Hopp til hovedinnholdet

Økologisk fruktdyrking er krevjande

IMG_1957_cropped

Fruktdyrkar Annhild Oma haustar Discovery ein regnfylt dag ved Hardangerfjorden i Hordaland. Oma dyrkar eple og plommer på begge sider av fjorden, vel 80 dekar totalt – 4500 epletre og 4200 plommetre.

Foto: Kjersti Kildahl

Mindre avlingar, lågare kvalitet og meir arbeid samanlikna med konvensjonell dyrking. Men det er mogleg å få god økonomi ved å halde jamt avlingsnivå. Det er stikkord frå ei fersk kartlegging NIBIO har utført om økonomien i økologisk fruktdyrking.

– Ja, det er mykje arbeid, men eg kunne ikkje tenkt meg noko anna. For meg handlar det om å ta ansvar for matjorda og dei so kjem etter oss.

Det seier fruktdyrkar Annhild Oma som driv økologisk eple- og plommeproduksjon på begge sider av Hardangerfjorden. Ho har vore økobonde sidan 2006 og utvidar stadig. No har ho 82 dekar med rundt 4 500 epletre og 4 200 plommetre.

I 2017 avslutta Oma mjølkeproduksjonen og vart fruktprodusent på heiltid. Økonomien varierer, men ho er nøgd med både levebrød og tilværet basert på økologisk frukt.

Konvensjonell fruktproduksjon saman med mjølk var alltid ein del av gardsdrifta. Fire små søner som dreiv med leik og trehytter nær eplehagen vart starten på økologisk fruktdyrking for Oma:

– Eg likte ikkje kombinasjonen av aktive gutar og sprøyting av frukttre, enkelt sagt. Sjølv om vi sjølvsagt følgde anbefalt opplegg for når på døgnet og i sesongen vi sprøyta, var det noko ubehageleg i det. Den eine timen var eg ikledd maske for å sprøyte, og den neste var gutane høgt og lågt rundt i same vegetasjonen.

 

Stor avlingsvariasjon

I 2019 produserte Annhild Oma 38 tonn frukt, omtrent likt fordelt mellom plommer og eple. Rundt 2/3 av epla gjekk til konsum, og resten til press. Slik blir det ikkje i 2020, verken i volum eller kvalitet:

– Fruktåret 2019 var fantastisk, med store avlingar og god kvalitet både for plommer og eple. I år er det svært lite plommer og epla er av blanda kvalitet.

– Rognebærmøllen får ta ein del av ansvaret for det siste. Det kan bli mykje til eplemost i år.

Fruktåret 2020 fekk ein tøff start på Vestlandet med ein kald vår som vara lenge. Det slår uheldig ut for Discovery-epla som blømer tidleg og som Annhild Oma har mykje av.

For tida er fruktbonden travel med å hauste inn eple mellom regnbygene som står i ein tilsynelatande endelaus kø innover fjorden. I tillegg er det korona. Utanlandsk hjelp må ho klara seg utan i år. Det er visst ‘nesten ok’ at plommene er få i år.

– Vi klarar oss. Dei måtte jo det før og. Om det røyner på, så har eg to damer å ringe til for hjelp.

– Eg har jo fått meir tid til andre oppgåver etter at eg dei siste åra har sendt frå meg all frukta som skal til press. Så tar eg tilbake det eg skal ha til direkte sal.


Arbeidsintensiv produksjon

Anten ein driv økologisk eller konvensjonelt, så krev fruktproduksjon høg arbeidsinnsats.

– Å dyrke fram norsk frukt av konsumkvalitet er utfordrande. Økologisk er endå meir krevjande fordi ein har færre hjelpemiddel - eksempelvis til ugrashandtering, gjødsling og tynning, seier Torbjørn Haukås, seniorrådgjevar i NIBIO.

– Det gir auka behov for manuelt arbeid som er den mest kostbare innsatsfaktoren, seier han.

Haukås har hatt ansvar for å kartleggje økonomien i økologisk fruktdyrking i åra 2015 og 2016, og no sist i 2018 og 2019. Rapporten for dei siste to åra er nyleg publisert. Arbeidet er gjort i regi av utviklingsmidlar frå Landbruksdirektoratet.

Til grunn for kartlegginga ligg eit utval økologisk drivne eple- og plommefelt der avling, kvalitet, pris, arbeidstimar og traktortimar er blitt registrerte. Desse faktorane er viktige for økonomisk resultat.

Torbjørn Haukås, landbruksøkonom og driftsgranskar i NIBIO, avbilda i eigen eplehage. Foto Kjersti Kildahl

Avlinga avgjer resultatet

Fruktfelta som har vore med, er alle moderne tettplantingar i dei største fruktdistrikta i Noreg.

– Sjølv om felta ikkje er så mange, og variasjonen mellom dei er stor, indikerer undersøkinga korleis økonomien er i økologisk eple- og plommedyrking i Noreg, seier Torbjørn Haukås.

Plommeåret 2018 gav gode avlingar. Likevel varierte volumet frå 271 kg til 2 940 kg per dekar. Gjennomsnittsavlinga var 914 kg per dekar. I rekordåret 2019 vart gjennomsnittet 1 934 kg per dekar.

Liknande variasjon gjeld for epleavlingane. I 2018 vart det hausta 1 621 kg konsum-eple per dekar i dei undersøkte felta. 84 prosent var 1. klasse. I 2019 var tala 1 303 kg per dekar og 59 prosent i 1. klasse.

– Med så store skilnader i avlingsvolum og kvalitet, blir det sjølvsagt forskjellar i økonomien, kommenterer Haukås.

Også arbeidsforbruk påverkar sterkt det økonomiske resultatet. Timetalet varierer mellom felt, mellom fruktsortar, mellom arbeidsoppgåver og innbyrdes i dei ulike kategoriane.  

– Trass i store forskjellar, tyder resultatet for eplefelta på at det kan vere god økonomi dersom ein klarer å halde jamt avlingsnivå, seier landbruksøkonomen.

– Sjølv om ein ikkje klarar å oppnå konsumkvalitet på store delar av avlinga, har det vore mogleg å få gode prisar på presseple.

Økoplommene har vore meir sårbare for svingingar. Som følgje av stort volum i 2019, vart økologiske plommer selde til same pris som – og ofte saman med – konvensjonelt dyrka plommer. I ein metta marknad har det vist seg vanskeleg å ta ut meirpris.

 
Treng å ta ut meirpris

Av NIBIO-rapporten framgår det at marknaden er villig til å betale noko meir for økologisk frukt enn for den som er konvensjonelt dyrka. Meirpris for økologisk frukt er nødvendig av fleire årsaker, ifølgje Haukås:

– Mellom anna fordi økologisk avlingsnivå vanlegvis er lågare og produksjonskostnadene høgare.

Haukås seier omsetningsledda hevdar det er lite etterspørsel etter økologisk frukt i Noreg.

– Ein del forbrukarar vil alltid etterspørje økologiske varer, sjølv om varene er 25-30 prosent dyrare. Utfordringa er at storleiken på gruppa er usikker, seier han.

– For å appellere til breiare kjøpargrupper som kan bidra til jamn og ‘nødvendig’ etterspørsel, er det viktig at ikkje prisskilnaden blir for stor mellom økologisk og konvensjonell frukt.

Annhild Oma har og synspunkt på marknad, meirpris og økologisk produksjon:

– Eg meiner ansvaret blir for stort på forbrukaren dersom etterspørsel aleine skal avgjere om Noreg skal ha økologisk matproduksjon. Slik er det i praksis no fordi tilbod og etterspørsel styrer moglegheita for å ta ut meirprisen som trengst for å produsera økologisk.

– Vi skal sjølvsagt vere tilpassa marknaden, men dei overordna prioriteringane som legg til rette for økologisk matproduksjon, eller ikkje, det meiner eg bør vere ein del av jordbrukspolitikken.

 

12-15.jpg
2020-09-16 13.02.07.jpg
Typisk døme på eit eple skadd av rognebærmøll. Møllen borer seg inn i frukta og gneg seg vegar på kryss og tvers i fruktkjøtet. Foto: Kjersti Kildahl
IMG_4189.JPG
Ikkje berre rognebærmøllen som forsyner seg. Fuglen veit og å ta for seg. Foto: Kjersti Kildahl

 

 

Prosjektinfo

På oppdrag frå Landbruksdirektorat har NIBIO gjort registreringar på økologiske eple- og plommefelt for å vurdere økonomi i økologisk fruktproduksjon. Det er gjort avlingsregistreringar, kvalitetsvurdering av frukta, registrert pris til produsent samt kartlagt arbeidskostnader og traktorkostnader. Det er stor variasjon i dei økonomiske resultata.

 

 

Oma og nabo Haakon Berge_IMG_4170.jpg
Naboar i nærmiljøet støttar kvarandre. Her hentar nabo Håkon Berge, Discovery-eple til eige bruk på garden Breievne. Sjølv har dei nesten ikkje eple i år. - Det blir rift om dei økologiske epla når avlingane er som no, seier Annhilld Oma. Foto: Kjersti Kildahl
IMG_4177.JPG
Ein del av årets eple på veg til 'ureist' bruk i produksjonen på nabogarden Breievne. Ein dag er det eple, ein annan dag er det plommer. Foto: Kjersti Kildahl
IMG_4210.JPG
Utsyn over gamal og ny frukthage på garden til Annhild Oma. Den eldre ligg høgt og luftig brattlendt. Nyare hage på nedsida av vegen mot fjorden. Dårleg med sikt denne dagen. Foto: Kjersti Kildahl

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

I dette prosjektet i oppdrag frå Landbruksdirektorat er det gjort registreringar på økologiske eple- og plommefelt med tanke på å vurdere økonomi i økologisk fruktproduksjon. Det er føreteke avlingsregistreringar, kvalitetsvurdering av frukta, registrert pris til produsent samt kartlagt arbeidskostnader og traktorkostnader.....