Hopp til hovedinnholdet

Grunnlaget for jordbruksoppgjeret

23-55-samdriftsfjos-KK

Foto: Kjersti Kildahl

Tørkesommaren 2018 fekk store konsekvensar for mange bønder. Likevel gjekk bondens inntekt noko opp. Det viser grunnlagstala for jordbruksoppgjeret.

Slik var ingressen da Budsjettnemnda for jordbruket, BFJ, i april 2019 la fram tala som markerer starten på dei årlege jordbruksforhandlingane mellom staten og bøndene.

NIBIO si avdeling for Landbruksøkonomisk analyse har sekretariatsansvaret for nemnda. I avdelinga samlar dei relevant økonomisk statistikk, set saman data og samanstiller analysegrunnlaget som BFJ legg fram.

- Talgrunnlaget skal skildre både korleis næringa gjorde det økonomisk året før, og reflektere normalsituasjonen som er utjamna utvikling over tid, seier avdelingsleiar Lars Johan Rustad.

Normalsituasjonen er basert på resultat frå fleire år, der økonomiske variasjonar knytt til ver eller ekstraordinære hendingar er forsøkt jamna ut. Det er dei normaliserte tala som blir lagt til grunn i forhandlingane.

Budsjettnemnda består av representantar for partane i jordbruksoppgjeret, stat og bønder, i tillegg til nøytrale medlemmer frå Statistisk sentralbyrå og leiaren som i 2019 er frå Kunnskapsdepartementet.

Dei tre delane i forhandlingsgrunnlaget:

Totalkalkylen - viser inntektsnivå og –utvikling, og totalverdiane skapt i norsk jordbruk. Blir blant anna nytta til å samanlikne bøndenes inntektsutvikling med andre samfunnsgrupper.

Referansebruk - viser økonomiske resultat for gardsbruk som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi. Blir under forhandlingane nytta til å rekne på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk. Tala byggjer på vel 700 av jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane for jordbruket.

Resultatkontrollen – belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Effektane av jordbrukspolitikken kjem fram gjennom utvalde måleparametrar og endringane i desse.

 

Formål

Leggje fram materialet som dannar grunnlag for jordbruksoppgjeret

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet