Utsynet – ei lita statistisk landbruksårbok

GHS-130512-01_cropped.jpg

Byrkjeland i Jondal kommune, på sørsida av Hardangerfjorden i Hordaland. Foto: Geir-Harald Strand.

Ved inngangen til 2017 er dei lange linjene som før: Større og færre bruk. Produksjonsvolumet held seg samla sett stabilt. Økonomien til den enkelte gardbrukar er betra.

I 2015 hadde gjennomsnittsbonden ei årsløn på kr 329 900.  Det er ein auke på 16,2 prosent frå 2014, men framleis vel 100 000 kroner lågare enn industriarbeidaren han ofte blir samanlikna med.

Talet mjølkekyr på landsbasis held fram med å gå ned, mens sau viser positiv utvikling med eit par prosent auke frå 2014 til 2015. Storfe til kjøtproduksjon aukar, medan talet på mjølkekyr går tilbake. Svineproduksjonen er tilnærma stabil.

Slike fakta og mange andre finst i NIBIO-publikasjonen «Utsyn over norsk landbruk» som kjem ut ved kvart årsskifte. Her er nøkkeltal frå ulike statistiske kjelder sett saman for å gi eit overblikk over status og utviklingstrendar i landbruket.

 

Fakta for overblikk   

- Av samla areal i Noreg på 324 mill. dekar, er 3,2 prosent dyrka jord. Frå 2001 til 2015 gjekk jordbruksarealet ned med 6 prosent.

- 900 jordbruksbedrifter gjekk ut av drift frå 2014 til 2015, frå 42 900 til 42 000 driftseiningar. I 1989 var talet 99 400. 

- I 2015 hadde gjennomsnittsbruket 234 dekar jordbruksareal, ein auke på knapt 2 prosent frå året før. I 1999 var talet 147 dekar. I 2015 utgjer leigejord rundt 44 prosent av arealet.

- 52 668 var sysselsette i jord- og skogbruk i 2013. 46 771 av desse var i jordbruket. Nærings- og nytingsmiddeleindustrien sysselsette 53 300 på same tidspunkt.

- Frå 2009 til 2015 auka årsverkinntekta i jordbruket med 48,8 prosent, frå 200 300 til 329 900.

- Talet på mjølkekyr gjekk ned frå 229 600 i 2014 til 228 300 i 2015. I 1980 var talet 391 000.

  • Ei gjennomsnittleg mjølkeku gir ca.1 000 l meir mjølk i 2015 enn for ti år sidan.
  • Samla mjølkeproduksjon var på  ca. 2 mill. tonn i 1980, mot knapt 1,6 mill. tonn i dag.
  • Forbruk av mjølk og meieriprodukt ligg i dag på ca. 65 prosent av 80-talsnivå.
  • Forbruket av konsummjølk er halvert, frå 185 l/innb. i 1980 til 94 l/innb. i dag.
  • Forbruket av ost er gått opp med ca. 50 prosent, frå ca. 12,5 kg/innb. i 1980 til 18,3 i dag.
  • Smørforbruket er gått ned frå 5,7 kg/innb. i 1980 til 3,3 kg/innb. i dag.

- Forbruket av storfekjøt dobla seg frå 1970 til i dag. I 2015 utgjorde det samla vel 100 000 tonn, eller 20 kg per innbyggjar.  

  • Knapt 80 000 tonn var produsert i Noreg. Underdekninga blir dekka av import.
  • Sum forbruk av alle kjøtslag, storfe, sau, svin og fjørfe, var på 359 100 tonn – ny rekord.

- Av ein normalårsproduksjon på 1 mill. tonn norsk korn, går ca. 80 prosent til dyrefôr. Talet vil variere frå år til år, etter vêrtilhøva i vekstsesongen.

- 41 prosent av norsk potetforbruk i 2015 vart importert, tilsvarande 42 mill. tonn. I 2011 var importen 28 prosent.

  • Forbruket av matpotet held fram med å gå ned, medan bearbeida potetprodukt aukar.

- I 2015 utgjorde økologisk jordbruksareal 4,5 prosent av totalt dyrka areal.

  • Frå 2014 til 2015 gjekk talet økologiske bruk ned med 119 bruk, til 2 113. I 2008 dreiv 2 805 bruk økologisk.
  • Regjeringas mål om 15 prosent økologisk jordbruksareal (og husdyrhald) innan 2020 vert svært krevjande å nå slik utviklinga går.
  • I jordbruksavtalen for 2016 vart det sett av 30 mill. kroner til utviklingstiltak for økologisk landbruk.
  • Sal av økologiske matvarer auka med 14,7 prosent frå 2014 til 2015.

- Av landarealet i Noreg er om lag 39 prosent dekt av skog, tilsvarande 125 mill. dekar.  Om lag 83 mill. dekar  er produktivt skogareal.

  • Det vart levert 10,1 mill. m3 tømmer til skogindustrien i 2015, noko som er 390 000 m3 meir enn året før.
  • Brutto salsverdi var 3,4 mrd. kroner, det same som i 2014 – altså betre betalt i 2014.

 

Kven brukar "Utsyn over norsk landbruk"?

Utsynet er retta både mot dei som arbeider med landbruksspørsmål til dagleg, og til dei som meir sporadisk treng eit blikk på hovudtal og –trendar i landbruket. 

Mellom brukarane finn vi departement og forvaltning, ulike rådgjevarar, forskarar, høgskular og universitet.

 

KONTAKTPERSON
Andre fakta

Regjeringa har i sin nasjonale jordvernstrategi sett som mål at innan 2020 skal omdisponering av dyrka jord på landsbasis ikkje vere meir enn 4 000 dekar årleg. 

Mange lover og ordningar påverkar landbruket. Nokre eksempel:

  • Odelslova, konsesjonslova og jordlova regulerer sal og plikter som følgjer landbrukseigedomar.
  • Matlova omfattar forhold knytt til produksjon, bearbeiding og distribusjon av innsatsvarer og næringsmiddel.
  • Dyrevelferdslova regulerer velferd og respekt for pattedyr (her: husdyr), fugl og fisk.

Svine- og fjørfeproduksjon er regulert ved konsesjon

Ku- og geitemjølksproduksjon krev at ein har mjølkekvotar. Dei følgjer eigedomen, men kan og leigast ut eller seljast..

Det er målprisar for mjølk, svinekjøt, korn, eple, poteter og 10 andre grønsakslag. Målprisar er dei prisane jordbruket kan ta ut i marknaden i avtaleperioden, dvs. mellom to jordbruksoppgjer, vanlegvis gjeldande frå 1.7. eit år til 30.6. året etter.

Grunnlaget for jordbruksoppgjeret er å finne i Hovedavtalen for jordbruket.

 

Odelsrett

Odelsrett er den rett som den nærmest ættede person til eieren av en gård har til å overta eiendomsretten til gården. Gården må ha en viss størrelse, og ha vært i familiens eie sammenhengende de siste 20 årene. Odelsretten er en særnorsk rett som ikke finnes tilsvarende i andre vestlige land. – Wikipedia.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

I 2016 utgis «Utsyn over norsk landbruk» for 21. gang, og for andre gang av NIBIO. Fram til 2015 ble «Utsyn over norsk landbruk» gitt ut av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). Etter fusjonen mellom Bioforsk, NILF og Norsk institutt for skog og landskap 1. juli 2015, er det Norsk institutt for bio-økonomi (NIBIO) som utgir Utsyn. Formålet med publikasjonen er å samle en del av den informasjonen som årlig blir publisert innenfor landbruksområdet, fra blant annet Statistisk sentralbyrå, Bud-sjettnemnda for jordbruket og NIBIO. Felles for mye av informasjonen som er samlet i «Utsyn over norsk landbruk», er at den i første rekke er utarbeidet til spesielle formål og rettet mot de institusjoner og personer som arbeider med land-bruksspørsmål til daglig. «Utsyn over norsk landbruk» retter seg mot et bredere publikum; forvaltning, politikere, journalister, studenter, skoleelever og andre med interesse for norsk landbruk. Utsynet vil også være et nyttig oppslagsverk for dem som trenger oppdaterte data og beskrivelser av de viktigste utviklingstrekkene i norsk landbruk. Publikasjonen er utarbeidet ved felles innsats fra en rekke av NIBIOs medarbeidere. Marius Berger, Erik Bøe, Agnar Hegrenes, Oddmund Hjukse, Signe Kårstad, Lars Johan Rustad, Mads Svennerud og Eva Øvren har alle bidratt i arbeidet med årets Utsyn. Heidi Knutsen har vært prosjektleder og redaktør. Siri Fauske har stått for klargjøring av manuskriptet for publisering. Arbeidet med rapporten ble avsluttet i november 2016.