Beitestatistikk for sau i utmark

Denne nettsida viser dyretal og tap på utmarksbeite for sau organisert i beitelag under tilskotsordninga Organisert beitebruk (OBB). Dette omfattar om lag 73 % av sau sleppt i norsk utmark. Tal blir vist for kvart år sidan 1981 og på tre geografiske nivå; kommune, fylke og landet. Det er ikkje skild mellom ulike tapsårsaker.

Beitestatistikk_graf.png
Beitestatistikken viser utvikling i dyretal og tapsprosent for sau og lam for kommune, fylke og for landet.

Nettside med beitestatistikk for sau i utmark
 

Tal frå Organisert beitebruk (OBB)

Sidan 1970 har beitelaga i OBB gjeve årlege rapportar om drifta. Det finst no derfor eit omfattande statistisk materiale som dokumenterer utviklinga. Det gjeld i første rekkje dyretal som er sleppt, sanka og tapt i utmark.

Frå 1981 er materialet frå beitelaga på digital form. Desse tala er no summert opp per beitekommune og blir presentert i nettsida. Det er òg mogleg å summere saman for fleire fylke og kommunar. Det er dagens administrative inndeling i kommune og fylke som blir vist. Men for fylke er det òg lagt inn moglegheit for å velje fylkesinndelinga slik den var før 2018.

Talgrunnlaget for beitelaga i beitestatistikken kan lastast ned som tabellar frå linken Beitestatistikk - talgrunnlag til venstre.

 

Drift av nettsida

Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar stønadsordninga OBB og kvart år samlar inn data frå beitelaga. Tala blir så sendt til NIBIO som legg dei inn i nettsida. I 2002 vart alle beitelag teikna inn på kart. Desse blir oppdatert årleg  og finst tilgjengeleg i NIBIO si kartteneste, Kilden.