Omgraving av dyrka myrjord løyser fleire problem på ein gong
Omgraving av myrareal. Foto: Synnøve Rivedal
Dei siste fem åra har det vore forbode å dyrka myr, men korleis skal me best behandla den myrjorda som allereie er dyrka opp? NIBIO har fleire gode råd til bønder som dyrkar mat- og fôrvekstar på myrjord.
På starten av 1900-talet var det få som tenkte på å verna om myra. Myra var ein ressurs for mat- og torvproduksjon. Det norske myrselskap vart stifta i 1902 for å leggja til rette for drenering, nydyrking og anna næringsutnytting av myr. Resultatet vart ei storstilt oppdyrking som er ei viktig årsak til at om lag seks prosent av dagens jordbruksareal i Noreg er myrjord.

Utfordringar med myrjord
For å kunna dyrka på myrjord, også kalla torvjord, må vatnet drenerast ut. Dette har alltid vore ei utfordring for jordbruket. Den tradisjonelle dreneringsmetoden har vore røyrgrøfting der ein grev grøftar og legg ned røyr i myra. I tillegg har ein greve opne eller lukka kanalar for å leia vatnet vekk frå myrarealet. På mykje av arealet er det no trong for ny drenering.
Samson Øpstad har arbeidt med forsking på torvjord hjå NIBIO i fleire tiår. I samarbeid med fleire andre, har han samla inn erfaringar med jordbruksdrift på oppdyrka myr. Han fortel at utfordringane bonden får med myrjorda, er påverka av kor omdanna den er. Lite omdanna torvjord har framleis mykje planterestar att og mange store porer. Sterkt omdanna torvjord har ingen synlege planterestar att. Massen er grautaktig og held sterkt på vatn.
– Der myrjorda er lite omdanna, vil det vera stor myrsynking dei fyrste åra etter drenering grunna mindre vatn. Torvjorda vert gradvis mineralsert, og det vert frigjeve CO2, forklarar Øpstad.
– På sterkt omdanna torvjord, er problemet at jorda er svært tett. Slik torvjord er vanskeleg å få drenert godt nok, då torvmassen har stor vasshaldingsevne og lite drenerbart porevolum. Det fører til dårleg plantevekst. Sterkt omdanna torvjord er vanlegast langs kysten der det er mykje nedbør. Når det regnar mykje, har slik jord svært dårleg bereevne. Jorda er utsett for pakkingsskade, og i verste fall kan maskinene søkke nedi og setta seg fast.

Omgraving, ei løysing med fleire fordelar
Når myrjord skal drenerast opp att kan omgraving vera ein aktuell metode. Ved omgraving vert mineraljorda under torva lagt oppå torvlaget. Metoden er mest aktuell når torva er mindre enn 1,5 meter djup. I tillegg vert det ofte lagt skråstilte drenerande lag gjennom torvlaget som betrar dreneringa.
– Ved omgraving vert mineraljorda under torva lagt oppå torvlaget slik at jorda vert meir køyresterk. Eit tjukt nok lag med eigna mineralmasse over torva, kan redusera utsleppet av klimagassar, fortel Øpstad.
– På myrjord har ein dessutan ofte eit tett og hardt sjikt (aurhelle) mellom torv og mineraljord, og/eller i den øvre delen av den underliggjande mineralmassen. Slike sjikt gjer at vasstransporten nedover i jorda stansar heilt opp. Omgravinga bryt opp aurhellesjikta. Etter omgraving vert det mogleg å køyra på arealet kort tid etter nedbør, avlingane aukar, og det vert råd å hausta kvart år, noko som ofte er vanskeleg på dårleg drenerte myrjord.

Når omgraving åleine ikkje er nok
For at omgravinga skal verta vellukka, må mineraljorda under torva vera eigna. Grov sand og grusjord gjev god drenering, men gjer og at jorda tørkar ut i periodar med lite nedbør.
– Då kan det vera aktuelt å blanda litt torv inn i mineraljorda på toppen for at den skal halda betre på vatnet. Ei anna moglegheit er å nytta spavending, som er å blanda mineraljorda som er gravd opp frå undergrunnen med noko av torvjorda. Det meste av torvmassen vert framleis plassert under mineraljorda. I slike tilfelle trengst vanlegvis ikkje skråstilte lag med mineralmasse for å betra dreneringa. Spavending er ein vanleg nytta metode, mellom anna i Hedmark, der mineralmassen er dominert av sand, og der torvjorda gjerne har moderat omdanningsgrad.
– Dersom det er finare og tettare mineraljord under torvlaget, kan dreneringa verta for dårleg også etter omgraving. I slike høve er ein kombinasjon av profilering og omgraving ei mogleg løysing. Arealet vert forma slik at det er høgast langs midten. Då kan meir av regnvatnet renna av på overflata. Dersom dette ikkje er nok, kan det verta aktuelt å leggja ein del røyrgrøfter i tillegg, utdjupar Øpstad.
Dersom det ikkje er mineraljord under torvlaget, eller at torvlaget er for tjukt til at det løner seg med omgraving, er det eit alternativ å køyra på mineraljord frå ein annan stad. Ein bør leggja på minst ein halv meter med mineraljord, noko som medfører flytting av store massar. Ein er avhengig av at det er eigna mineraljordmassar i nærleiken av myrarealet for at ikkje transportkostnaden skal verta for høg.

Omgraving og lønsemd
Seniorrådgjevar i NIBIO, Torbjørn Haukås, har rekna på lønsemda for drenering av dyrka myr ved å analysera tilskotssøknader til Landbruksdirektoratet. Saman med Bjørn Gunnar Hansen i Tine, har han i tillegg intervjua bønder, entreprenørar og rådgjevarar.
Jo fleire tiltak ein må nytta for å få god drenering, jo meir krevjande vert det å få lønsemd.
– Kostnaden vil variera mykje etter djupna på torva, om det er mykje stein og røter i massane, og om ein treng å profilera arealet. I følgje informantar vil omgraving kosta mellom 15 000 og 25 000 kroner per dekar (1000 m2), men ein har døme på både lågare og høgare kostnadar. Dersom ein må køyra inn mineraljord frå eit anna areal, vert det enno dyrare, seier Haukås.
– For å få lønsemd i omgravingsprosjekt, er ein avhengig av ein monaleg avlingsauke saman med godt utført arbeid slik at dreneringa får lang levetid. Me har døme på omgraving frå 1970-talet som framleis fungerer fint. Dersom arealet gjev nokolunde avlingar utan ny drenering, vil det ikkje løna seg med omgraving, understrekar Haukås.
Trivsel i arbeidskvardagen er og viktig
Men det er ikkje berre lønsemd som avgjer om bønder vel å grava om myrareal. Dårleg bereevne, djupe køyrespor og jord i fôret, skapar problem i gardsdrifta og frustrasjon i kvardagen.
– Fleirtalet av informantane i prosjektet vårt, oppgav betre køyreevne på areala som viktigaste grunn til omgraving. Lønsemd var altså ikkje viktigaste motivasjon. Fleire svarte og at dei har fått betre trivsel i arbeidsdagen etter vellukka omgraving, avsluttar Haukås.
KONTAKTPERSON


KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.