Torbjørn Haukås
Senior Adviser
(+47) 476 58 552
torbjorn.haukas@nibio.no
Place
Bergen
Visiting address
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Abstract
Produksjon, omsetning og forbruk av eple har endra seg mykje over tid. Forbruk av eple har vore fallande, medan produksjonen av norske eple har auka. I denne rapporten er det sett på utvikling i produksjon og marknad for norske eple og kva strategiar som er nytta for å auke norsk produksjon av eple. Det er også tatt med resultat frå ulike forskingstema i Greenroad-prosjektet som omfattar eple for å nå det overordna målet om auka produksjon og forbruk av norske eple.
Abstract
Formålet med prosjektet har vært å synliggjøre grovfôrkostnaden og faktorer som påvirker denne i Nord-Norge (Nordland, Troms og Finnmark), for å styrke kunnskapsgrunnlaget i næring og forvaltning. Grovfôrkostnaden er en sentral kostnadsdriver i jordbruket og har stor betydning for økonomien i grovfôrbasert husdyrproduksjon. Analysen viser at grovfôrkostnaden i stor grad drives av faste kostnader som maskiner, vedlikehold og arbeidsinnsats. Leasingkostnader fremstår også som en viktig kostnadsdriver. Brutto sjølkost for grovfôr ligger gjennomgående over kraftfôrprisen, mens netto sjølkost, når verdien av sideprodukter og tilskudd relatert til arealbruk og/eller dyrking inkluderes, ligger på eller noe under kraftfôrpris. Dette viser at tilskuddsordninger har betydning for den økonomiske bærekraften i produksjonen. Resultatene viser betydelig variasjon mellom bruk, særlig knyttet til investeringsnivå og driftsfase. Høyt avlingsnivå og god utnyttelse av maskinkapasitet er derfor viktige faktorer for å holde kostnaden per fôrenhet nede.
Abstract
Lønsemda i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane i tilskotssone 5B har vore lågare enn andre tilskotssoner i Sør-Noreg gjennom mange år. Sone 5B omfattar Vestlandet, det vil seie fylka Vestland, Møre og Romsdal og kommunane i Rogaland utanom Jæren, Gjesdal, Bjerkreim og Strand. Dette er ein region prega av fjordar og fjell med mange små driftseiningar med driftsvanskar i form av bratt terreng og mange og små jordteigar og utfordrande klima. I dette prosjektet er det føreteke ein grundig analyse av lønsemda for dei aktuelle sonene og sett på kva faktorar som er dei viktigaste årsakene til forskjellane. Det er høgare kraftfôrforbruk per dyreeining i sone 5B enn i de andre sonene. Det kan tyde på lågare grovfôrgrunnlag i høve til produksjonsomfang. Avdrått på mjølk er høg i sone 5B. Bruka i sone 5B har større prosent innmarksbeite. Det er også mykje innsett kapital i drifta og høge maskinkostnader per dekar i sonen. Bruka i sone 5B er noko mindre i produksjonsomfang og har større driftsvanskar samanlikna med dei andre sonene. Dette medfører høgare arbeidsforbruk. Driftsvanskane som er sett på her, er storleik på teigar, form på teigane, grad av fulldyrka areal og kor bratt terrenget er.