Helge Skinnes fekk Plantearvenprisen for unikt arbeid

IMG_1360_hovedbilde justert

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal overrekte nyleg Plantearvenprisen 2018 til planteforskar Helge Skinnes. Foto: Kjersti Kildahl.

Planteforskar Helge Skinnes har i meir enn 30 år arbeidd med å gjere norsk korndyrking meir berekraftig. Sist veke fekk han Plantearvenprisen for dette viktige arbeidet.

Helge Skinnes har i meir enn 30 år drive forsking og planteforedling av kornarter ved NLH/NMBU og dei siste åra ved Graminor til han gjekk av med pensjon i 2011.

Skinnes sitt arbeid innan før-foredling står sentralt i juryen si grunngjeving. Plantegenetikar Morten Rasmussen i Norsk genressurssenter forklarer:

- Omgrepet førforedling er ei fornorsking av det engelske begrepet pre-breeding. I dette ligg det at genressursforskinga er direkte kopla til praktisk foredlingsarbeid slik at resultata kjem bonden til nytte, seier han.

Forskinga til Skinnes har i stor grad handla om å finne og beskrive arvelege, genetiske eigenskapar, og flytte dei inn i plantar tilpassa norsk klima. Han har og vore banebrytande i utviklinga av metodar for å beskrive forskjellar i arveeigenskapar.

- Gjennom bruk av metodane blir foredlingsarbeidet meir målretta fordi han gjer det mogleg å velje ut spesifikke genetiske eigenskapar å avle vidare på, fortel Rasmussen.

- På denne måten har forskinga til Skinnes lagt grunnlaget for å dyrke fram kornsortar som er effektive og robuste under nordiske tilhøve.

Mjøldoggresistens i bygg og kveite er eit eksempel på dette. Auka motstand mot soppen Fusarium i korn er eit anna. Både mjøldogg og Fusarium kan gjere stor skade på kornavlingane.

overrekking_1355 (2)
Årets tildeling av Plantevernprisen fann stad under seminaret "Mangfald for framtida – bevaring av genressursar" i Oslo sist veke. Foto: Kjersti Kildahl.

Resultat gjennom internasjonalt samarbeid

Sjølv framhever planteforskar Skinnes godt internasjonalt samarbeid som avgjerande for dei resultata han kan vise til.

- Gjennom det europeiske COST samarbeidet, vart vi del av eit fag-nettverk som var svært fruktbart for vårt vidare arbeid, seier Skinnes.

- Kontaktar med sentrale forskarmiljø vart utløysande for utviklinga av fenotypingsmetodikken som mykje av dagens foredlingssarbeid byggjer vidare på, legg han til.

Fenotyping betyr å beskrive plantenes genetiske uttrykk, gjennom forskjellar i plantenes fysiske framtoning som dei genetiske forskjellane er årsak til.

Helge Skinnes løfter fram den ungarske forskar-kollegaen Akos Mesterhazy og den tyske kollegaen Bernd Rodemann som spesielt viktige for at arbeidet med Fusarium-metodikken vart så vellykka.
 

Frå kjøleg til vått og varmt

I sitt tidlege arbeid på 1980-talet retta Skinnes forskninga si mot å finne fram til eigenskapar som gjer at korn veks når det skal, ikkje for tidleg, ikkje for seint. Plantegenetikar Rasmussen forklarer meir:

- Slik såkalla grotregheit er ein viktig eigenskap for alt korn. Det handlar om å unngå ‘aksgroing’ i korn. I kjøleg vêr, som er det vanlege i vårt nordiske klima, er ikkje dette eit problem.

- Derimot under varmare og våtare tilhøve, slik det er blitt meir av dei siste tiåra, blir det eit problem viss kornet begynner å spire i akset før det blir hausta. Da blir det øydelagd som såkorn, seier Rasmussen.

Grotregt korn er eit mål fordi det er avgjerande for at planten veks når han skal, og det gir sunnare plantar med betre kvalitet. Skinnes identifiserte ein genetisk variant av kveite, T7347-linja, som er grotreg i varmt og vått ver. Denne linja er i dag sentral i utvikling av nye sortar.

 

Smitteforsøk med Fusarium_Foto privat
Frå eit forsøksfelt på NMBU sitt område på Ås, tidleg på 2000-talet. Smitte frå Fusarium vart testa ut på kveite. Skinnes er her saman med to teknikarar frå staben, t.v., og tre PhD-studentar frå Etiopia, t.h.  Foto: Privat.

Forsking på motstandskraft

Seinare fann planteforskaren fram til kjelder som gjer bygg og kveite motstandsdyktige mot mjøldogg – ein sopp som kan gi stor avlingsskade når han får breie seg.

Det banebrytande i dette arbeidet var at Skinnes meinte resistens som var uavhengig av mjøldogg- type ville vere meir stabil, og dessutan meir miljøvennleg, på grunn av mindre bruk av sprøytemiddel.

- Fram til da hadde arbeid med mjøldoggresistens vore knytt til typespesifikke kjelder, fortel Skinnes. Det gav kun kortvarig resistens.

- Vi identifiserte nye og varige, typeuspesifikke resistenskjelder og opparbeidde eit nært samarbeid med leiande forskarar internasjonalt. Kjeldene blei kryssa inn i elite-genpoolen.

20 år seinare er norsk kveiteforedling tufta på slik stabil og type-uavhengig mjøldoggresistens.  

Frå 1990-talet retta Skinnes forskninga si mot Fusarium (åkermugg) – som på den tida fekk lite merksemd. Fusarium- soppen kan gjere stor skade fordi han produserer soppgift (mykotoksin).

Gjennom sitt internasjonale nettverk, henta Skinnes inn fusarresistent genmateriale frå utanlandske kjelder. Internasjonalt samarbeid og parallell forsking på same tema førte til gjennombrot for utvikling av fenotypingsmetodikken – sjå faktaboks.

Skinnes fortel at metoden er avgjerande for å utvikle og marknadsføre betre sortar. Som resultat av  smitteforsøk med havre, er nivået av mykotoksin redusert med 40 prosent i dei nyare sortane.

Slik kjem og samfunnsnytten av metoden til uttrykk.

 

- Den gjevaste prisen er forsking som blir tatt i bruk

Om prisen seier Skinnes det er kjekt å bli ‘heidra av kollegaer,’ og at han vart overraska over tildelinga. Det gjevaste med forskinga er likevel å sjå tilbake på resultat som fører landbruket vidare i positiv retning:

- Den største belønninga er å oppleve at resultata våre endrar landbruket, at dei blir tatt i bruk og fører til forbetring, seier planteforskar og prisvinnar Skinnes.

Han snakkar og om gleda ved at hans tidlegare forskingsarbeid no held fram i regi av andre, for eksempel arbeidet med å utvikle korn som taklar klimaendringar på ein god måte.
 

KONTAKTPERSON
Om Plantearvenprisen

PLANTEARVEN-prisen deles ut av Norsk genressurssenter til personer, institusjoner eller organisasjoner som har gjort en særlig fortjenestefull innsats innen bevaring og bruk av genetisk mangfold innen planter. Ved bedømmelsen legges vekt på innsats innen ett eller flere av områdene:

  • Aktiv bevaring av verdifullt plantemateriale gjennom innsamling, kontinuerlig stell og vedlikehold av plantemateriale eller av verdifulle voksesteder.
  • Aktiv innsats for å overvåke og ta vare på arter og genotyper av nytteplanter i naturområder der disse er truet.
  • Særlig viktig forskning på og foredling av nye sorter gjennom bruk av mangfold til nytte for norsk matproduksjon.
  • Aktive bidrag til økt bruk av gammelt plantemateriale f.eks. innen foredling, som bidrag til spredning av plantegenetisk mangfold, til restaurering av voksesteder for verdifulle planter i kultur eller natur eller til bruk av historisk plantemateriale i nye sammenhenger.
  • Opplysning og informasjonsvirksomhet som fremmer interessen for bevaring og bruk av plantemangfold og for PLANTEARVEN på en positiv måte.
  • Andre forhold som kan være av betydning for bevaring og bruk av plantegenetiske ressurser.

Prisen består av et PLANTEARVEN-trykk laget av kunstneren Otto Østenstad fra Ås.

Juryen er det norske Genressursutvalget for kulturplanter. Årets tildeling fann stad under seminaret Mangfald for framtida – bevaring av genressursar i Oslo sist veke.

Fenotypingsmetodikk

Metode for å beskrive forskjellar i genetiske eigenskapar. Ein måler plantenes fysiske uttrykk, fenotypen (vekt, høgde, sjukdomsangrep mm.), som eit uttrykk for arvelege (genetiske) eigenskapar under eit gitt miljø. Skildringa av eigenskapane gir grunnlag for å gjere utval for vidare foredling.

What is pre-breeding?

Pre-breeding refers to all activities designed to identify desirable characteristics and/or genes from unadapted materials that cannot be used directly in breeding populations and to transfer these traits to an intermediate set of materials that breeders can use further in producing new varieties for farmers. It is a necessary first step in the use of diversity arising from wild relatives and other unimproved materials.

FAO - Food and Agriculture Organization of the United Nations

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.