Hopp til hovedinnholdet

Varsling av epleskurv er i gang

IMG_5621

NIBIO-forskar Håvard Eikemo fortel at årets første rapport om "grøn spiss" på epletre  kom frå Helgøy på Jæren 12. mars. Foto: Siri Elise Dybdal

Skurv er ei betydeleg utfordring i norske eplehagar, og angrep startar allereie når epletrea i dei tidlegaste frukthagane i landet når «grøn spiss».

Skurv på eple- og pæretre er ei utfordring som kan føre til øydelagde avlingar og økonomisk tap for bonden. Sjukdommen er svært utbreidd i Noreg og skuldast ein sopp.

Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe nye blad før dei faldar seg ut om våren. I dei tidlegaste områda på Sør- og Vestlandet har epletrea allereie grøn spiss. Difor har varslinga om fare for angrep av epleskurv no starta i VIPS (Varsling Innan PlanteSkadegjerarar).

Skurv varierer mykje frå år til år og veret har svært mykje å seie. Desto meir fukt det er, desto meir utfordringar får ein. Foto: Erling Fløistad
Skurv varierer mykje frå år til år og veret har svært mykje å seie. Desto meir fukt det er, desto meir utfordringar får ein. Foto: Erling Fløistad

Jæren fyrst

I Noreg er dei tidlegaste epleskurv-distrikta Telemark, Jæren, Hardanger og lenger nord på Vestlandet. Det er også epleproduksjon i Østfold, Lier-området og på Sørlandet. Dessutan har vi har varsling rundt Mjøsa. Store deler av landet er inkludert, fortel Håvard Eikemo, forskar ved NIBIO.

Det er grøn spiss i eplet som er datoen for epleskurvvarslinga. I år var det Helgøy på Jæren som sendte inn første rapport om grøn spiss 12. mars. Linge i Fjord kommune var nummer to 25. mars og Hardanger følgde kjapt etter. Også Indre Sogn har no rapportert om grøn spiss, seier Eikemo.

– Oppstarten varierer frå år til år og mellom ulike landsdelar. Eg har vore borti at det har vore grøn spiss allereie i februar, legg han til.

Epleskurv er ei utfordring som kan føre til øydelagde avlingar og økonomisk tap for bonden. Foto: Erling Fløistad
Epleskurv er ei utfordring som kan føre til øydelagde avlingar og økonomisk tap for bonden. Foto: Erling Fløistad

Soppen overvintrar i gamle blad

Dersom det var mykje skurv i fjor, er sjansen stor for at årets eple blir råka av soppen. Soppsmitte som forårsakar skurv kan nemleg ha overvintra på blada som fall ned frå treet i fjor haust. Frå dei skurv-infiserte blada frå i fjor kan soppsporane spreie seg i lufta til den nye veksten på epletre. Det er særleg rundt bløminga sporane spreier seg. Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe dei nye blada før dei faldar seg ut.

– Skurv varierer mykje frå år til år og veret har svært mykje å seie. Desto meir fukt det er, desto meir utfordringar får ein. Og i tillegg spelar mottakelegheita til sortane inn. Det gjer også smittepresset - altså kor mykje smitte som er i det gamle bladverket som ligg på bakken, bekreftar seniorforskar Arne Stensvand ved NIBIO.

Soppsporane dannar seg i dei skurvinfiserte blada frå i fjor og kan spreie seg i lufta til den nye veksten på epletre. Foto: Siri Elise Dybdal
Soppsporane dannar seg i dei skurvinfiserte blada frå i fjor og kan spreie seg i lufta til den nye veksten på epletre. Foto: Siri Elise Dybdal

Praktisk endring

NIBIO har drive med overvaking ved bruk av sporefeller sidan 1980-tallet og følgt med på sporekasting frå tidleg sesong.

– Det gjer at vi har data på når det er behov for beskytte epletrea, forklarar Eikemo.

NIBIO-forskaren seier at det i år er ei praktisk endring i epleskurv-varselet:

– Tidlegare har varslinga hatt to parallelle varsel, men det kan vere ulemper med å ha to modellar som gir svar på same spørsmål. No er varslinga berre basert på RimPro-modellen. Den er veldig bra og vi har brukt den i mange år, forsikrar han.

Forskaren legg til at fordi VIPS-modellen for epleskurv ikkje aktiverast automatisk i år, vil ikona for vêrstasjonane difor bli verande grå på kartet.

 

Lokalt vêr viktig

Angrep av epleskurv og andre skadegjerarar heng altså nøye saman med det lokale vêret. Difor reknar VIPS ut varsla ved hjelp av vêrdata frå eit nett av klimastasjonar.

– Det er førebyggjande sprøyting som er det viktigaste. Kjem det regn i morgon, bør du sprøyte i dag. Det gjer at varslinga er viktig, påpeikar Eikemo.

I april startar VIPS også opp varslingar for gulrotfluge, lita kålfluge og håret engtege.

Fakta om VIPS

VIPS er eit nettbasert verktøy utvikla av NIBIO og NLR som skal hjelpe den norske bonden med å ta gode val for integrert plantevern gjennom vekstsesongen. Her finst varsel om fare for angrep av sjukdomar og skadedyr, og fortløpande informasjon om ulike angrep. Meteorologisk institutt leverer vêrprognosar som blir brukt i modellane.

 

Lenke: https://www.vips-landbruk.no/

Det er grøn spiss på epletre i Ullensvang, Hardanger. Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe dei nye blada før dei faldar seg ut. Foto: Lisa Karine Haugland
Det er grøn spiss på epletre i Ullensvang, Hardanger. Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe dei nye blada før dei faldar seg ut. Foto: Lisa Karine Haugland
VIPS reknar ut varsla for epleskurv ved hjelp av vêrdata frå eit nett av klimastasjonar. Foto: Siri Elise Dybdal
VIPS reknar ut varsla for epleskurv ved hjelp av vêrdata frå eit nett av klimastasjonar. Foto: Siri Elise Dybdal

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.