Hopp til hovedinnholdet

Klimautval skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050

mg2021-08-01 13.55.41

Regnboge ved Henningsvær, Vågan kommune. Foto: Morten Günther

Regjeringa har i dag sett ned eit offentleg utval som skal gjere ei utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Blant utvalsmedlemmene er divisjonsdirektør Audun Korsæth i NIBIO.

I 2050 skal dei norske utsleppa vere 90-95 prosent lågare enn i 1990.

–Den nyleg publiserte rapporten frå FNs klimapanel viser kor mykje det hastar med å omstille oss til ei lågutsleppsutvikling i tråd med klimamåla i Parisavtala. Det har vi òg sett i sommar med mellom anna flaum i Tyskland og Belgia og skogbrannar i Middelhavsområdet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

I januar la regjeringa fram ein plan for innrettinga av klimapolitikken dei neste ti åra, slik at vi når klimamåla for 2030. Planen er eit viktig steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

 

Heilskapleg utgreiing

Ei heilskapleg utgreiing vil gje eit styrka kunnskapsgrunnlag om viktige vegval for å nå 2050-målet. Ekspertutvalet skal sjå på korleis utsleppsreduksjonar og omstillinga kan skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Denne omstillinga må og medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn.

–Dette arbeidet blir veldig viktig for den vidare utviklinga av norsk klimapolitikk. Det er viktig at dei avgjerdene vi tek i dag og framover også gir ei utvikling mot låge utslepp på lang sikt. Vi treng eit endå betre kunnskapsgrunnlag for å utvikle og gjennomføre politikken som skal til for å nå målet om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, seier miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn.

I 2025 skal Noreg melde inn eit nytt mål under Parisavtalen, og regjeringa varsla i klimaplan for 2021-2030 at planen er å legge fram ei ny klimamelding i 2024. 2050-utvalet vil gi viktige innspel til desse prosessane.

–Eg er spesielt glad for at vi har fått med ein ung representant i eit utval som skal sjå lå langt inn i framtida, seier klima- og miljøministeren.

 

Martin Skancke blir utvalsleiar

Ekspertutvalet skal leiast av siviløkonomen Martin Skancke. Skancke har tidlegare leia mellom anna ei ekspertgruppe om klimarisiko i Statens pensjonsfond utland og Klimarisikoutvalet. Med seg i 2050-utvalet får han 13 andre ekspertar.

–Å oppnå klimamålet vil påverke dei fleste sider av samfunnet og korleis vi innrettar økonomien. Kva vegval vi har fram mot 2050 er eit spennande og nødvendig arbeid. Eg ser frem til å leie utvalet, seier utvalsleiar Martin Skancke.

Utvalet  skal levere ei samla tilråding i form av ein NOU innan 1. november 2023. Utvalet skal innhente innspel og involvere relevante aktørar i arbeidet, mellom anna næringslivet, sivilsamfunn og partane i arbeidslivet, og leggje til rette for brei offentleg debatt.

Divisjonsdirektør Audun Korsæth er glad for å bli involvert i dette viktige arbeidet:

– Mandatet for utvalet er både viktig og tidsaktuelt. Eg tenker at hovudrolla mi blir å bidra med kunnskap om norsk landbruk, og forhåpentlegvis bidra til å løfta fram moglegheiter som gjer landbruket til ein del av løysinga og ikkje ein del av problemet.

korsæth.jpg
Divisjonsdirektør Audun Korsæth. Foto: Erling Fløistad

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.