Lars Reitan fekk pris for banebrytande kornforedling

Widar Skogan og Lars Reitan_20200121 154827_Foto Kjersti Kildahl

Plantearvenprisen 2019 for landbruk vart tildelt forskar og planteforedlar Lars Reitan under Kornkonferansen 2020, tysdag 21. januar. Statssekretær Widar Skogan i Landbruks- og matdepartementet delte ut prisen. Foto: Kjersti Kildahl.

Forskar og kornforedlar Lars Reitan fekk i går Plantearvenprisen 2019 for arbeidet sitt med å utvikle meir robuste norske kornsortar, spesielt bygg.

Plantearvenprisen blir delt ut av Norsk genressurssenter i NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfold – til nytte for norsk matproduksjon.

Prisen vart delt ut under Kornkonferansen 2020 i Oslo tysdag 21. januar.

Byggforedling i Norge, fortid og framtid med klimaendringer_20200121_152853 Foto Kjersti Kildahl.jpg
40 års erfaring og mykje å dele: Lars Reitan heldt innlegg for ei årvaken forsamling om «Byggforedling i Norge, fortid og framtid med klimaendringer.» Foto. Kjersti Kildahl.

Banebrytande

Juryen skriv om Lars Reitan at han har vore sentral: «i norsk og nordisk planteforedling siden 1980-tallet som foredler av banebrytende byggsorter og bruk av genetiske ressurser innen resistensforedling. Framgang i avling i nord forutsatte bedre og kortere strå, tidligere modning og bedre resistens.»

Plantegenetikar Morten Rasmussen i Norsk genressurssenter konkretiserer:

- Gjennom å velje dei rette kjeldene til resistensgener og systematisk ‘skyttelforedling’ over fleire år, det vil seie vekselvis bruk av sandjord på Værnes og leirjord på Kvithamar, fekk byggsortane brei tilpassingsevne. Det har gitt resultat i form av sortar som gir stabile avlingar.

Veksttilhøva i nord krev korn som evner å gjere seg nytte av lys og varme i den korte tida som sesongen varer. Ifølgje juryen er det nettopp slike sortar Reitan har foredla fram.

- Med utgangspunkt i byggsortar som allereie var tilpassa forholda i Trøndelag, tilførte Reitan genetiske eigenskapar frå ulike kjelder for at kornet skulle bli betre eigna til å møte krevjande vervariasjonar.  

- Slik utvikla han nye sortar som har bidratt til vesentleg å auke norsk kornproduksjon gjennom ein unik kombinasjon av høg avling, tidleg modning, god klimatilpassing, betre stråstyrke og betre motstandskraft mot sjukdom, fortel Rasmussen.

Rasmussen seier Reitans framgangsmåte viser at planteforedling må skje i miljøet som sortane skal dyrkast i for å lukkast, spesielt for dyrking i nordiske marginalområde.

Morten Rasmussen har vore ansvarleg for juryarbeidet. Juryen er det norske Genressursutvalet for kulturplanter.
 

- Alle kan gjere litt

Lars Reitan kan sjå tilbake på eit rikt yrkesliv som planteforedlar i Midt-Noreg og forskningssjef i Graminor frå verksemda vart etablert i 2000. Reitan avslutta tida si Graminor med å leie prosjektet «Resistenskilder, resistensmekanismer og seleksjonsmetoder mot Fusarium og mykotoksiner i havre» som gjekk ut året 2017.

- Norske byggavlingar har hatt ei eventyrleg utvikling dei siste tiåra. Avlingsframgangen har vore formidabel, sa prisvinnarene da han heldt foredrag om «Byggforedling i Norge, fortid og framtid med klimaendringer» under Kornkonferansen 2020.

Han peika på avlingsstabilitet som den største utfordringa framover - med skiftande klima og ekstreme verforhold. Og at sjukdomsførebygging vil vere svært viktig.

- Evne til å tåle å stå ute i dårleg ver og motstand mot sjukdom vil vere nøkkelen for å lukkast, sa han, og la til: «saman med vår vilje til endring.»

Da han seinare i programmet vart overraska med å få pris for arbeidet sitt, retta han blikket mot dei som kjem etter han:

- Eg håper dette kan vere til inspirasjon for generasjonane som følgjer på. Ingen kan løyse alt, eller store problem, på eiga hand, men alle kan bidra litt.

Slik han beskjedent meinte han sjølv hadde gjort. Det stod i kontrast til introduksjonen av Reitan sitt innlegg der han vart omtalt både som nestor og guru innan norsk kornforedling.

 

Nysgjerrig av natur

For tida er Reitan pensjonist og gardbrukar i Værdal der han og tidvis har drive foredlingsarbeidet sitt frå. Snart skal dottera overta garden. Det vil neppe overraska om han og blir å finne som opponent ved ein disputas eller fagressurs i annan samanheng.

På spørsmål om kva som har vore drivkrafta hans for vegen han har følgd, nemner han oppvekst på gard og nysgjerrigheit. «Den grønne revolusjonen» på 60-talet og boka Den tause våren av Rachel Carson legg han og vekt på.

- Ho sette seg fast i meg, den boka. Og arbeidet til Norman Borlaug. Eg vart fasinert – og inspirert, til å gjere noko. Eg ville bidra til å brødfø verda, gjere min del, seier han.

Pristildelinga og den positive omtalen stadfester at det er nettopp det Lars Reitan har gjort.

IMG_1700.JPG
Bygg er en av verdens viktige kornarter, og rangeres som nummer fire i dyrkingsomfang, etter mais, ris og hvete. Bygg har kortere veksttid enn andre kornarter, og har derfor stort dyrkingsomfang på høyere breddegrader. I Norge dyrkes bygg på ca. halvparten av kornarealet. Bygg var antagelig den første kornarten menneskene tok til å dyrke. Funn har tydet på at bygg allerede for 10 000 år siden ble dyrket i Afrika (Etiopia) og i en del områder i Sørøst-Asia. Funn fra pyramidene i Egypt tyder på egypterne dyrket bygg 5000 år f.Kr. Funn fra pælebygningene i Sveits og andre steder i Europa viser at byggdyrkingen i vår verdensdel var i gang 3000 år f.Kr. I Norden er bygg dyrket siden yngre steinalder. Kjelde: Store norske leksikon.

 

KONTAKTPERSON
IMG_0693.jpg
Glad og overraska prisvinnar, Lars Reitan, viser diplom og grafisk bilde, laga av Ås-kunstnaren Otto Østenstad. Foto: Kjersti Kildahl.
Om Lars Reitan

Lars Reitan er utdannet på NLH (nå NMBU og har i hele sin yrkeskarriere jobbet med planteutvikling. Lars sin første jobb var som forskningsrådsstipendiat i 1974 ved institutt for plantekultur. I 1976 ble han ansatt i det nasjonale Kornforedlingsprogrammet som kornforedler i Midt-Norge, stasjonert på Statens forskingsstasjon Voll i Trondheim. Lars tok sin doktorgrad på det genetiske grunnlaget  for spiretreghet hos hvete i 1980.  I 1983 flyttet han med stasjonen til Stjørdal og Kvithamar, som da var hovedstasjonen i Midt-Norge. Lars hadde ansvar for kornforedlinga kombinert med kornforskning i Midt-Norge. Kornartene var bygg, havre og hvete.   I år 2000 ble det bestemt at kornforedlingsaktiviteten i Midt-Norge skulle avvikles og sentraliseres til Norsk Kornforedling på Bjørke. Lars takket ja til stillingen som forskningssjef korn med spesielt ansvar for resistensforedlinga i bygg i det nyetablerte selskapet.  I 2002 ble Graminor etablert, og virksomheten i korn ble videreført.

Graminor AS har ansvar for utvikling av plantesorter til jord- og hagebruksnæringen i Norge. Vårt samfunnsoppdrag er å levere nye plantesorter tilpasset norske vekstforhold til matprodusentene.

Kjelde: Graminor.

Om Plantearvenprisen

Plantearvenprisen 2019 er delt mellom prisvinnarar i to kategoriar, hagebruk og landbruk. Den første tildelinga fann stad før årsskiftet. Den andre tildelinga skjedde under Kornkonferansen 2020 i Oslo. Prisen er eit Plantearven-trykk laga av kunstnaren Otto Østenstad frå Ås.

Plantearvenprisen blir delt ut årleg av Norsk genressurssenter til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg fortenestefull innsats for bevaring og bruk av genetisk mangfald innan planter for matproduksjon, land- og hagebruk. Vurderinga legg vekt på innsats innan eitt eller fleire av desse områda:

  • Aktiv bevaring av verdifullt plantemateriale gjennom innsamling, kontinuerleg stell og vedlikehald av plantemateriale eller av verdfulle vaksestader.
  • Aktiv innsats for å overvake og ta vare på artar og genotypar av nytteplanter i naturområde der desse er trua.
  • Særleg viktig forsking på, og foredling av, nye sortar gjennom bruk av mangfald til nytte for norsk matproduksjon.
  • Aktive bidrag til auka bruk av gamalt plantemateriale f.eks. innan foredling, som bidrag til spreiing av plantegenetisk mangfald, til restaurering av vaksestader for verdfulle planter i kultur eller natur, eller til bruk av historisk plantemateriale i ny samanheng.
  • Opplysning og informasjonsverksemd som fremjer interessa for bevaring og bruk av plantemangfald og for plantearven på ein positiv måte.
  • Andre forhold som kan bety noko for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.