Hopp til hovedinnholdet

Korleis sikrar vi god jordhelse i Noreg?

erfl-20180515-131351

I doktorgradsarbeidet sitt har NIBIO-forskar Frederik Norheim Bøe testa metodar for å vurdere jordhelse, og dokumenterer den positive effekten av bevaringsjordbruk under nordiske forhold. 18. september disputerer han ved Wageningen universitet i Nederland. Foto: Erling Fløistad

Kva skal til for at me får ei sunnare og meir berekraftig jordbruksjord i Noreg? Dette har vore tema i doktorgradsarbeidet til NIBIO-forskar Frederik Norheim Bøe. Torsdag 18. september disputerer han ved Wageningen universitet i Nederland.

Jordhelse handlar om kor godt jorda støttar ulike økosystemtenester, som matproduksjon, vassregulering, klimaregulering og biologisk mangfald. Ei jord med god helse er fysisk, kjemisk og biologisk i balanse.

Ulike forringingsprosessar, som erosjon, tap av biologisk mangfald og forureining, truar jordhelsa – mellom anna som følge av menneskeleg aktivitet og klimaendringar. Ifølge FNs klimapanel er ein firedel av det isfrie landarealet i verda allereie degradert. I EU blir 60–70 prosent av jorda no rekna som "usunn".

– Sjølv om me manglar fullstendig overvåking i Noreg, er utfordringane gjenkjennelege, fortel Bøe.

– Me ser erosjon som fører til tap av verdifull matjord, og jordpakking frå tunge maskiner som øydelegg jordstrukturen. Samtidig har vi i enkelte område for mykje fosfor, som kan forureine vassdraga våre, medan innhaldet av organisk karbon i jorda minkar i visse område med einsidig korndyrking.

For å møte desse problema, og betra jordhelsa, treng ein meir kunnskap.

– For det fyrste er kunnskapsgrunnlaget for å vurdere den fysiske, kjemiske og biologiske tilstanden til norsk jord mangelfullt, seier Bøe.

– For det andre veit vi for lite om korleis tiltak for å betre jordhelsa faktisk verkar under forhalda me har i Noreg, med ein relativt kort vekstsesong og mykje nedbør.

Det er desse utfordringane forskaren har adressert i sitt doktorgradsarbeid. Ved å undersøke jordhelse på fleire ulike nivå, frå regionale analyser til samanlikningar på gardsnivå og detaljerte ruteforsøk, gir han eit meir heilskapleg bilete av både problema og løysingane.

Bøe’s research shows that there is no single answer to what constitutes “good soil health.” Soil types are shaped by climate, topography, and geological history, and vary from place to place. Here, a farm in Ski, Akershus County in Eastern Norway. Photo: Erling Fløistad
Bøes forsking viser at det ikkje finst éin fasit for kva som er «god jordhelse». Jordartar er nemleg forma av klima, topografi og geologisk historie og varierer frå stad til stad. Foto: Erling Fløistad

 

Store regionale forskjellar – og behov for tilpassa løysingar

Bøes forsking viser at det ikkje finst éin fasit for kva som er «god jordhelse». Jordartar er nemleg forma av klima, topografi og geologisk historie og varierer frå stad til stad.

– På Vestlandet finn vi til dømes gjerne jord med høgt organisk innhald på grunn av mykje nedbør, medan jorda i Trøndelag og Oslo-området er meir leirehaldig på grunn av marine avsetningar etter istida.

Desse forskjellane påverkar mellom anna evna jorda har til å halde på vatn og næringsstoff. 

– Vurderingane av kva som utgjer god jordhelse må derfor vere tilpassa lokale forhold, både når det gjeld jordtype, klima og driftsform, seier forskaren.

On 18 September, Frederik Norheim Bøe will defend his thesis at Wageningen University in the Netherlands. Photo: Kathrine Torday Gulden
18. september disputerer Frederik Norheim Bøe ved Wageningen universitet i Nederland. Foto: Kathrine Torday Gulden

 

Forsking på fleire nivå – frå datasett til meitemark

På regionsnivå har Bøe testa ut ein metodikk for å vurdere jordhelsa, tilpassa norske forhold. Ved hjelp av ein stor database, utvikla han dei fyrste regionspesifikke referansekurvene for Austlandet og Midt-Noreg.

– Dette arbeidet er fyrst og fremst ein prototype. Det viser at sjølve metodikken med referansekurver verkar for å etablere lokale referansar i Noreg, forklarer Bøe.

– I teorien kan kurvene vera eit nyttig verktøy for å samanlikne jordhelsa på ein gard med andre gardar i same region.

Forskaren understrekar at arbeidet avslører klare avgrensingar. Databasen inneheld hovudsakleg kjemiske data, så kurvene gjev eit godt bilete av jordfruktbarheit, men er ikkje ei fullverdig vurdering av jordhelse.

– For å få eit komplett bilete må me òg inkludere fysiske og biologiske eigenskapar. I tillegg må sjølve kurvene vidareutviklast. Arbeidet legg derimot eit viktig metodisk grunnlag for vidare vurdering av jordhelse.

 

Berekraftige driftsmåtar gav betre jordstruktur og meir jordliv

Inkludering av fleire fysiske og biologiske parameter vart undersøkt nærare i felt- og i ruteforsøk.

Eit sentralt funn kjem frå ein detaljert samanlikning av to gardar i nærleiken av kvarandre, der den eine har praktisert redusert jordarbeiding, fangvekstar og variert vekstskifte over lang tid, medan den andre har drive konvensjonelt. For å setje resultata i ein breiare kontekst, vart desse to felta samanlikna med referansedata frå omliggande gardar i same region.

Resultata viste at berekraftige driftsmåtar gav betre jordstruktur og meir liv i jorda.

– På feltet med disse driftsmåtane vart det målt fire gonger så mange meitemark samanlikna med det konvensjonelt drivne feltet. Dette er eit svært tydeleg resultat som viser potensialet som ligg i slike system, seier Bøe.

Han understrekar at sjølv om dette er ein grundig casestudie, må funna stadfestast gjennom studiar på fleire gardar for å kunne generalisere resultata.

The choice of cover crops must be tailored to both the objective of the measure and the local growing conditions, as no single mixture is best for everything. Photo: Ievina Sturite
Valet av fangvekster er ei avveging som må skreddarsyast til både målet for tiltaket og dei lokale veksthøva, då det ikkje finst ein blanding som er best til alt. Foto: Ievina Sturite

 

Ruteforsøk med fangvekstar

I samarbeid med kollegaer har forskaren og gjennomført ruteforsøk med ulike fangvekstar, mellom anna på Tuv i Trøndelag. Hensikten har vore å sjå nærare på dei underliggande mekanismane som bidreg til ei sunnare jord.

–  Resultata herifrå viser at fangvekstar som raigras kan ein etablere sjølv i nordlege strøk utan å redusera avlingane, fortel han.

Valet av fangvekstar er ei avveging som må skreddarsyast til både målet for tiltaket og dei lokale veksthøva, då det ikkje finst ein blanding som er best til alt.

Forskinga viser til dømes at medan alle fangvekstblandingane var effektive til å ta opp fosfor, tyder mykje på at det er kvaliteten på planterestane som avgjer den vidare lagnaden til næringsstoffet i jorda. Blandingar med eit høgt forhald mellom karbon og fosfor førte truleg til at mikrolivet i jorda batt opp fosforet, ein prosess kalla immobilisering.

–  Samstundes viste det seg at den mest artsrike blandinga var mest effektiv for å betre jordstrukturen og fremje sopplivet, medan blandingar med mykje røter fungerte best for å danna stabilt karbon over tid, seier forskaren.

–  I tillegg kjem dei praktiske omsyna, der såing rundt hausting krev ein lang haust, noko som gjer vårsådd til det sikraste alternativet for dei fleste bønder i Noreg.

In collaboration with colleagues, the researcher has conducted plot trials with various cover crops, including at Tuv in Trøndelag County, to investigate the underlying mechanisms that contribute to healthier soil. Photo: Jørgen Lervik
I samarbeid med kollegaer har forskaren gjennomført ruteforsøk med ulike fangvekstar, mellom anna på Tuv i Trøndelag for å sjå nærare på dei underliggande mekanismane som byggjer ei sunnare jord. Foto: Jørgen Lervik

 

Måling av jordhelse krev meir enn kjemiske analysar

No etterlyser Bøe metodar som gjer det mogeleg å overvake jordhelsa meir systematisk og samanliknbart over tid og mellom ulike regionar.

– I dag manglar det eit nasjonalt rammeverk for dette i Noreg. Dagens rutinar er ofte avgrensa til kjemiske analysar som pH og næringsinnhald, medan viktige fysiske og biologiske indikatorar gjerne blir utelate, seier han.

Forskaren meiner at det er mogeleg å forbetre jordhelsa i Noreg, men det er viktig at det blir gjort gjennom stadstilpassa tiltak.

– I motsetning til mange andre land, har me allereie eit verktøy gjennom Regionale miljøprogram (RMP). Systemet er bygd opp for å kunne gi støtte til tilpassa tiltak, seier han.

Ved å bruke ny kunnskap kan RMP gå frå å støtte generelle tiltak til å premiere dei mest effektive løysingane for dei spesifikke utfordringane kvar region og gard står overfor.

– Viss vi skal sikre god jordhelse for framtida krev det også betre overvaking, meir forsking og ikkje minst betre kunnskap om rolla som jorda har for mattryggleik, klima og miljø, seier han.

Disputas

18. september disputerer Frederik Norheim Bøe over avhandlinga Norwegian Soil. Exploring Soil health at the plot-, field- and regional scale. Disputasen finn stad ved Wageningen universitet i Nederland. Den blir òg strøyma på internett.

Meir informasjon her:

Wageningen University

Avhandlinga til Frederik Norheim Bøe. Illustrasjon: Oda Mamen
Avhandlinga til Frederik Norheim Bøe. Illustrasjon: Oda Mamen

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.