Potensial for korndyrking, sein kveite

Bilde til i-siden_Hvetebilde_Askim_Hilde Olsen

Moden kveiteåker i Askim. Foto: Hilde Olsen, NIBIO

Kartet Potensial for korndyrking, sein kveite viser potensiell vekstsesong for sein kveite på eit gitt areal. Kartet deler jordsmonnkartlagt fulldyrka- og overflatedyrka areal inn i fem klasser etter modellert vekstsesong for 35-årsperioden 1981-2015.

Produksjonspotensialet for ulike vekstar varierer både geografisk og over tid. Denne modellen er laga for dyrking av sein kveite.

Kartet Potensial for korndyrking, sein kveite er publisert i målestokk 1:2 500-1: 40 000. Kartleggingsmetodikken er ikke detaljert nok for å vise kartene i større målestokk. Kartene er derfor heller ikke egnet til bruk på et veldig detaljert nivå.

Klasseinndeling

Klasse

Klassenamn

Klasseskildring

1 Høgt potensial Modning  i august/september, tilstrekkeleg med køyrbare treskedagar før 1. oktober. Liten risiko for tørkeår
2 Middels potensial Modning i august/september eller september. Mange av areala ligg i område der tørke kan vere eit problem enkelte år eller der mykje nedbør kan redusere jordas bereevne
3 Lågt potensial Ein stor eller fleire mindre faktorar som avgrensar dyrkingspotensial: sein modning, færre tilgjengelege treskedagar, usikker avling grunna tørke eller mykje nedbør i haustetida, høgt innhald av stein og blokk, høg frekvens av fjellblotningar.
4 Uegna Stor risiko for tørkeår og/eller få tilgjengelege treskedagar, eller areal med helling over 25 %.  
5 Endra arealtilstand, ikkje klassifisert  Arealtilstanden er endra utan at  jordsmonnkartet er ajourført.

 

Ved vatningsbasert dyrking er tørkestresset minimalisert. Tørkeutsette areal får difor eit høgare potensial og kjem i ei høgare klasse i kartet for vatningsbasert dyrking enn ved nedbørsbasert dyrking. Ved nedbørsbasert dyrking er risiko for tørke viktigaste årsak til nedklassifisering for slike areal. 

Objektinformasjon

Klassifikasjonsgrunnlaget for kartfiguren går fram av objektinformasjonen (blir vist ved å klikke på figuren). Statistikk for 35-årsperioden 1981-2015 viser modellert variasjon i figurens 1. sådag, 1. haustedag, treskedagar og køyrbare treskedagar før 1. oktober, og grad av tørke (Ea/Ep) i perioden frå sådag til skyting.

Inngangsdata og modellering

Daglege vêrdata

Det er etablert eit landsdekkande 1x1 km punktnett med interpolerte vêrdata  (Tveito et al., 2005, Mohr 2008). Kvart punkt har følgjande daglege verdiar for 35-årsperioden 1981-2015:nedbør, snødekke, temperatur, globalstråling og fordamping. Desse vêrdataa og data om vasslagringseigenskapar til jordsmonnet trengst for å køyre modellen.

Jordas vasslagringsevne

Jordsmonndatabasen ved NIBIO har informasjon om jordeigenskapane i 0–100 cm djupne. Data om sjikteigenskapar blir overførte frå basen til den standard 6-sjiktinndelinga som modellen brukar (Fig. 1). Vasslagringseigenskapane til alle sjikt blir utrekna ved hjelp av funksjonar etter Riley (1996). Modellen reknar ut dagleg tilvekst av røter og blad.

Figur 1: Modellen bruker ei standard 6 sjikt inndeling, 0-65cm, som får tildelt eigenskapar frå den opphavlege sjiktinndelinga.

Tørke

Grad av tørke i perioden frå sådag til skytedag inngår i klassifiseringa. Dette er representert ved forholdet mellom aktuell og potensiell fordamping (Ea/Ep) for perioden (Riley 2019). Ved Ea/Ep = 1 er det ikkje tørkestress, ved Ea/Ep = 0 er visnegrense nådd og dermed inga avling. Statistikk for Ea/Ep går fram av kartfiguren sin objektinformasjon.

For vatningsbasert dyrking er tørke eit mykje mindre problem. Dette vert tatt omsyn til som skildra ovanfor. 

Treskedagar

Treskedagar er gitt ved funksjonar for opptørking av internt og eksternt vatn etter gulmodning (Aune et al. 2004). For å køyre på arealet med maskin ved tresking, finst eit tilleggskrav om at vassinnhaldet i plogsjiktet skal vere under 90 % av feltkapasitet for å unngå køyreskade (Riley 2016).

Avgrensingar

Stor høgdeforskjell mellom kartfigur og næraste vêrdatapunkt

Modellen hentar vêrdata frå nærastliggande vêrdatapunkt. Er det stor høgdeforskjell mellom kartfiguren og vêrdatapunktet vil arealet kunne bli klassifisert for lågt dersom vêrdatapunkt ligg høgare oppe i terrenget. Dersom vêrdatapunktet ligg lågare vil arealet kunne bli klassifisert for høgt. Slike feil vil bli redusert i seinare versjonar.

Snø og tele

Starten på vekstsesongen er basert på temperatur- og snødekkedata. Forseinka våronn på grunn av tele er ikkje medrekna. I overgangen mellom bratte dalsider og dalbotn kan verdiane for snødekke vere for høge. I slike døme viser modellen for sein våronn.

Flaumrisiko

Modellen viser potensialet utan vurdering av flaumrisiko. Flaumutsette areal vil difor ha eit lågare potensial enn det kartet viser.

Bruksområder

Tilsvarande kart som dette kan produserast for andre vekstar. På den måten kan det utviklast kart for optimal utnytting av naturgrunnlaget (rett vekst på rett stad). Slik informasjon kan også brukast til andre formål som til dømes verdsetting av areal i samband med arealplanlegging, jordskifte og liknande.

Nøyaktighet i temakartene

  • Kart fra jordkartlegginga utgjør et objektivt kunnskapsgrunnlag for beslutninger om bruk av jordressursen.
  • NIBIO har det nasjonale ansvaret for å stedfeste og dokumentere jordsmonnets egenskaper. Jordkartleggingsprogrammet registrerer de samme jordegenskapene på samme måte, uavhengig av hvor i landet jordkartlegginga foregår.
  • Kart er en forenkling av virkeligheten. Innenfor gjeldende metodikk og økonomiske rammer, tilstrebes det å stedfeste og dokumentere jordbruksjordas egenskaper på en standardisert og tilfredsstillende måte for de viktigste bruksområdene.
  • Jordkartlegginga tar utgangspunkt i jordsmonnets stabile egenskaper, ikke de egenskapene som i stor grad varierer med drifta. Jordpakking, plogsåler, biologisk aktivitet og grøfting inkluderes ikke som parametere for å bestemme jordtype. Naturlig strukturutvikling eller fravær av dette inngår i bestemmelsen av jordtype, men det differensieres ikke mellom ulike strukturtyper som for eksempel plate, linse eller blokk. Kartlegginga beskriver dermed heller et naturlig potensial, ikke jordas tilstand, som er avhengig av drift.  På nettsiden Nåværende kartleggingsmetodikk finner du mer informasjon om hvilke jordegenskaper som registreres under jordkartlegginga.
  • Jordkartlegginga får ikke fram alle små variasjoner på et areal. Jordtyper som dekker mindre enn 25 % av et areal blir ikke registrert.
  • En kartfigur kan bestå av to jordtyper. Noen av kartene tar hensyn til både den mest dominerende jordtypen og den mindre dominerende jordtypen, andre kart framstilles kun på bakgrunn av den mest dominerende jordtypen. Da vil informasjon om den mindre dominerende jordtypen framkomme i objektinformasjonen. Objektinformasjonen kommer fram når man klikker i en kartfigur.
  • Minste figurstørrelse i jordkartlegginga er 10 dekar. Mindre arealer kan registreres som egne kartfigurer hvis forskjellen mellom jorda på to naboarealer er stor nok (hvilke egenskaper som gir denne muligheten er definert i metodikken).
  • Temakartene fra jordkartlegginga er publisert i målestokk 1:2 500-1: 40 000. Kartleggingsmetodikken er ikke detaljert nok for å vise kartene i større målestokk, de er ikke egnet til bruk på et veldig detaljert nivå.
  • Geografiske grenser mellom jordtyper er svært sjelden skarpe, men representerer glidende overganger mellom dem. Men, på kart framstilles grensene som skarpe.
  • Skarpe klassegrenser i kartet gjenspeiler ikke fullt ut de glidende overgangene i jordegenskapene som man finner i virkeligheten. I noen tilfeller kan to jordtyper som har ganske like jordegenskaper komme så vidt over og så vidt under en klassegrense. En liten forskjell i virkeligheten kan se ut som en stor forskjell på kartet.
  • Lokalkunnskap om jordsmonnets egenskaper vil ofte kunne være nyttig tilleggsinformasjon til temakartene. Men, det er ikke alltid den lokale kunnskapen er objektiv.

Referansar:

Aune, B., Aurbakken, E. A., Bjørdal, I., Tveito, O.E. og Skjelvåg, A.O. 2004: PROSJEKT JORDRESSURSKART - Kombinert bruk av jord-, klima- og plantedata for talfesting av produksjonspotensial. NIJOS rapport 16, 2004.

Mohr, M. 2008: New Routines for Gridding of Temperature and Precipitation Observations  for “seNorge.no”, Met.No Note 08/2008

Riley, H. 1996: Estimation of physical properties of cultivated soils in southeast Norway from readily available soil information. Norwegian Journal of Agricultural Sciences, Supplement NO. 25, 1996.

Riley, H. 2016: Tillage timeliness for spring cereals in Norway: Yield losses due to soil compaction and sowing delay, and their consequences for optimal mechanisation in relation to crop area

NIBIO rapport nr. 112, vol. 2.

Riley, H. 2019: Tørkesommeren 2018 - beregninger av hvor mye korn-, potet- og grasavlingene ble påvirket på ulike jordtyper i ulike distrikt. I NIBIO BOK 5(1), s. 116-124.

Tveito, O.E., Bjørdal, I., Skjelvåg, A.O., Aune, B. (2005) A GIS-based agro-ecological decision system based on gridded climatology. Meteorological Applications, 12:1:57-68.

KONTAKTPERSON
Meir om modellen

Kartet "Potensial for korndyrking, sein kveite" er basert på ein fenologisk modell utvikla av Arne Skjelvåg over ei årrekkje. Modellen har funksjonar for å rekne ut sådag, spiredag, skytedag, gulmodningsdag og haustedag ut frå daglege verdiar for vasstilgangen i rotsona i kombinasjon med verdiar for globalstråling og temperatur gjennom vekstsesongen. Vasstilgangen i rotsona er ein funksjon av nedbør, fordamping og vasslagringseigenskapane til jorda. Klassifisering skjer på grunnlag av haustetidspunkt og vêrforholda i denne perioden. Modellen reknar ikkje ut avlingsmengd.

20110915-OSP-032a_hveteåker-skurtresker_xxx_Hobøl_Østfold.JPG
Tilstrekkeleg mange treskedagar er ein føresetnad for korndyrking. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO
ASA-20050205-203625.jpg
Bare der klimaet er mildt og vekstsesongen lang nok kan man dyrke sen hvete i Norge. Foto: NIBIO
20110915-OSP-031_hveteåker-jordprøve_Ove-Klakegg_xxx_Hobøl_Østfold.JPG
Jordkartlegging av hveteåker i Hobøl. Jordsmonndata inngår i kornmodellen, bl.a. for å bestemme jordas vannlagringsevne. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO
ef-20150911-102639.jpg
Jordbruksarealer som kan benyttes til dyrking av sen hvete er svært viktige for Norges matforsyning. Foto: Erling Fløystad, NIBIO