Hopp til hovedinnholdet

Ti fakta om vårteikna

LVETANN5.jpg.oSertLLgMXe1D71hQA0A.8KDqbM1lqR

Humle på løvetann. Foto: Wenche Dramstad

No byrjar vi å sjå antydingar til at våren endeleg er på veg. Frå dei fyrste hestehovane og knoppane på trea, til mindre ønskelege teikn som pollen og brunsniglar i hagen. Her får du nokre spennande fakta om vårteikna.

1. Hestehoven

Det gule bustete hovudet på ein hestehov som kikar fram i ein grøftekant er gjerne til glede for mange av oss rundt om i landet. Denne planta veks på dei fleste stadar i Noreg og heilt opp til 1400 m.o.h. i Ullensvang i Hordaland, men er meir sjeldan i ytre kyststrøk på Vestlandet nord for Rogaland.

Slektsnamnet til hestehoven er Tussilago, som kjem av orda tussi = hoste, og agere = drive bort. Planta blei nemleg tradisjonelt brukt mot hoste. Faktisk har hestehov som urtete vore brukt som hostemiddel i meir enn 2500 år, og blada er òg blitt røykte for å lette andedrettet. I folkemedisinen er blada blitt brukt på sår og svulster.

Sjølv om hestehoven representerer starten på våren for mange av oss, betyr han for bøndene ofte starten på ugraslukinga. Hestehov er nemleg eit ugras i eng, beite og i alle slags kulturar med ei lang rot. Planta er lettast å luke no i desse tider fordi ho enno ikkje har særleg lange røter og fordi jorda er fuktig. Det er best å fjerne heile rota, for då kjem ho ikkje opp att. Til luking og hakking kan du bruke løvetannstikke.

Hestehov kjem opp av grusen. Foto: Camilla Baumann
Hestehov kjem opp av grusen. Foto: Camilla Baumann

2. Lerka jublar høgt i sky

Dei første trekkfuglane er tilbake, og songlerka si jublande røyst kan atter høyrast over mangt eit åkerlandskap. I dei sørlege landsdelane kom songlerka tilbake allereie i februar–mars, mens  i Troms og Finnmark er ho tilbake først i april.

Men mange av fugleartane i jordbrukslandskapet slit, og fleire bestandar har gått kraftig tilbake. Forskar Christian Pedersen ved NIBIO fortel at data frå overvaking («Tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap») som har vore i gong sidan 1998, viser ein tydeleg tilbakegang for artar som gulsporv, songlerke, storspove, vipe og buskskvett.

Mange av fugleartane i jordbrukslandskapet er trekkfuglar, men det er i Noreg dei formeirar seg.

– Vi har funne god samanheng mellom det varierte, heterogene jordbrukslandskapet og talet på hekkande fugleartar, fortel Pedersen.

– Som eit lite jordbruksland kan Noreg tilby eit landskap som bufrar mykje av det som skjer elles i Europa. EU set no inn massive tiltak for å styrke sine fuglebestandar. I påvente av at desse får effekt, har Noreg og våre nordiske naboland ei viktig rolle å spele.

I fleire europeiske land har ein byrja å etablere små flekkar i kornåkeren som ikkje vert sådd - såkalla «lerkeruter». Her kan songlerka byggje reir og søkje næring utan å bli forstyrra av jordbruksmaskiner. Forskarar ved Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU) i Uppsala har nyleg vist at talet på songlerker i åker med lerkeruter har auka med opptil 60 %.

Sanglerka jubler høyt i sky. Foto: Foto: Marton Berntsen [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/ licenses/by-sa/4.0)].
Sanglerka jubler høyt i sky. Foto: Foto: Marton Berntsen [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/ licenses/by-sa/4.0)].

3. Brunsniglen

Aukande handel over landegrensene dei siste 100–150 åra har gjeve oss ein del framande artar som har kome for å bli. Brunskogsnigelen, òg kjend som brunsnigel, er no ei velkjend plage for mange hageeigarar. Denne invaderande snigelen legg egg om hausten, og lever ikkje meir enn eitt år. Det vil seie at dei aller fleste overvintrar som heilt små nyklekte snigleborn. Ikkje alle er klare over at desse lett kan forvekslast med andre sniglar. Dei minste sniglane er lyse, med mørkare brune striper.

Forskar Bjørn Arild Hatteland ved NIBIO har studert korleis brunskogsniglane overlever vinteren i over 10 år. Sjølv om nokre sniglar døyr når vinteren er lang og kald, er det ganske mange som overlever, seier han.

– Når du oppdagar at komposthaugen, eller det fuktige hjørnet av hagen, er fullt av små sniglar som ikkje liknar dei store som var der i fjor, er det altså ingen grunn til å vente og sjå om dette er søte små uskuldige nykommarar. Dei blir snart større, og då vil du kjenne dei att. Fjern dei med ein gong, rådar han.

– Framleis vil mange unge sniglar kome fram i samla tropp der eggene vart lagde i fjor. Då er det lett å samle mange på ein gong. Små sniglar kan vere vanskelege å dele. Det enklaste er å samle dei opp i ei bøtte, og avlive dei med kokande vatn.

Det biologiske middelet Nemaslug verkar òg best mot brunskogsneglane når dei er små.

Ung brunskogsnegle. Foto: Erling Fløistad
Ung brunskogsnegle. Foto: Erling Fløistad

4. Hagearbeid og ugras

Det er god grunn til å ta ei økt i hagen mellom påskeegg og sjokolade-eting. Særleg er luking av ugras ein god påskeaktivitet. Ugraset er ikkje stort på denne tida, men det ugraset som har overvintra er lettare å luke no fordi det sit lausare med ein gong snøen forsvinn. Gjer du ein grundig og regelmessig jobb dei neste vekene, blir det vanskelegare å slå rot for ugras som formar seg frå frø (frøugras).

NIBIO-forskar Wiktoria Kaczmarek-Derda anbefaler òg å bruke varmt vatn på små område med grus eller liknande, som skal vere utan planter, som tiltak mot ugras.

– På desse stadene kan du helle ut kokande varmt vatn frå ei kanne. Det kan ha god effekt på eittårige ugras - dei som spirer frå frø og døyr om hausten. Metoden kan òg ha god effekt på unge, ikkje godt etablerte fleirårige arter. Om ein gjentar dette eit par gonger i løpet av sesongen vil det bidra til å halde desse områda «reine» utan planter, seier ho.

Ifølgje forskaren bør du òg raka blad og fjerne visne staudar frå bed og kantar slik at organisk materiale ikkje samlar seg og seinare blir grobotn for ugrasfrø.

Hageredskap. Foto: Lars Sandved Dalen
Hageredskap. Foto: Lars Sandved Dalen

5. Våronna

Våronna er arbeidet som blir gjort av bonden på jorda når ein ny vekstsesong skal starte. Mange arbeidsoperasjonar må utførast på kort tid for å lage eit godt såbed. For at plantene skal få så lang vekstsesong som mogleg, og eit større avlingspotensial, er det viktig å starte våronna så tidleg som mogleg når jorda er klar for jordarbeid. Våronna utgjer ei kritisk fase i dyrkinga av vårkorn. Tidleg såing gjev lengre vekstsesong, men jordstrukturen er ekstra sårbar ved kombinasjonen av fuktig jord og tunge maskiner.

Forsking viser at bøndene i åra som kjem må rekne med at meir og meir intens nedbør vil skape utfordringar for jordbruket. Krevjande forhold kjem år om anna, og då kan det vere lurt å ha nokre alternativ. Til dømes når det er for vått og jorda ikkje tørkar opp, eller når det er utsikter til mykje nedbør, og ein derfor må gjennomføre arbeidet på kortare tid. Altså ein effektivisering, gjerne med utradisjonelle løysingar, seier NIBIO-forskar Randi Berland Frøseth.

Ved NIBIO har forskarar undersøkt korleis ein kan handtere dette dilemmaet på ein best mogleg måte. Mellom anna har dei testa ut fangvekstar og redusert jordarbeid. Fangvekstane har som oppgåve å hindre tap av næringsstoff til vatn og luft frå jorda og  kan vere eit godt og bidrag for å ta vare på jordstrukturen. Med varmare vintrar og meir intens nedbør er dette ein viktig klimatilpassingsstrategi.

Våronn. Foto: Karine Bogsti
Våronn. Foto: Karine Bogsti

6. Bjørnen søv ikkje lenger

I Norge forlèt bjørnen hiet i april eller mai, alt etter temperaturen. Då vandrar han ut i skog og mark for å leite etter føde. I Sør-Skandinavia er 14. april gjennomsnittsdatoen for å forlate hiet, ifølgje Store Norske Leksikon. I nord er bjørnen litt seinare ute. Bjørnungane blir fødde i januar-februar. Om våren et bjørnen mykje maur, fjorårets bær og åtsel, til dømes frå rein og elg. Bjørnen kan òg jakte på elg, om høvet byr seg, men då er han avhengig av skaresnø.

Den norske brunbjørn-bestanden veks sakte, men sikkert. Likevel er det ein god veg att til Stortinget sitt mål om 13 ynglingar kvart år. I 2021 vart det påvist 160 bjørnar i Norge – det høgaste talet sidan 2010.

NIBIO Svanhovd i Pasvikdalen har i mange år vore er eit viktig fagmiljø når det gjeld forsking på brunbjørn i Noreg. I årevis har dei mellom anna analysert prøvar av bjørnebæsj og bjørnehår frå heile landet for å påvise nærvære av bjørn og tal på individ i områder av ulike størrelse. Dei siste 20 åra har bruk av hårfeller vist seg å vere spesielt effektivt i systematisk innsamling av prøver.

Kvar hårfelle består av ca. 30 m piggtråd som blir surra rundt nærliggande tre, ca. 40 cm over bakkenivå, for å lage eit innringa område på 5 x 5 m. I midten blir det laga ein liten haug av kvister, mose og torv der det blir påført 1,5 liter av eit luktstoff -  ei blanding av fiskeavfall og blod av storfe som har fermentert i fleire månader frem til den blir til en tyntflytande væske. Bjørnen etterlet seg hår på piggtrådknutane når den går over eller under tråden for å undersøke luktstoffet. Etter fire veker blir alle fellene flytta til ein ny lokasjon innanfor same geografiske rute, sidan det er vist at dette aukar sannsynet for å oppdage fleire bjørnar.

Brunbjørn. Foto: Alexander Kopatz
Brunbjørn. Foto: Alexander Kopatz

7. Trea vaknar til liv

Det er vår – og fotosyntesen er i full gang. Det sprett og skyt og blomstrar rundt oss. No kjem alle trea i tett rekkjefylgje. Nokre treslag starta tidleg, andre er på gang no. Nokre av dei første treslaga som blomstrar om våren er hassel, or og selje. Deretter sprett lauvet hos bjørk og mange andre. Dei første blomstrande trea er særleg viktige for pollinerande insekt og biologisk mangfald. Men kva er det som styrer blomstring og knoppsprett om våren?

For å bryte vinterkvila hjå trea må knoppane først utsettast for dagar eller månader med låg temperatur. Dette kan gjerne vere temperaturar frå 0 til 8 grader. Frost er eigentleg ikkje naudsynt. For dei fleste trea og buskane er det ein bestemt daglengd som gir signal om at det skal lagast vinterknoppar og veksten skal avsluttast på hausten. På same måte blir kvilen brutt når våren set inn. Når temperatur, lys og fuktigheit er gunstige, vil knoppane bryte. På denne tida er det mogleg å drive fram bjørkelauv inne. Hadde vi forsøkt det same når bjørkeknoppene var i kvile før juletider, ville vi ikkje fått eit einaste grønt blad.

For dei artane som blomstrar tidlegast om våren vil blomsterknoppane starte å vekse ved lågare temperatur enn dei knoppane som inneheld bladanlegga, og vi får vakre blomster på bar kvist. Svartor og gråor er, saman med hassel, døme på treslag som blomstrar på bar kvist om våren. 

Nyutsprunget bjørk. Foto: Lars Sandved Dalen
Nyutsprunget bjørk. Foto: Lars Sandved Dalen

8. Humledronning ute på tur

– Når humledronningane vaknar om våren, er deira første oppgåve å byggje opp att reservane dei har mist gjennom vinteren. Deretter vil dei byrje å leite etter ein passande bolplass, seier landskapsøkolog Wenche Dramstad ved NIBIO.

Dei første humlene byrjar å røre på seg når det blir litt varme i bakken. Den dagen selja byrjar å blomstre, er dei første humledronningane garantert like rundt hjørnet. Tidleg om våren ser ein ofte humlene fly omkring lågt over bakken. Då er bustadleitinga verkeleg i gang. Dronningane sjekkar ut ulike holrom, kanskje i ei vegg eller ein grastust, for å sjå kor det kan vere mogleg å slå seg ned.

Dramstad har leia eit spanande folkeforskingsprosjekt som omfattar både humler og flaggermus. Som ein del av prosjektet blei fleire hundre humle- og flaggermuskasser satt ut av NIBIO-tilsette over heile landet, med mål om å skaffe meir kunnskap om artane, utbreiing og åtferd i forhold til kasser.

– No er det snart på tide å setje dei ut att, seier ho.

 – Vi veit at humlene også orienterer seg etter landemerke. Difor er det ikkje så smart å setje humlekassa midt ute på ein grasplen. Sett heller kassa nær eit landemerke som humlene kan kjenne att, til dømes ein stor stein, eit tre, eller eit gjerde. Mangel på eigna bol-plassar kan vere ein av årsakene til at humlene slit mange stader. Det er ein av grunnane til at NIBIO ønskte å plassere ut humlekasser. Dette skulle vere kasser som humledronningane let seg freiste av, og som var godt eigna for å utvikle store og livskraftige bol.

Humle på selje. Foto: Lars Sandved Dalen
Humle på selje. Foto: Lars Sandved Dalen

9. Pollenallergi

Mange av oss synes det er kjekt med vår. Vi nyt vårsola, men blant dei med pollenallergi er det nok mange som sit inne og ønskjer seg regn. Pollensesongen kan delast inn i tre perioder: Først kjem våren når lauvtrea blomstrar. Deretter kjem sommeren med graspollen. Til slutt kjem seinsommaren og hausten, som er burotsesongen.

Hassel, or og selje er blant dei første treslaga som blomstrar om våren. Dei små seljeblomstrane gir mykje god nektar til sommarfuglar, humler og bier. Bjørk er utbreidd i ulike former over heile landet, og bjørkepollen spreiast med vinden over store område. Bjørka blomstrar vanlegvis i overgangen april-mai i sør, og nokre veker seinare lenger nord og i fjellet. Den spreier store mengder pollen, og gir difor store allergiplager og er den tresorten som flest i Noreg er allergisk mot.

Vi har tre artar av bjørk i Noreg: vanleg bjørk, hengebjørk og dvergbjørk. Desse kryssar seg med kvarandre, noko som gjer at det av og til kan vere vanskeleg å trekke tydelege grenser mellom artane. Bjørka produserer store mengder pollen og frø som spreiast over store avstandar. Dette fører til spreiing av nye genetiske variantar over eit stort område.

 Pollen frå gran og furu er og spreidd med vinden, men gjev ikkje allergen og difor ikkje andre allergireaksjonar enn irritasjon i luftvegane på same måte som anna støv.

Hasselrakler. Foto: Elling Mjaavatten
Hasselrakler. Foto: Elling Mjaavatten

10. Våren kjem tidlegare

Klimaendringane har også ført til endringar når det gjeld vårteikn. Forskar Paul Eric Aspholm ved NIBIO Svandhovd i Finnmark fortel at fenologien – vitskapen om korleis klimaet påverkar dei periodiske forandringane hos plantar og dyr – viser dette i vårt nordlegaste fylke:

- I år har vi sett tidlegare vårteikn enn det som vanleg. Gråspurven byggjer reir, kjøttmeisa har byrja paringsspelet og gåsungane på gråvieren har sprunge for 14 dagar sidan. Dette skjer vanlegvis etter midten av april. Så vi ser at ting skjer meir enn seks veker før det som har vore vanleg dei siste tiåra, seier Aspholm.

Han seier det er klimaendringane som er grunnen til tidlegare vår.

- Vi hadde ein lang varm periode, tre veker med rundt null grader og pluss grader, på eit tidspunkt vi vanlegvis ikkje har det. Det kan kanskje skje at vi har ei veke eller ti dagar med mildare vêr, men tre veker med varme er ikkje vanleg. Det gjer at naturen responderer. Dette er ein trend som har gått føre seg over lang tid. Alle vårteikn og haustteikn har forandra tidspunkta, fortel forskaren.

Fenologi blir brukt som ein metode for å sjå når ting skjer i naturen.

- Det er ein gammal metode som har vorte brukt til å registrera når det blir knoppar, når dei opnar seg og avblomstrar, når bær blir modne, overmodne og når dvaletilstanden trer inn.

- Metoden er brukt i avlsutvikling og sortsutvikling. Dei eldste seriane med langtids, fenologiske data har me frå den kinesiske keisarens kirsebærtre. Dette er nesten 2000 år gamle tidsseriar. Carl von Linné gjorde fenologien til ein meir systematisk metode.  Fenologi er i dag brukt i heile verda for å sjå når ting skjer, og for å laga avlsmateriale.

Aspholm seier at vi ser slike fenologiske endringar som i Finnmark dei aller fleste stadene på kloden.

- Ting endrar seg i ulik grad. Mange blandar likevel klima og meteorologi.  Ein varmeperiode er meteorologisk. I meteorologien er det ein periode på 30 år  som set normalen.

Aspholm fortel at også vekstperioden på bjørk har endra seg på grunn av klima.

- Frå 1980 til 2000 blei vekstsesongen nesten to veker lengre. Veksten starta opp ei veke til ti dagar tidlegare, og fortsatte ei veke lenger på hausten. 

NIBIO-forskaren påpeikar at fenologi er folkeforsking – og noko vi alle kan delta i:

- Informasjonen frå folk flest gir kunnskap inn i det store biletet. Det er fleire slike prosjekt på gang - frå fugl til første myggstikk. Det er eit godt høve for folk til å bli med.

- No går vi inn i den neste samiske årstida – den tidlege våren. Det samiske årshjulet har åtte årstider. Koplinga til den tradisjonelle kunnskapen til folkegrupper er veldig viktig. Folk har vore opptekne av dette tidlegare – ta til dømes primstaven. Den seier at bjørnen går ut av hiet 14 april. Men med klimaendringane byrjar alle desse tidspunkta å forandra seg, avsluttar Aspholm.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.