VIPS-sesongen er i gang

ef-20070331-181725

Varsling av epleskurv startar når tidlege eplesortar har ein grøn spiss bladknoppane, ofte rundt 15. mars i tidlege strok. Foto: Erling Fløistad

VIPS, Varsling Innen PlanteSkadegjørere, er eit nettbasert verktøy som hjelper den norske bonden med å ta gode val for integrert plantevern gjennom vekstsesongen. Her finst varsel om fare for angrep av sjukdomar og skadedyr, og fortløpande informasjon om ulike angrep.

Grøn spiss på epletre

– VIPS-sesongen for epleskurv startar om våren når epletrea i dei tidlegaste frukthagane i landet når «grøn spiss». Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe dei nye blada før dei faldar seg ut, fortel seniorforskar i NIBIO, Arne Stensvand. 

– I dei tidlegaste områda, lokalt på Vestlandet, hadde epletrea grøn spiss allereie i førre veke, fortel Stensvand.  Difor har no varslinga om fare for angrep av epleskurv starta. Stensvand kan og fortelje at modellen som reknar ut faren for angrep, den såkalla RIMpro-modellen, kjem i oppdatert utgåve i år. Modellen vert brukt alle stader der eple dyrkast i verda, frå Australia og Sør Afrika til Amerika og Europa, og det er mange forskarar og rådgjevarar involvert i vidare utvikling av modellen. Denne utviklinga kjem også VIPS til gode.

pfp-2005-0346.jpg
Epleskurvsoppen angrip både unge skot, bladverk og frukter. Skurvflekkane på blad er mørke felt. Foto: Arne Stensvand

Varsel etter vêr – lokal variasjon

– Slik vêret er nett no, fortel Stensvand, går sporemodninga til skurvsoppen seint, og med tørt ver og kjølige netter, vert angrep av epleskurv forskyvd i tid. Dette vil du sjå når du fylgjer med på varsla i VIPS. 

– Nett det, å følgje med på varslinga, er viktig presiserer Håvard Eikemo, også han forskar i NIBIO. Angrep av epleskurv og andre skadegjerarar heng nøye saman med det lokale vêret. Derfor reknar VIPS ut varsla ved hjelp av vêrdata frå eit nett av klimastasjonar. Varselet for epleskurv vert rekna ut for 36 ulike stasjoner. År om anna kjem nye til, og sist ut var Mære i Trøndelag, fortel Eikemo.

Utover våren startar varsling av ulike andre skadedyr og sjukdomar. VIPS har og støtteverktøy for val av rett middel mot ugras i korn. Les meir om VIPS-året her.

ef-20051020-160635.jpg
Skurvflekkar på frukta fører til at denne ikkje kan omsetjast som kvalitetsfrukt. Foto: Erling Fløistad

 

KONTAKTPERSON
VIPS_50-110-40.png
Fakta om VIPS

VIPS (Varsling Innen PlanteSkadegjørere) er utvikla av NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving. Rådgivingstenesta registrerer angrep av skadegjerarar i felt, mens NIBIO leverer klimadata og tar seg av utvikling, drift og vedlikehald av systemet. Meteorologisk institutt leverer vêrprognosar som blir brukt i modellane.

Tenester i VIPS: berekning av behandlingsbehov mot ugras i vårkorn og haustkorn, varsling av bladflekksjukdomar i kveite, byggbrunflekk, storknolla råtesopp i oljevekstar, tørråte i potet, salatbladskimmel, løkbladskimmel, selleribladflekk, stor og liten kålflue, kålfly, håra engtege, gulrotflue, epleskurv, epleviklar, gråskimmel i jordbær og rognebærmøll. VIPS innehelder skadeterskler for vurdering av behov for bekjemping av potetsikade i potet, bladlus i korn og rapsglansbille i oljevekstar.

Tenesta omfattar også meldingar om overvaking av skadegjerar og fagmeldingar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.