Hopp til hovedinnholdet

Hjort i auke skadar skog

flay-g78dc03cd2_1920

Hjortebestanden har auka jamt og trutt sidan 1980-tallet. For lite uttak ved jakt, og milde vintrar med stor overleving av hjort dei siste tiåra, har bidrege til at bestanden av hjort om lag har dobla seg sidan årtusenskiftet. Foto: Lars-Anders Mosskull/Pixabay

Ei ny gransking syner at hjortebeiting på skog og grasareal fører til store økonomiske tap for skogeigarar og bønder. Ei meir berekraftig forvalting av hjortebestanden er naudsynt.

– Skyt meir hjort!

Odd Løset hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev klar beskjed.

– Større flokkar på dyrka mark, fleire skotne dyr og reduserte slaktevekter tyder på at det er blitt for mykje hjort. Enkelte stader er hjorten så talrik at det er umogleg å få opp igjen ny skog, seier fylkesskogmeisteren.

Hjortebestanden har auka jamt og trutt sidan 1980-tallet. For lite uttak ved jakt, og milde vintrar med stor overleving av hjort dei siste tiåra, har bidrege til at bestanden av hjort om lag har dobla seg sidan årtusenskiftet.

Vestland og Møre og Romsdal er dei to mest hjorterike fylka i landet, og enkelte stader fører hjortebestanden til ein avlingsreduksjon på heile 25 prosent.

– Også for dei som driv med skogbruk er hjorten blitt eit stort problem, fortel Løset.

Odd Løset - Statsforvalteren i Møre og Romsdal - Foto privat_cropped.jpg
Større flokkar på dyrka mark, fleire skotne dyr og reduserte slaktevekter tyder på at det er blitt for mykje hjort. Enkelte stader er hjorten så talrik at det er umogleg å få opp igjen ny skog, seier fylkesskogmeister Odd Løset hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto privat

Verditap grunna beiteskade og borkgnag i skog

Forskarar ved NIBIO har granska verknadene av hjortebeiting i foryngingsfelt, det vil seie nyplanta skog og naturleg forynga furu, og i både yngre og eldre produksjonsskog. Granskinga vart gjort i 26 utvalde kommunar langs kysten, frå Suldal i sør til Agdenes i Trøndelag. Dette er område med stor tettleik av hjort. Til saman vart det gjort registreringar i 666 skogbestand. I NIBIO rapporten «Beiteskade av hjort i foryngingsfelt og ung produksjonsskog av gran og furu», vert skadeomfanget, tapet i verdi det medfører og mogelege tiltak for å redusere omfanget av skade og tap presentert.

– Granskingane syner at hjorten sine skader i skog og på dyrka areal med gras, fører til store økonomiske tap for skogeigarar og bønder, seier Gro Hylen, NIBIO-forskar ved Landsskogtakseringa på Ås, og ein av dei som har arbeidd fram rapporten.

I foryngingsfelt vart skot på ein tredel av granplantane og kvar fjerde furu beita. På gran i yngre og eldre produksjonsskog, det vil seie hogstklasse 3 og 4, var det i gjennomsnitt borkgnag på 18 prosent av trea som vart undersøkt.

– I furu var det og betydeleg borkgnag seint i hogstklasse 2, medan det i ung produksjonsskog i furu var lite borkgnag , då  furua gradvis utviklar ru skjelbork, seier Hylen.

Skadar frå både hjort og snutebiller gjev skog med færre tre per dekar, og dermed redusert tømmerverdi den dagen skogen skal hoggast.

– For foryngingsfelt med gran varierte estimert gjennomsnittleg verditap etter beiteskade mellom 33 og 46 prosent, forklarar Hylen.

– Det vil seie mellom 1166 og 1650 kroner per dekar for høvesvis ti og hundre prosent avgang av planter skada av hjortebeiting.

For foryngingsfelt i furu var estimert verditap noko lågare.

– Om vi antar at kvart fjerde grantre som er utsette for borkgnag døyr, fann vi at verditapet varierte mellom 515 og 1715 kroner per dekar skogsjord, utdjupar NIBIO-forskaren.

Undersøkinga visar at tapet er størst på dei beste veksestadene, dei med høgast bonitet. Og at omfanget av beiteskade auka di lenger plantefeltet med gran var lokalisert frå veg. Omfanget av borkgnag auka med auka bestand av hjort.

Eldre borkgnag - Foto Hans Lyseggen.jpg
Eldre borkgnag av hjort i produksjonsskog i gran, hogstklasse 4. Såra gjev inngang for råte og gjer at rotstokken held ikkje kvalitet som sagtømmer noko som igjen gir lågare pris til skogeigar. Stammebrot har òg samanheng med borkgnag. Foto: Hans Nyeggen

Et opp graset til bonden

– Når det gjeld beiteskadar i eng er skadane størst der det er kort avstand mellom skog og eng. Hjorten søkjer ly i skogen om dagen og beitar gras i skumringa og fram til morgon gry, seier forskar Samson Øpstad, ved NIBIO Furuneset i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.

Beitepresset og reduksjonen i avling er størst i ung eng, og der hjorten beitar frå seinsommar gjennom vinter til våren. I tidlegare feltforsøk på Vestlandet er det registrert avlingsreduksjon i storleik 20-30 prosent.

– Sterkt beitepress av hjort fører og til tidlegare utgang av sådde grasartar, og såleis til tidlegare aldring av eng.

Toppskot - Foto Håkon Eliassen.jpg
Hjorten bit toppskot av granplanta noko som gjer at treet veks dårlegare seinare. Planta kan og tørka ut og døy. I frå Brudevollen i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Foto: Håkon Eliassen

Tiltak for å redusere omfang av skadeverknader

Beitinga av hjort i utmark kan vera så omfattande at det går ut over det biologiske mangfaldet. Mest i augnefallande er omfattande beiting på lauvtreslag som rogn, osp, selje og andre salix-artar, og ask.

– Jamvel gamle styvingstre av ask og alm er utsett for borkgnag i snørike vintrar når hjorten må søkja den føda som er mogeleg, fortel Samson Øpstad.

Overvakingsprogrammet for hjortevilt som starta i 1991, har synt ein samanheng mellom auka bestandstettleik og ein nedgang i kondisjon/slaktevekt – for både kalv og ungdyr av hjort.

– Hjortebestanden skal forvaltast på ein biologisk forsvarleg måte – ut frå samansetjing av kjønn og alder – slik at ein opprettheld ei hjortestamme i god kondisjon, påpeiker Øpstad.

kombi.jpg
Vintergnag (venstre) der noko av borken sit att, og sommergnag (høgre) der borken er flerra av mellom to greinkransar. Den lyse sårflata er frå siste 1-2 år. Borkgnag på gran i hogstklasse 2 kan i område med stort skadepress vera omfattande: tett avstand mellom greinkransane har ikkje vore til hinder. På treet til høgre er det og eldre borkgnag ovanfor den lyse sårflata. Foto vintergnag: Pål Thorvaldsen og sommargnag: Lars Sørdal

Redusér hjortebestanden ut frå tilstanden

Ein som i mange år har forska på hjortebestanden på Vestlandet er Erling Meisingset, forskar ved NIBIO Tingvoll i Møre og Romsdal. Han fortel at eit auka jaktuttak i ein hjortebestand, slik at ein går frå vekst til reduksjon i bestandstorleiken, krev at ein samstundes gjer ei endring i fordelinga i uttaket.

– Ofte betyr det eit auka uttak av kalv og hodyr, utdjupar NIBIO-forskaren.

Meisingset seier at fordelinga både i tal felte dyr i forhold til areal, og fordelinga av uttaket må tilpassast den lokale bestanden. I område lokalt med mykje hjort er det ofte ei større overvekt av hodyr i den lokale bestanden enn snittet over større område. I slike område må ein gjerne hausta ein større del kalv og hodyr, særleg unge hodyr.

– Det er viktig med god kjennskap og følgje utviklinga i hjortebestanden lokalt og regionalt tett, vurdere skadepresset, og gjere tiltak med regulering av bestanden slik at skadeverknadane for jordbruket og skogbruket ikkje vert store og økonomisk tyngjande, konkluderer dei tre forskarane av rapporten.

Felte elg og hjort i Norge. 1913–2021 - kjelde ssb.no.jpeg
Antal felte hjort når nye høgdar, medan talet på felte elg er det lågaste som er registrert sidan jaktåret 1990/1991. I alt vart det skote 52 800 hjort og 29 300 elg i jaktåret 2021/2022. Reduksjon i tal felte hjort i nokre år etter 2010 har samanheng med einuvanleg streng vinter i 2010, noko som medførte utgang, kombinert med auka jaktkvotar for å redusera bestanden. Jaktuttaket etter 2015 har auka mykje, men det har vore større vekst i bestanden av hjort enn det som er gjennomsnittet etter årtusenskiftet. Kjelde: ssb.no
12-15.jpg
Fakta om hjort

Vestland er det fylket der det vert felt flest hjortar. I 2021 vart det skote 25 659 hjortar i Vestland. Det er ein auke på over seks prosent frå året før. Møre og Romsdal er nummer to på fellingsstatistikken, og deretter Trøndelag og Rogaland.

Meir informasjon finn du på ssb.no, til dømes her.

Forvalting av vilt

Styringsverktøyet som viltforvaltinga byggjer på er Forskrift om forvaltning av hjortevilt – med kommentarer, Miljødirektoratet veileder M-478, 2016.

Det er denne forskrifta som gjev dei praktiske reglane og føringane for jakt, jaktorganisering og bestandsforvalting av hjort, og som rettigheitshavarar og forvaltinga skal leggja til grunn.

Last ned forskrifta her.

Beiteskade på eng -  Foto Pål Thorvaldsen NIBIO.jpg
Forsøk syner kor omfattande skader hjorten gjev på eng. Her frå forsøksfelt lagt ut i attlegg året før. Omfattande beiting og trakkskader av hjort gjennom heile vinteren, og som held fram utover våren, gav 20 prosent avlingstap ved første slått og 13 prosent ved andre slått. Frå Guddal i Fjaler kommune i Vestland fylke. Foto: Pål Thorvaldsen
Hjortebeiting-1 - Foto Odd Løset - Statsforvataren i Møre og Romsdal.JPG
Ein tredel av granplantane i foryngingsfelt vart beita på. På gran i yngre og eldre produksjonsskog, det vil seie hogstklasse 3 og 4, var det i gjennomsnitt borkgnag på kvart femte tre som var undersøkt. Frå Molde kommune. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Registreringar av hjorteskadar - Foto Hans Nyeggen - NIBIO.jpg
Registreringar av hjortebeiting i foryngingsfelt, det vil seie nyplanta skog og naturleg forynga furu, og i både yngre og eldre produksjonsskog vart gjort i 26 utvalde kommunar langs kysten, frå Suldal i sør til Agdenes i Trøndelag. Til saman vart det gjort registreringar i 666 skogbestand. Foto: Hans Nyeggen
Hjortebeiting-3 - Foto Odd Løset - Statsforvataren i Møre og Romsdal.JPG
I foryngingsfelt vart skot på ein tredel av granplantane og kvar fjerde furu beita. Her er det borkgnag på fleire unge furutre. Frå Stryn kommune. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.