mykje energi og kan verta kostbar i praksis.

Eple vert som oftast vaska i vannbad før dei vert pakka på pakkeri. Her er det fare for spreiing av sopp. Ved å varma opp vatnet til over 50 °C i nokre minutt, kan ein redusera skade få soppsjukdomar. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO
Eple vert som oftast vaska i vannbad før dei vert pakka på pakkeri. Her er det fare for spreiing av soppsmitte. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

2. Eteriske oljer

Eteriske oljer frå plantar kan ha sterk effekt mot sopp og bakteriar. Fleire av desse har vist lovande resultat i forsøk med lagring av frukt og grønt. Ei utfordring er at dei fordampar raskt og dermed mister effekt over tid. Forskarar arbeider derfor med å binda oljene til nanopartiklar, slik at dei verkar lengre og kan inngå i kombinasjon med andre tiltak.

3. Naturstoff og mineral

Propolisekstrakt frå bier er eitt av fleire bioaktive stoff som kan beskytta mot sjukdom. Forsøk har vist at slike stoff kan redusera gråskimmel i bær. Også mineral som sink og silikon har vist evne til å hemma utvikling av soppsjukdomar. Forskarar testar no ulike kombinasjonar av naturlege stoff. Nokre tek i bruk kunstig intelligens for å finna dei mest effektive kombinasjonane.

4. Mikrobar mot mikrobar

Soppar angrip ikkje berre plantar, men også kvarandre. Forskarar jobbar med bakteriar og sopp som kan hemma eller stoppa skadelege organismar. For å finna dei mest lovande kandidatane, analyserer dei mikrobiomet – heile samfunnet av mikroorganismar på frukta. Samtidig vert det forska på korleis slike mikrobar kan produserast i stor skala til ein akseptabel kostnad.

5. Spiselege belegg

Såkalla «edible coatings» er tynne, spiselege belegg som kan leggjast utanpå frukt og grønt. Desse belegga kan innehalde naturlege stoff som vernar mot sopp og uttørking. Nokre prosjekt nyttar bioaktive stoff frå avfall i næringsmiddelindustrien, noko som også gir betre ressursutnytting. Resultata er lovande, men teknologien må vidareutviklast før han kan takast i bruk i praksis.

6. UV-stråling

UV-lys kan nyttast til å redusera soppsjukdomar som gråskimmel. Både NMBU og NIBIO har gjennomført fleire forsøk, særleg i veksthusproduksjon. Teknologien blir allereie brukt av enkelte produsentar, med gode resultat. Det er også potensial for bruk etter hausting, men metodane må tilpassast ulike produkt.

7. Sensorar

Når frukt blir angripen av sopp, blir det frigitt spesielle signalstoff. Desse kan oppdagast før skaden er synleg for auge. Forskarar utviklar «elektroniske naser» og sensorsystem som kan registrera slike endringar tidleg. Teknologien kan gje betre kontroll på lager og redusera matsvinn ved å stansa smitte tidleg.

Forskarar utviklar «elektroniske naser» og sensorsystem som kan registrere soppangrep på lager tidleg. Biletet syner ein demo frå Tunable som kombinerer sensorar og presis multigassanalyse av kjende gassar med gassfingeravtrykksgjenkjenning. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

8. «Multiple-hurdle» 

Syntetiske middel gir ofte full effekt åleine. Slik er det ikkje med biologiske middel. Erfaring viser at fleire tiltak må kombinerast for å oppnå tilfredsstillande resultat, såkalla «multiple-hurdle»-tilnærmingar. Summen av fleire tiltak med ein moderat verknad, kan tilsvara effekten av eitt syntetisk plantevernmiddel. Slik kan ein sikra akseptabel kvalitet på ein meir miljøvenleg måte.

Planlegginga for god haldbarheit startar allereie i åkeren med god agronomi. Mellom anna er det viktig med rett haustetid. Jo mindre sopp og soppsporar på frukt og grønsaker ved hausting, jo betre går det under transport og lagring. NIBIO jobbar aktivt med ein slik heilskapleg tilnærming. Foto Hege Ulfeng, NIBIO

Frå enkeltløysingar til heilskap

Samstundes peikar NIBIO sin forsking på kor viktig det er å sjå heile produksjonskjeda i samanheng.

– Desse åtte metodane viser kor breitt det blir forska internasjonalt. For NIBIO handlar det om å ta denne kunnskapen vidare og sjå han i samanheng med norske forhold og heile verdikjeda – frå jord til bord, seier Børve.

Ho understrekar at grunnlaget for kvalitet blir lagt i vekstsesongen.

– Ingen tiltak på lager kan gjera kvaliteten betre enn han var ved hausting, men dei kan halda han ved lag. Difor er det som skjer på jordet, eller i frukthagen, like viktig som det som skjer under lagring.

– Framover treng me fleire prosjekt som koplar dyrking og lagring tettare saman. Då kan me utnytta potensialet i alternative metodar betre og bidra til mindre matsvinn og meir berekraftig produksjon, avsluttar Børve.

KONTAKTPERSON
VIII International Symposium on Postharvest Pathology, Ullensvang, Norway, May 18-22, 2026

I mai i år leia NIBIO, ved forskar Jorunn Børve, ei stor internasjonal konferanse som tok for seg sjukdomar i planteprodukt etter hausting. Konferansen var i regi av International Society for Horticultural Science (ISHS). Over 100 forskarar var samla for å dela forsking og diskutera vegen vidare.

Penicillium er ein sopp som kan angripe eple og forårsake blaut råte og grøn/blåleg mugg. Denne muggsoppen dannar gifta patulin, som kan spreie seg i heile frukta. Kast difor alltid rotne eller mugne eple. Forskarar jobbar for å finne miljøvenlege løysingar som reduserer eller hindrar soppangrep på lager. Foto: Andrea Podavkova, NIBIO
Gråskimmel (forårsaka av soppen Botrytis cinerea) kan angripa eit stort tal ulike frukt, bær og grønsaker. UV-bestråling er eit miljøvenleg tiltak som kan redusere skade frå denne soppen kraftig. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
Reinslegheit på lager og pakkeri er svært viktig for haldbarheita til frukt og grønsaker etter hausting. Lagring ved låg temperatur, kontrollert atmosfære og rett luftfuktigheit, er viktige tiltak under transport og lagring. På lager kan ein også nytta «Smart-Fresh», ein ufarleg gass som forseinkar modninga av fleire slag frukt og grønsaker. NIBIO har hatt fleire prosjekt for å tilpassa bruken til norske høve. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.