Hopp til hovedinnholdet

Store kunnskapshol om norsk myr

MYR-1-20230619_103831

Frå eit forskingssamarbeid på myr på Smøla mellom NIBIO, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Oslo (UiO). Her er Inger Auestad og Catharina Vloon frå HVL, Adam Eindride Naas frå UIO og Robert Barneveld frå NIBIO. Foto: Simon Weldon, NIBIO

Gjennom historia har myrane vore viktige på svært mange område, men det er framleis mykje vi ikkje veit om denne landskapstypen. Det ønskjer NIBIO-forskarar å gjere noko med.

Heilt sidan romersk jarnalder har det vore drive utvinning av jarnmalm frå myrane våre. Frå myrane har vi henta torv til brenne og jordforbetring, i tillegg har vi kultivert og drenert myrar for å skaffe meir areal til jord- og skogbruk, vegar og bygningar. Myrane er eigne økosystem som leverer ei rekkje økosystemtenester og lagrar store mengder karbon. Dei fungerer som svampar og tar opp og held på vatn i landskapet. Følgjeleg er myr ein viktig naturtype som vi burde ha særs god oversikt over. Men slik er det ikkje.

– Vi treng langt meir presise data med mykje mindre uvisse. For å få til det treng vi ei langvarig satsing på tvers av disiplinar, land og regionar. Forvaltning av myr, uansett om det er med omsyn på klima, mat eller andre perspektiv, må baserast på gode data. Utan å vite kvar vi har myr, kva tilstand dei er i og korleis myrane fungerer kan vi risikere å ta feilaktige avgjerder, fortel NIBIO-forskar Simon Weldon.

Måling av utslepp og opptak av drivhusgassar på kultivert myr, som her på Smøla, er ein møysommeleg prosess om ein vil ha pålitelege data. Foto: Simon Weldon, NIBIO
Måling av utslepp og opptak av drivhusgassar på kultivert myr, som her på Smøla, er ein møysommeleg prosess om ein vil ha pålitelege data. Foto: Simon Weldon, NIBIO

Nøyaktige data for klimagassar

Myrane inneheld store mengder karbon. Metan og lystgass frå høvesvis intakte og kultiverte (drenerte) myrar er svært potente klimagassar.

– Karbonutslepp frå drenerte eller øydelagde myrområde står for  store drivhusgassutslepp, fortel Weldon.

– Dette er viktige data som inngår i rapporteringar, men både nasjonale og globale tal for desse utsleppa baserer seg på avgrensa data. I ein ny artikkel kjem det fram at Noreg er eit av dei landa i verda som er underrepresentert når det gjeld målingar av myranes funksjon som kjelde til utslepp og opptak av drivhusgassar.

– Mykje av oversikta vi har over myrareal er henta frå fjernmålingsverktøy og algoritmar for tolking av data frå satellitt- og flybilete. No treng vi meir nøyaktig kartlegging. Det kan delvis skje ved hjelp av avstandsmåling på ein finare skala, men dette er ikkje nok. Forskarane må også ut i felten og gjere fysiske målingar og observasjonar for å auke kunnskapen. Kartlegginga vil heller ikkje vere endeleg; ho må halde fram kontinuerleg. Det er viktig at vi fangar opp og tolkar dei endringane som skjer, held Weldon fram.

 

Mykje vi framleis ikkje veit

Kartlegging av myrar ligg på mange måtar i NIBIO sine gen. Allereie i 1902 blei Det norske myrselskap stifta. Selskapet blei seinare ein del av Jordforsk, Bioforsk og etter kvart NIBIO. Hensikta den gong var å utnytte det potensialet myrane hadde som ressurs, mellom anna for å skaffe ny dyrkingsjord for å bremse den kraftige utvandringa til Amerika. Seinare fokuserte selskapet meir på jordvern, registrering av landskapstypar og beite. Framleis er data frå myrselskapet viktig.

– Myrområde har blitt brukt ekstensivt i Noreg, fortel Weldon.

– Store myrareal har blitt kultiverte eller nedbygt. Vi har ikkje presise data som fortel om dei reelle konsekvensane av slike inngrep, men det blir antatt at dette har gitt store karbonutslepp. Det er og usikkerheit omkring jordbunden karbon i skogsområde som tidlegare var myr. Finnes det noko utslepp av klimagassar her, eller held skogen like godt på karbonet? Kor mykje myr kan vi eigenleg mista, og korleis påverkar klimaendringane myrane? Slike spørsmål kan vi ikkje svare på utelukkande ved hjelp av data frå fjernmåling, held Weldon fram.

 

Målingar over tid

Kjetil Fadnes er senioringeniør i NIBIO. Også han understrekar viktigheita av å samle og samanlikne gode data.

– Dei gamle målingane frå Det norske myrselskap gir oss ei unik mogelegheit til å etablere eigne tidsseriar som kan bidra til å gi oss svar på desse spørsmåla, fortel Fadnes.

I dag er nedbygging av myrar ein stor trugsel mot biomangfold og etterfølgjande utslepp av lagra karbon.

– Dette er eit opphav til konflikt, men vi manglar data for å kunne gi meir presise svar på dei reelle konsekvensane. Dette gjeld også ved restaurering av myrområde, der vatnet blir tilbakeført. Vi må få på plass meir omfattande feltundersøkingar og målingar over tid. I tillegg til å måle effektar knytt til klimagassutslepp må vi også overvake økosystemtenester som biodiversitet og skadeavgrensingspotensial for klimaendringane, held Weldon fram.

Det finst mykje myr over tregrensa; her ei bjønnskjeggmyr. Dette er ein artsfattig myrtype som oftast er dominert av bjønnskjegg, men torvull og sveltstorr kan og vera dominerande artar. I botnen finst torvmosar. Desse myrane har ikkje tuedanning, og er oftast flate med ei meir eller mindre fast myrmatte. Foto: Johnny Hofsten, NIBIO.
Det finst mykje myr over tregrensa; her ei bjønnskjeggmyr. Dette er ein artsfattig myrtype som oftast er dominert av bjønnskjegg, men torvull og sveltstorr kan og vera dominerande artar. I botnen finst torvmosar. Desse myrane har ikkje tuedanning, og er oftast flate med ei meir eller mindre fast myrmatte. Foto: Johnny Hofsten, NIBIO.

Over tregrensa

Tidlegare fysisk kartlegging av myrområde avgrensa seg til myrar under tregrensa. Det var jo logisk, sidan myrane blei sett som ein ressurs som skulle utnyttast. I dag er fokus og perspektiv breiare enn som så.

– Sjølv om det er gjort fysisk kartlegging så har vi liten oversikt over kor djupe myrane er. God oversikt over myrområda våre er eit viktig grunnlag for forvaltning og planlegging, mellom anna med klimaendringar som bakteppe. Myrane har ein viktig funksjon ved å dempa vassføringa til vassdraga, held Fadnes fram.

I Noreg har vi lite feltdata for myr som ligg over tregrensa. Der er myrområda kartlagt ved hjelp av tolka flybilete.

– På eksisterande kart  utgjer myrane omtrent seks prosent av landarealet, men tidlegare forsking av Anders Bryn viser at den totale mengda myr i Noreg kan utgjere nærare ni prosent av det samla landarealet. Følgjeleg kan vi seie at vi ikkje har full oversikt over myrane her til lands, og vi må få tetta kunnskapshola slik at vi med større tryggleik kan vise til korleis myrane reagerer med tanke på bruk, forvaltning og klima, avsluttar Weldon.

13-15.jpg

 

Myr og klimagasser Arealressurskart AR5
Den svarte jorda på ei kultivert myr har eit høgt humusinnhald. Foto: Erik Joner, NIBIO.
Den svarte jorda på ei kultivert myr har høgt humusinnhald. Foto: Erik Joner, NIBIO.
Myrområde i Frogn kommune sett frå fugleperspektiv. Foto: Ragnar Våga Pedersen, NIBIO
Myrområde i Frogn kommune sett frå fugleperspektiv. Foto: Ragnar Våga Pedersen, NIBIO

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.