Julehøgtida betyr full fart i norske gartneri

2019-12-11 15.48.24_cropped

Sesongarbeidar og student Alla Dychok frå Ukraina i Schrader gartneri på Nesodden i Akershus. Her blir kvite asalea pakka i korger med cellofan og gullband, klare til sal rett frå butikkhylla. Desse skal ut gjennom ei av dei store daglegvarekjedene - med gartneriet sitt merkenamn. Foto: Kjersti Kildahl.

Under opplyste glastak er det høg puls og lange dagar. Dei rette plantene skal bløma og leverast med rett storleik til rett stad – til rett tid. Konkurranse om salskanal, hylleplass og volum pregar juletida for norsk blomsternæring. Ikkje ulikt resten av året.

Kampen om marginane i blomsternæringa er hard. Endring er det einaste faste. Nye samarbeid trer fram i verdikjeda. Ein bransje i transformasjon er inntrykket som fester seg.

Verdikjeda for blomar i Noreg omfattar alle ledd frå førsteleddet produksjon til omsetningsleddet. Import spelar ei viktig rolle, og utgjer vel 50 prosent av total førstehandsomsetning på rundt to milliardar kroner.

 

Strukturendring

Blomeimporten pressar i dag norske produsentar og prisar. På handelsleddet har nye grupperingar vakse fram som styrkar forhandlingsposisjonen ‘nedst’ i verdikjeda.

- Store aktørar som Plantasjen, Hageland og Mester Grønn fester grepet vertikalt og utfordrar saman med ein stor grossist som Bama etablerte strukturar i verdikjeda, kommenterer seniorrådgjevar og samfunnsøkonom Ivar Pettersen.

Han har hatt ansvar for eit prosjekt utvikla av NIBIO i samtalar med Gartnarforbundet og fleire sentrale aktørar i bransjen. Prosjektet er finansiert av Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri. I prosjektet har dei kartlagt bransjeutvikling, endringar og mogleg retning vidare i blomenæringa.

- Bama har i dag ein dominerande marknadsposisjon innan frukt og grønt. Med aukande blomeomsetning i daglegvarehandelen, er Bama truleg i stand til å utfordra det etablerte systemet av uavhengige grossistar. Dette kan i så fall påverke strukturen i næringa, seier han.

Pettersen meiner bransjen står ovanfor utfordringar som kan endre både maktfordeling og talet på aktørar i verdikjeda med mindre produsentane tar grep for meir samarbeid og samhandling.

Den ferske rapporten dokumenterer ei endingssterk næring med velutvikla tilpassingsevne. Eit sentralt spørsmål likevel om framtida har rom for å ta vare på mangfaldet i bransjen og samtidig oppretthalde eit levebrød for alle aktørane?

2019-12-11 15.56.13_cropped.jpg
Driftsansvarleg Eystein Ruud i Schrader gartneri på Nesodden i Akershus. Eit hav av krysantemum blir klare for sal rett etter høgtida. Da vil folk skysse jula ut og ta inn noko anna – for eksempel krysantemum. Foto: Kjersti Kildahl.

Ein blom med på kjøpet

Blomehavet før jul er stort, og møter oss  ‘overalt’ – der vi handlar mat, bensin eller for den del, julelys. Også i kiosken om vi er innom eit sjukehus, ein togstasjon eller på veg gjennom flyterminalen.

Vi tar med oss ein blom når vi likevel handlar eller er undervegs. Innimellom kjøper vi blomar på torget, i eit gartneri eller ein blomebutikk, men ikkje like ofte som før.

Bildet som teiknar seg, gjeld ikkje berrre jula. Resten av året er veldig likt. Det er berre utvalet som endrar seg. Ifølgje Ivar Pettersen, står bransjen overfor utfordringar som krev nytenking.

- Blomenæringa møter i dag stadige endringar og tilspissa konkurranse, noko arbeidet vårt dokumenterer. Nye salskanalar har gjort seg gjeldande dei siste tiåra. Mellom anna er dei store daglegvarekjedene ein aktør som er med på sette agendaen, seier han.

- Dessutan er produksjonen blitt meir og meir følsam for mote og trendar, i tillegg til sesongsvingingar som alltid har vore ein faktor.

Konkurransen på detaljistleddet påverkar verdikjeda vertikalt. Slike endringar meiner Pettersen er med på å gi handlingsrom for ein etablert frukt- og grøntgrossist som Bama som og er blitt stor innan blomeimport og internasjonal verksemd. I tillegg kjøper Bama blomar horisontalt frå andre norske grossistar og vertikalt direkte frå produsent. Gjennom koplinga si til salskanalar for frukt og grønt har Bama ein mogleg konkurransefordel ulikt dei fleste.

Meir enn nokon gong må produsentane vere i takt med ulike aktørar;  grossistar og handelskjeder, så vel som forbruksmønster, motebilde og sesongar.

2019-12-11 17.47.38_croppped.jpg
Aktiviteten er høg og dagane lange, også for transportørar. Tungtrafikk er ein del av næringa, heilt ‘inn på tunet’ som her. Foto: Kjersti Kildahl.

Høgt turtal og lange dagar

I Schrader gartneri på Nesodden, er aktiviteten høg, men stemninga avslappa på ein onsdag ettermiddag to veker før jul. Driftsansvarleg Eystein Ruud viser rundt i eit av dei 23 veksthusa med til saman 28 500 kvm driftsareal. Av desse er 9 000 kvm i Vestfold.

Av dei rundt 75-80 større gartneria i Noreg som Ruud samanliknar seg med, er Schrader blant dei ti største, med ein omsetnad på rundt 60 mill. kronar i året og i snitt 35-36 årsverk i arbeid. Ved juletider kan det fort vere 40 på jobb, mens det på hausten kan vere nede i 20.

På vegen mellom store blomstrande flater på rullande bord, møter han travle medarbeidarar. Han gir ein klem her og ein vennleg kommentar der – sånn i forbifarten. Og får smil i retur.

- Det er tett med leveringar oppunder jul, og det nyttar ikkje å bli hengande etter. Det seier seg sjølv at ein dag for seint til 24. desember medfører tap, humrar Ruud.

- Vi reknar at 30-40 prosent av omsetninga kjem frå sal av planter eller samansette produkt med vårt eige merkenamn. Langt den største delen av blomane vi sel når marknaden gjennom andre sine namn, til dømes detaljistar som Floriss, Mester Grønn eller dei store daglegvarekjedene. På engrosleddet er og Bama blant kundane.

2019-12-11 16.13.25.jpg
Datalappane viser at heile livsløpet til plantene er sporbart: Her står plantenamn pluss arbeidsnummer, utplantingsdato, når og kven han skal leverast til. Arbeidsnummeret er knytt til datasystemet der heile plantehistoria er logga: morplante, skjøtsel og næring tilført, trinn for trinn fram til levering hos kunde. Foto: Kjersti Kildahl.

Biologi og økonomi, og kampen om marginane

Ruud fortel om skarp konkurranse om volum, salskanalar, hylleplass og eit konstant press på å vere oppdatert. Parallelt med å ha stålkontroll på økonomiske og marknadsmessige faktorar, krev produksjonen eit kontinuerleg blikk på den biologiske delen av drifta.

- Nyttedyr er ei viktig brikke i produksjonen for å halde skadedyr i sjakk. Dei kjem per postordre frå for eksempel Nederland. Bruken av nyttedyr erstattar i stor grad kjemikaliar i produksjonen.

- Vi har rutine på heile tida å ta pulsen på vekstforholda, sjekke temperatur, fukt, lys og vekst. ‘Helsesjekk’ av plantene er ein vere-eller-ikkje-vere faktor for ei bedrift som vår, seier Ruud.

Produksjonen i norske veksthus har gjennomgått ein revolusjon dei seinare åra. Frå rullande bord som gav veksthusarbeid ein ny kvardag, til robotar som gjer jobben med å sette småplanter i potter med jord. Investeringar i teknologisk utstyr gir effektivitetsgevinst, og ein kan neppe hevde seg i konkurransen utan. Slik er det og for Schrader.

- I fjor investerte vi i eit nytt datasystem som integrerer innkjøp, rekneskap og lagerhald. Det gir oss oversikt i sanntid over kva planter som gjer det godt, kor mykje vi har i produksjon av den enkelte blom, og kva planter som skal leverast kor, når og til kven, fortel Ruud.

Slik kan dei følgje varekostnad og dekningsbidrag mykje tettare enn før. Så langt er Schrader det einaste gartneriet i landet som har investert i denne typen dataverktøy.

Det handlar om å vinne marginar der dei er å hente. Vi balanserer heile tida på eggen, og må ha stålkontroll på drifta. Marginane er under konstant press, kommenterer den driftsansvarlege.

2019-12-11 17.40.23_cropped.jpg
Schrader gartneri på Nesodden i Akershus. Foto: Kjersti Kildahl.

 

KONTAKTPERSON
Bilde 16.12.2019, 17 27 43_cropped.jpg
Blomehavet før jul er stort og møter oss ‘overalt’ – der vi handlar mat, bensin eller for den del, når vi skal rekke eit tog eller er på veg gjennom flyterminalen. Vi tar med oss ein blom når vi likevel handlar eller er undervegs. Foto: Kjersti Kildahl.
Bilde 17.12.2019, 11 26 10_cropped.jpg
Julegleder var heilt vekke frå juleutvalet i mange år, men er no tilbake blant hyllevarene. Stadig fleire markerer og at blomane er produserte i Noreg slik desse er døme på. Foto: Kjersti Kildahl.
Lønnsemd og rekruttering på prioriteringslista

Norsk Gartnerforbund er den næringspolitiske medlemsorganisasjonen til norske gartneri – og hagebruksprodusentar som blomeprodusentane er ein del av. På spørsmål om kva saker forbundet vil prioritere framover, er generalsekretær Katrine Røed Meberg tydeleg:

- Konkurransekraft og lønnsemd er det aller viktigaste. Våre medlemmer treng økonomi som kan bere utvikling og sikre rekruttering til bransjen.

- Eigentleg er dette to sider av same sak. Ei næring som kan tilby både fagleg utviklande arbeid og økonomi til å leve av trur eg vil styrke interessa blant dei unge som skal velje yrkesveg.

Meberg fortel at rekrutteringa til gartnaryrket har vore svært svak dei siste åra. Nytt og positivt av året er det at Utdanningsdirektoratet nyleg har sendt ut på høyring ein ny modell for utdanning i gartnarfaget.

- Det kan bety at bransjen no vil få ei utdanning med læretid og fagbrev på linje med andre yrkesfag, noko vi har hatt på ønskelista i lengre tid, kommenterer ho.
 

Nye tiltak må til

Når det gjeld å sikre lønnsemd i bransjen, tar Gartnerforbundet til orde for ulike tiltak.

- Å nytte seg av unntak frå konkurranselova er døme på ei sak vi står samla om. Det legg til rette for auka samarbeid på produsentleddet utan å risikere konflikt med regelverket.

Andre tiltak som vert nemnd, er satsing på forsking, innovasjon og teknologi – og ordningar som gjer at produsentane kan få økonomisk støtte til slike investeringar – og til å ta dei i bruk.

- Kanskje kan Innovasjon Noreg i framtida stå for fleire støtteordningar som blomenæringa kan nytte seg av, reflekterer Meberg.

- Gode ordningar for energitiltak i veksthus er og viktige. Veksthusnæringa har ei stolt historie å vise til med kutt i CO2 utsleppa, og det held fram. Bærekraft er viktig for oss.

 

Norsk fokus

Blomeproduksjon er ein del av norsk landbruk som ifølgje Gartnerforbundet i lang tid er blitt ‘stemoderleg’ behandla i landbrukspolitikken. Matproduksjon trumfar ofte blomar trass i at også veksthus kan nyttast til matproduksjon om det skulle bli nødvendig, påpeikar Meberg.

- Eg er glad for at vi har fått blomar med i den breie satsinga på innovasjon og vekst i grøntsektoren. Det kan bety ei endring og at blomar får større merksemd i politikken.

- Blomar er ein del av norsk landbruk, og det meiner vi er viktig å fronte, både i dialog med politikarar og i sals og marknadskommunikasjon, seier Meberg.

- Heldigvis blir det stadig fleire merkevarer som parallelt markerer at blomane er produserte i Noreg. Her meiner vi det er rom for å ta ut langt større gevinst ved å fortelje meir av historia bak blomane, kvar dei kjem frå og kor kort dei har reist.

Om konkurransebildet er krevjande og rammevilkåra langt frå ideelle, så er ikkje Gartnerforbundet si talskvinne i tvil om at norsk blomenæring er skodd for utfordringane.

- Vår bransje er full av innovative, satsingsvillige og dyktige gartnarar som dyrkar flotte kvalitetsblomar. Kombinert med ein særnorsk konkurransefordel i god plantehelse og kortreiste produksjonar gir oss eit godt utgangspunkt for å møte framtida – saman.

Katrine R Meberg_Foto Gartnerforbundet.jpg
Generalsekretær Katrine Røed Meberg i Norsk Gartnerforbund. Foto: Gartnerforbundet.
2019-12-11 16.28.08_cropped.jpg
Candy Cryss er ein eigenutvikla plante som Schrader har gitt namn inspirert av dataspel + krysantemum. Den eine blomen får vekse seg kraftig på all kraft og næring utan konkurranse frå sidegreiner for dei er plukka av undervegs, ved handkraft. Candy Cryss blir seld som eigen merkevare og utgjer 10-15 prosent av omsetninga. Blomen kjem i mange fargar og er etterspurd av mange kundar, året rundt. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Til dokument

Sammendrag

The Norwegian production of decorative plants consists of somewhere between 150 and 160 primary producers, of varying size and modes of operations. The sector constitutes a minor sector in Norwegian agriculture as a whole, but forms a vital part of the horticulture sector. Its development over the past 30 years, its strategic challenges, the vertical relations, both upstream from plant breeders and downstream towards wholesalers and retailers, reflect trends and tendencies which also impacts other agriculture in Norway. The study finds an untapped potential for cooperation among primary producers while also pointing at major challenges in organising cooperation among plant growers. Unless independent growers cooperate more strongly, the industry may move towards few, and by Norwegian standards very large, producers operating closely with wholesalers, with a limited fringe of independent growers selling directly to consumers.