Hopp til hovedinnholdet

Lite angrep av snømugg i år

DSCF3143

Annbjørg Kristoffersen og Ingerd Skow Hofgaard ser etter snømugg i haustkornet. Foto: Silje Kvist Simonsen

Haustkveite har eit stort avlingspotensial, og kan bidra til meir norsk mjøl. Likevel kan soppangrep om vinteren gi dårleg overvintring og risiko for kvalitetsskadar i kornet.

I vinter har det vore lite angrep av snømugg i haustkornet.

– Det var tele i jorda før snøen kom, og dette har gitt lite snømugg generelt, fortel kornkoordinator i NIBIO, Harald Solberg.

– Snødekket har vore relativt kortvarig og på eit gunstig tidspunkt, derfor har ikkje soppen gjort stor skade. I område med lengre snødekke har haustkornplantene vore så små at soppen ikkje har klart å spreia seg frå plante til plante, forklarar han vidare.

– Dette har medverka til at landbruksrådgivarane melder om fine åkrar og god overvintring på heile Austlandet og i Trøndelag.

Snømugg er ikkje berre ein overvintringssopp. Den kan også gi bladflekkar og sjukdom i akset. Foto: Erling Fløistad
Snømugg er ikkje berre ein overvintringssopp. Den kan også gi bladflekkar og sjukdom i akset. Foto: Erling Fløistad

 

Kva er snømugg?

Snømugg er ein overvintringssjukdom på korn og gras forårsaka av sopp i slekta Microdochium. Sjukdomen er ein av grunnane til at haustkorn kan døy i løpet av vinteren. Soppen kan koma frå smitta såkorn, men overlever også på planterestar i jorda. Soppen veks fint ved låge temperaturar under snøen, kor den spreiar seg frå plante til plante. Om våren kan herjingane sjåast som eit nettverk av daude, flattrykte planter, ofte med eit rosa fargeskjær. Sjølv om plantene overlever vinteren, kan soppangrep gi redusert avling og kvalitetsskadar i kornet.

 

Kan gi redusert kvalitet

– Snømugg er ikkje berre ein overvintringssopp, fortel NIBIO-forskar Ingerd Skow Hofgaard.

Ho forklarar at soppsporar frå planterestar på jordoverflata truleg kan spreia seg med vassprut når det regnar, og danne bladflekkar på blada. Soppen inngår også i eit kompleks av soppar som kan gi sjukdom i akset (aksfusariose), den kan gi spireskadar i såkornet, og redusera brukskvaliteten til kornet.

– Forsøk har vist ein samanheng mellom infeksjon av snømugg (spesifikt arten Microdochium nivale) og redusert glutenkvalitet i mjøl, forklarar Shiori Koga, forskar ved Nofima. Ho forskar på korleis dyrkingsmiljø påverkar glutenkvalitet i norsk kveite.

Riktig glutenkvalitet er viktig for at mjølet skal få gode bakeeigenskaper og gi luftige bakverk. Til det trengs det kveite med ulike kvalitetar. Dersom snømuggsoppen reduserer glutenkvaliteten i haustkornet, kan det bli utfordrande for møllene å bruka det.

I prosjektet Prohøst vil forskarane gjera det lettare for bønder å produsera haustkveite i rett kvalitet. Foto: Silje Kvist Simonsen
I prosjektet Prohøst vil forskarane gjera det lettare for bønder å produsera haustkveite i rett kvalitet. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Vil gi klimatilpassa haustkveite med god kvalitet

– Vi må jobba med å tilby haustkorn i den kvaliteten som marknaden etterspør, forklarar NIBIO-forskar Annbjørg Kristoffersen.

Kristoffersen leiar prosjektet Prohøst, som nettopp har dette som eit av sine mål.

– Vi vil gjera det lettare for bøndene å produsera haustkveite som er tilpassa marknaden, trass i at dei klimatiske forholda kan vera utfordrande. Derfor undersøker vi fleire faktorar som spelar inn på etablering og kvaliteten i kornet, forklarar prosjektleiaren.

Forskarane undersøker mellom anna ulike strategiar for jordarbeiding for å redusera behovet for haustpløying. Dei skal også testa ulike sortar av haustkveite, undersøka ulike strategiar for gjødsling om hausten, og undersøka korleis dette verkar inn på mellom anna angrep av snømugg. Prosjektet er eit samarbeid mellom NIBIO, NMBU, Nofima, Norsk landbruksrådgiving og fleire næringsaktørar.

2.jpg

 

Snømugg kan etterlata seg nettverk av flattrykte, daude planter, ofte med eit rosaskjær. Foto: Silje Kvist Simonsen
Snømugg kan etterlata seg nettverk av flattrykte, daude planter, ofte med eit rosaskjær. Foto: Silje Kvist Simonsen

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.