Hopp til hovedinnholdet

Slik kan bønder unngå at plantevernmiddel når grunnvatnet

IMG_6769_cropped

Forskar Roger Holten og senioringeniør Randi Bolli ved NIBIO fortel at det samla bilete viser at risikoen for utlekking mange stader er betydeleg. Foto Siri Elise Dybdal

Bønder har i dag liten moglegheit til å vurdere risikoen for utlekking av plantevernmiddel til grunnvatn. No har NIBIO utvikla eit oppdatert verktøy med risikotabellar som skal hjelpe bøndene til å ta betre miljøval.

Når vi sprøyter åkeren, kan plantevernmidla ofte hamne der vi ikkje vil ha dei. Midlar som bind seg til jordpartiklar kan lett bli skylt bort med overflatevatn og hamne i bekkar og grøfter, særleg når det kjem kraftig regn rett etter sprøyting. Andre middel løyser seg godt i vatn og trekker nedover i jorda – i verste fall heilt ned til grunnvatnet og brønnane våre. Kor stor risikoen er, varierer med både jordtype og klima.

For å gjere det enklare å velje tryggare alternativ, har NIBIO på oppdrag frå Landbruksdirektoratet utvikla tabellar som viser risikoen for utlekking av ulike plantevernmiddel under forskjellige  jord- og klimaforhold. Tabellane dekker no alle middel som våren 2024 var godkjende i potet, gulrot, korn (haust- og vårkorn), haustraps, eple og jordbær. Dei viser berekna risiko for utlekking i dei viktigaste jordtypane i norske dyrkingsområde.

Målet er at bøndene ved hjelp av tabellane kan finne det mest miljøvennlege alternativet blant dei plantevernmidla som er aktuelle å bruke i kvar kultur.

Forskar Roger Holten og senioringeniør Randi Bolli ved NIBIO fortel at mykje av den totale avrenninga frå landbruket kjem gjennom drenssystemet, som ofte ligg på ein meters djup. Foto Siri Elise Dybdal
Forskar Roger Holten og senioringeniør Randi Bolli ved NIBIO fortel at mykje av den totale avrenninga frå landbruket kjem gjennom drenssystemet, som ofte ligg på ein meters djup. Foto Siri Elise Dybdal

 

Kan sjekke for risiko

– Bakgrunnen for arbeidet er at bønder i liten grad har moglegheit til å vurdere risikoen for utlekking til grunnvatn. Det finst også få tilgjengelege tiltak for å hindre slik utlekking, utover vegetasjonssoner og sprøytefrie soner mot overflatevatn, seier Roger Holten, forskar ved NIBIO.

– Grunnvatn kan liggje fleire meter under åkeren, og uavhengig av om ein sprøyter eller ikkje, er det nyttig med eit verktøy der bonden kan sjekke om eit middel utgjer ein risiko for utlekking – og om det finst meir miljøvennlege alternativ, påpeikar han.

Holten fortel at dei første risikotabellane kom i 2022, men at forskarane sidan har oppdatert materialet.

– Tidlegare hadde vi resultat for berre fem av ti jordtypar ned på 2m djup og for korn og potet. Så fekk vi innspel om at det ville vere nyttig med resultat på 1m djup, som også er vanleg drensdjup, samt å legge til fleire av dei store kulturane. Difor køyrde vi alt på nytt i modellane og inkluderte i tillegg gulrot, raps, eple og jordbær. Vi har også fått statistiske analyser av data. Det betyr sikrare konklusjonar og ei meir komplett vurdering. Så alt i alt har vi eit betre datagrunnlag til å seie noko om kombinasjonar av jord, klima og plantevernmiddelbruk.

Holten fortel at det er variasjonar i sprøytetidspunkt rundt om i landet og at dette også er lagt inn i analysane.

NIBIO har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet utvikla tabellar som viser risikoen for utlekking av ulike plantevernmiddel under forskjellige  jord- og klimaforhold. Foto: Siri Elise Dybdal
NIBIO har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet utvikla tabellar som viser risikoen for utlekking av ulike plantevernmiddel under forskjellige jord- og klimaforhold. Foto: Siri Elise Dybdal

 

Representative område

For å vurdere risikoen for utlekking av plantevernmiddel, har forskarane valt ut jordtypar som er representative for dei store jordbruksområda i Noreg, det vil seie Sørlandet, Austlandet, Trøndelag og Søraustlandet. Det er òg her bruken av plantevernmiddel er størst. Dei har også brukt klimadata frå desse områda.

– I staden for å gjere feltforsøk overalt, noko som er umogleg i praksis, er det brukt datamodellar. Desse modellane er mykje brukte både i Noreg og i EU når styresmaktene skal gjere risikovurderingar, mellom anna av Mattilsynet. Metoden har vore nytta i mange år, og gir ei god generell vurdering av faren for at plantevernmiddel kan lekke ut i vatn, forklarer Holten.

Ein viktig grenseverdi som styresmaktene forheld seg til, er 0,1 mikrogram plantevernmiddel per liter grunnvatn.

– Dette er ein felles EU-grense, sett av politiske grunnar, fordi grunnvatn mange stader blir brukt som drikkevatn. Grensa er derfor lagt svært lågt, og alt over dette blir rekna som høg risiko, seier NIBIO-forskaren.

Når vi sprøyter åkeren, kan plantevernmidla ofte hamne der vi ikkje vil ha dei som i bekkar og grøfter, eller trekke nedover i jorda – i verste fall heilt ned til grunnvatnet og brønnane våre. Foto: Ove Bergersen
Når vi sprøyter åkeren, kan plantevernmidla ofte hamne der vi ikkje vil ha dei som i bekkar og grøfter, eller trekke nedover i jorda – i verste fall heilt ned til grunnvatnet og brønnane våre. Foto: Ove Bergersen

 

Betydeleg risiko

I arbeidet har det vist seg at mange ugrasmiddel kan vere problematiske, opplyser Holten. Både fordi dei blir brukte mest og fordi det finst mange ulike middel godkjende.

– Samstundes gir det bøndene eit handlingsrom: det er ofte mogleg å byte til eit meir miljøvennleg middel. Risikoen varierer òg frå landsdel til landsdel. Eit middel som er uproblematisk under visse jord- og klimaforhold, kan gi høg risiko i eit anna område – for eksempel i Trøndelag, der kombinasjonen av jordtype og klima kan gjere lekkasjen større, påpeiker han.

Det samla bilete viser likevel at risikoen mange stader er betydeleg, seier NIBIO-forskaren.

– Risikokarta som er laga, inneheld mykje oransje farge, som betyr høg risiko. Samstundes må resultata lesast som ei indikasjon, ikkje som «ei lov». Bøndene står fritt til å bruke resultata i sine val, men dei kan ha nytte av å bruke dei aktivt for å velje dei tryggaste løysingane, meiner han.

– Planen er at tabellane og karta skal oppdaterast kvart år, ettersom plantevernmiddel stadig blir godkjende eller tekne ut av marknaden, avsluttar Holten.

Utlekking av plantevernmidler til grunnvann og drensvann under norske forhold
Grunnvatn kan liggje fleire meter under åkeren, og uavhengig av om ein sprøyter eller ikkje, er det nyttig med eit verktøy der bonden kan sjekke om eit middel utgjer ein risiko for utlekking – og om det finst meir miljøvennlege alternativ seier Roger Holten og Randi Bolli frå NIBIO. Foto: Siri Elise Dybdal
Grunnvatn kan liggje fleire meter under åkeren, og uavhengig av om ein sprøyter eller ikkje, er det nyttig med eit verktøy der bonden kan sjekke om eit middel utgjer ein risiko for utlekking – og om det finst meir miljøvennlege alternativ seier Roger Holten og Randi Bolli frå NIBIO. Foto: Siri Elise Dybdal
heul_20240506-DSC02260.jpg
Fram til no har bønder i Noreg mangla gode verktøy for å kunne vurdere om plantevernmidla dei bruker kan transporterast nedover i jordsmonnet. Foto: Hege Ulfeng

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.