Vil bane veg for norske ullprodukt

IMG_0382 Anita Land.jpg

Foto: Anita Land.

Ull er ein del av den norske folkesjela. Då er det eit paradoks at norske strikkegenserar stort sett vert produserte i land som Kina og Baltikum. No forskast det på korleis ein kan sikre kvaliteten på norsk ull slik at vi på sikt kan utnytte vår egen ull.

Å bruke lokalprodusert mat har lenge vore ‘in’. I tekstilmarknaden har det så langt vore liten bevegelse i ei slik retning, men  no ser vi at ‘onshoring’, som er etablering av tekstilnæring i eige land, har tatt seg opp i mellom anna USA og Storbritannia. Internasjonalt er ‘slow fashion’ - kortreiste klesplagg av god kvalitet – ein aukande trend. Men i Noreg ligg vi framleis langt bak på dette området. 

No arbeider forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) med å sikre kvaliteten på norsk ull mellom anna ved å fremje kunnskap om variasjon i ullkvalitet og gjennom avlstiltak. Arbeidet er ein del av det tverrfaglege prosjektet Krus, som har som mål å få fram kvaliteten i norsk ull og betre marknaden, marknadsføringa og verdien av norskprodusert ull. 

ET2_1577_smaller.jpg
ET2_1453_smaller.jpg
Dette er reine ulltekstiler basert på særplukka ull frå Grå Trøndersau og resultat av foredling av norsk ull i ei 100 % norsk verdikjede. Det er benytta ullvareaktørar frå Hillesvåg ved Bergen, til Tingvoll og opp til Selbu. Se også www.norwaycloth.no. Foto: VARP & VEFT AS.

 

Betalingsvilja er der

“Noreg har råvarer i verdsklasse og ein tekstilindustri med stort potensiale,” meiner Tone Skårdal Tobiasson, redaktør for NICE fashion (Nordic Initiative Clean & Ethical fashion) og medarbeidar i Krus-prosjektet. 

“Med dette prosjektet ønskjer vi å få til det same med tekstil som det vi har sett med kortreist, lokal mat,” fortel Tobiasson. 

Ho seier at norsk ull då vil representere det litt meir spesielle som brukar lokale verdikjeder. “Dette gjer at produktet ofte blir dyrare, men betalingsviljen for eit slikt produkt er gjerne høgare,” påpeikar ho. 

Ho tykkjer det er trist at strikkegenserar produsert i Kina er det som blir selt til dømes på Hurtigruta.

“Vi utnyttar ikkje godt nok dei fantastiske handverkstradisjonane vi har her til lands,” seier ho.

Tobiasson  fortel at i naboland som Island og Skottland er lokale tekstilar ein del av ‘pakken’ ein sel til turistar - med stor suksess.

“Det er ikkje mange turistar som forlèt Island utan ein lokalprodusert strikka genser. På Island skal det no også opprettast eit opphavsmerke. Også i Sverige og Danmark er det stor interesse rundt dette. Her ser ein også couture-designerar som jobbar saman med lokale handverkarar.

“Men vi har absolutt tru på at dette også vil spreie seg til Norge etter kvart,” understrekar ho.

grova_ull.jpg
Forskar Lise Grøva. Foto: Olaf Østbø. Ferdigspunne spælsaugarn som blei brukt i VikingGull prosjektet. Foto: Tone Skårdal Tobiasson.

Lite omsetning av norsk ull

Men for å få til ein lønsam verdikjede på norsk ull, må det bli enklare for bøndene å satse på ulla. 

“Det er i dag lite fokus på ulla i Noreg - berre 15% blir vidareforedla i Noreg. Resten forsvinn ut av landet – gjerne til teppeproduksjon m.m. Dei fleste som driv med sauar her til lands, har hovuddelen av inntekta si frå kjøtproduksjon,” seier Lise Grøva frå NIBIO. Ho er ein del av eit forskarteam som ser på korleis ein kan sikre og forbetre kvaliteten på ull gjennom avl. Det er spesielt kvaliteten på ull hos rasen kvit spælsau som skal vurderast av NIBIO i samarbeid med Norsk Sau og Geit og Fagsenteret for ull/Animalia, men prosjektet vil også sjå på andre sauerasar som grå trøndersau og gamalnorsk sau (villsau). 

Norsk ull og dei spesifikke kvalitetane ved dei ulike rasane, spelar ei vesentleg rolle for norsk tekstiltradisjon og kledekultur. Det er ei særleg utfordring med eldre saueraser. Desse er sentrale for norske handverkstradisjonar, men kvaliteten på enkelte av ullsortane går ned. Det er slike utfordringar prosjektet ønskjer å finne løysingar på. 

“Kvit ull gir betre betaling enn farga ull. For enkelte som driv med sau av gamle rasar med farga ull hadde det vore meir lønnsamt om sauen ikkje hadde ull. Å få nokon til å klippe ull kostar, og det kan faktisk ende med at bonden får minus i rekneskapen. Det er eit problem i forhold til ein berekraftig utnytting av ressursane våre.Det blir sagt at kvaliteten på ull frå kvit spælsau har blitt dårlegare dei seinare åra, med mellom anna meir marg i ulla. ” 

“Det må ei endring til. Ull er eit fantastisk produkt. Vi må sikre god ullkvalitet og så må vi videreforedle ulla vår,- og så er det viktig at det blir lønnsamt for bonden å ha fokus på ullkvalitet ,” seier Grøva.

IMG_4113 Anita Land.jpg
Kvit norsk spælsau på beite. Foto: Anita Land.

Kvit spelsau

“Vi på NIBIO jobbar med norsk, kvit spelsau. Dette er ein en sauerase vi har mange av her til lands og som også er registrert i Sauekontrollen. Det betyr at vi veit kven som er mora og faren, noko som er naudsynt når du skal jobbe med avl. Kvaliteten på ulla til denne rasen er god - den gir ei fin og glansfull ull. Men ettersom det har vore begrensa fokus på ullkvalitiet i avlsarbeidet  - det er først og fremst kjøt som har vore viktig - har dette gjort at kvaliteten på ulla no ser ut til å vere variabel,” fortel ho. 

“Det vi skal gjere no er å finne ut kva slags variasjon kvaliteten på ulla faktisk har. Så jobbar vi for å sjå på korleis vi kan sikre ønska ullkvalitet. Vi planlegg feltforsøk der vi setje inn ein far med god ull, og så ser vi om sauen får betre ull av dette, utan at det går på kostnad av kjøtkvalitet og liknande. Vi vil trenge mykje testing for å få dette til,” seier avlsforskaren.

 

Grøn vekst

Alvhild Hedestein, administrerande direktør ved NIBIO, trur moglegheitene for grøn vekst er tilstade gjennom lokalt forankra verdikjeder som dette.

“Det er viktig at vi blir betre på å utnytte lokale råvarer, slik som norsk ull. Ull tilbyr ikkje berre varige produkt med god kvalitet til forbrukaren, men er også basis for ei vidare utvikling av ei berekraftig næring med betre økonomi,” seier ho. 

Men for at dette skal skje meiner Lisa Grøva det er viktig at vi utfordrar bruk-og-kastkulturen:

“Det vert produsert ei vanvitig mengde med klesplagg. Målet vårt er ein berekraftig trend. Men det er stor mangel på kunnskap om tekstilar. Vi har eit val i forhold til kva slags klede vi har på oss. Her i landet har vi eit fantastisk fiber i ull som kan brukast til mykje, og det er viktig at det blir opna opp for auka medvit kring dette i Noreg,” avsluttar ho.

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.