Ferske tal om norsk sjølvforsyning

kki-20190926-115233

Dei siste åra har sjølvforsyningsgraden vore i underkant av 50 prosent, og i 2019 vart han altså 45 prosent. Det vil seie at 45 prosent av vårt daglege kaloriinntak kom frå norskprodusert mat i 2019. Illustrasjonsfoto: Østlandsk raudkolle i Varteig, Sarpsborg. Kjersti Kildahl.

I 2019 vart sjølvforsyningsgraden i Noreg 45 prosent. Graden fortel kor stor del av matforbruket her til lands som er norskprodusert. Tar vi ut fisk, blir graden 44 prosent. Korrigert for importert kraftfôr, fell han til 36 prosent.

Alle tre tala uttrykker norskprodusert matproduksjon som ein prosentdel av norsk matvareforbruk, berre med noko ulikt innhald. Avdelingsleiar Lars Johan Rustad i NIBIO forklarer:

- Når det politisk blir vist til sjølvforsyningsgraden, er dette talet ein brøk der all norsk matproduksjon minus eksportert mat blir delt på totalt matvareforbruk. Tala er på engrosnivå og rekna i energi.

Dei siste åra har sjølvforsyningsgraden vore i underkant av 50 prosent, og i 2019 vart han altså 45 prosent. Det vil seie at 45 prosent av vårt daglege kaloriinntak kom frå norskprodusert mat i 2019.
 

Grunnlag i jordbruksforhandlingane

Tala som vart klare denne veka er vanlegvis ein del av grunnlagsmaterialet NIBIO utarbeider til jordbruksforhandlingane i Resultatkontroll for gjennomføring av landbrukspolitikken

Berekningane av dei ulike sjølvforsyningsgradene er baserte på tal for utvikling i norsk kosthald (matvareforbruket) som NIBIO leverer til Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet bruker det same materialet i sin årlege rapport Utviklingen i norsk kosthold.

Matforsyningstala er henta frå statistikk over import, eksport, produksjon og omsetning av matvarer.

- Det er viktig å poengtere at tala som er lagt til grunn for matforbruket som inngår i sjølvforsyningsgraden, er engrostal. Desse mengdene vil vere høgare enn tilsvarande tal i forbruks- og i kosthaldsundersøkingar, presiserer Rustad.


Ulike begrep, utrekningar og avlingar

Sjølvforsyningsgraden er omdiskutert. I Noreg og internasjonalt er det vanleg å rekne sjølvforsyninga i energi. Det er og mogleg å rekna han om i anna næringsinnhald som til dømes protein, eller ein kan rekna i kilo eller pengar.

Rådgjevar Mads Svennerud er ein av dei som har jobba mykje med tala som no er lagt fram. Han fortel om ulike utrekningar til ulike føremål:

- Utan fisk er sjølvforsyningsgraden 44 prosent. Om vi i utrekninga tar omsyn til at ein del av fôret er importert, og trekk vekk energien i importerte kraftfôrråvarer, blir sjølvforsyninga 36 prosent.  

I ordskiftet er det ofte veksla mellom dei ulike uttrykka. Sjølvforsyningsgrad basert på norsk fôr er mykje framme i debatten. Andre gonger er det sjølvforsyningsgrad ‘utan fisk.’

Norsk matproduksjon treng og andre innsatsfaktorar enn kraftfôr frå andre land. Koronasituasjonen har tydeleg vist at Noreg til dømes er avhengig av importert arbeidskraft.

Uansett reknemetode som blir lagt til grunn, vil og naturlege svingningar gjere seg gjeldande ved utrekning av sjølvforsyninga:

- Variasjon i kornavlingane som følgje av veret er ei av dei viktigaste forklaringane på årlege svingingar i sjølvforsyningsgraden. Han vil variere mykje med kornavlinga frå år til år, seier Svennerud.

- Vi ser no at sjølvforsyninsgraden både for 2018 og 2019 er prega av tørkeåret 2018. Tørkeramma avlingar fekk konsekvensar for mat- og fôrproduksjon som heldt fram inn i 2019. Sjølvforsyningsgraden vart for begge åra 45 prosent, medan han i 2017 var 50 prosent.

Korn er den enkeltfaktoren med størst betydning for det totale matforbruket. ‘Korn som mel’ utgjer ein knapp tredel av samla energikonsum. Kjøt utgjorde 13 prosent i 2019, og er nest største matprodukt.

For husdyrprodukt er sjølvforsyningsgraden gjennomgåande høg. Han er klart lågare for planteprodukt.

Sjå oversikt over alle matvarer og sjølvforsyningsgrad i tabellen nedanfor: Norskprodusert del av matvareforbruket på energibasis.

tabell.jpg
*) Foreløpige tal.

1) Inkludert bakarvarer.
2) Matvarenes del av det totale engrosforbruket (uavhengig norsk eller import).
3) Konvertert til friske poteter f.o.m. 1999.

Norskprodusert i alt (sjølvforsyningsgrad) = all norsk matproduksjon minus eksportert mat delt på totalt matvareforbruk (engros).

Produsert i norsk jordbruk = all norsk matproduksjon minus eksportert mat og minus fisk (vill + oppdrett) delt på totalt matvareforbruk (engros).

Produsert i norsk jordbruk på norsk fôr = all norsk matproduksjon (ekskl. fisk) minus eksportert mat og korrigert for importerte kraftfôrråvarer, delt på totalt matvareforbruk (engros).

Matvareforbruk i engros =  all norsk matproduksjon + import – eksport 

Kilde: Berekna av NIBIO for Helsedirektoratet

Så, over til dekningsgrad  

Enkelt forklart kan ein seie at dekningsgraden fortel kor mykje norsk mat vi kunne ha konsumert dersom mat produsert for eksport var ein del av forbruket innanlands. Også dette begrepet er ein del av ordskiftet. Lars Johan Rustad forklarer det slik:

- Forskjellen mellom sjølvforsyningsgrad og dekningsgrad er berre at mat vi produserer i Noreg og eksporterer, er lagt til i teljaren i reknestykket. For Noreg sin del vil dette tillegget i hovudsak vere fisk.

- Dekningsgraden blir da eit uttrykk for kor stor del av matvareforbruket vårt vi kunne ha produsert sjølv (dersom vi sjølve konsumerte maten som går til eksport.)

Rustad er snar med å legge til at det skal vere ‘full krise’ før det er aktuelt å ete så mykje fisk sjølve. Ved full krise er det truleg fleire ting som vil bli endra, frå produksjonar til kosthald. Fiskeeksporten er dessutan i stor grad tufta på importert fôr, noko som er ei anna side av saka.

Dekningsgraden i Noreg ligg ofte opp mot 90 prosent, og var 86 prosent i 2019.

graf2.png
Dekningsgrad og sjølvforsyningsgrad i perioden 1999 – 2019.

 

Forsyningsevne ved krise

Sjølvforsyningsgrad eller dekningsgrad seier lite om vår sjølvforsyningsevne, og korleis vi vil klare oss dersom ei krise skulle ramme. Ingen av dei er mål på forsyningsberedskap eller matsikkerheit.

Dei to ‘gradene’ er baserte på kosthaldet vi har i dag, og ikkje på kor mykje energi vi treng for å overleve – eller alternative matproduksjonar for energi.

I ein lengre krisesituasjon ville vi truleg leggje om til å produsere ein større del planteprodukt til menneskemat i staden for til husdyrfôr. Krav til matkvalitet ville truleg og vere lågare i ein krisesituasjon enn i dag.

Ifølgje Landbruksmeldinga frå 2017 betyr matsikkerheit at befolkninga har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat. Dei seier og dette:

«Matsikkerheten sikres gjennom nasjonal produksjon, handel og ivaretakelse av produksjonsgrunnlaget.

KONTAKTPERSON
2-9-12.jpg
Bakgrunn

Storting og regjering har ved fleire høve slått fast eit mål om at jordbruksproduksjonen skal auke, og ‘så langt som mulig, skal [det] skje med grunnlag i norske ressursar.’

«Regjeringen vil:

– Legge til rette for økt effektivitet og for at jordbrukets produksjon av mat kan øke der det er markedsmuligheter for det.

Ved behandlingen av de siste årenes jordbruksoppgjør har Stortinget lagt vekt på at økt produksjon, så langt som mulig, skal skje med grunnlag i norske ressurser. Det innebærer at husdyrproduksjonen så langt som mulig skal skje på grunnlag av norsk grovfôrareal, beitebruk og norske fôrråvarer, inkl. korn.»

Kilde: Meld. St. 11, (2016 –2017): Endring og utvikling
En fremtidsrettet jordbruksproduksjon

 

Under behandlinga av Meld. St. (2016 – 2017) sa Næringskomitéen på Stortinget dette:   

«Komiteen viser til at formålet med å øke matproduksjonen er å øke selvforsyningsgraden, styrke beredskapen og dekke etterspørselen.»

Denne føringa frå Stortinget har vore sentral i seinare jordbruksoppgjer.

COLOURBOX4232692_cropped.jpg
Sjølvforsyningsgraden på frukt og bær har falle frå 29 % i 1979 til 6 % i 2019.
Store Norske Leksikon om sjølvforsyning

Selvforsyning er det at et område (samfunn, nasjon) produserer like mye av varer og tjenester som det forbruker. I motsetning til selvberging tar selvforsyning ikke stilling til vilkårene for produksjonen og til kvaliteten av disse varene og tjenestene. Det vil si at selvforsyning også brukes om varer og tjenester som ikke nødvendigvis dekker primære behov. Økt selvforsyning av viktige vareslag fører til økt selvberging.

I Norge er selvforsyning hyppig brukt i forbindelse med matproduksjon. Det er et uttrykt politisk mål å øke landets selvforsyning av matvarer.

Selvforsyning brukes også i avgrenset betydning, for eksempel når en person, en familie eller et gårdsbruk produserer nok mat til å dekke eget forbruk.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.