Hopp til hovedinnholdet

Godt år for korn- og svineprodusenten

Griser-COLOURBOX524214.jpg

Foto: www.colourbox.com

Bonden hadde eit godt år i 2015. Ikkje minst dei som produserer korn og svinekjøtt, auka inntekta kraftig.

– Hovudlinjene er økonomisk framgang, og mest til dei største, fortel Torbjørn Haukås. Seniorrådgjevaren i NIBIO er prosjektleiar for dei årlege driftsgranskingane i jordbruket.

Nå er han klar med 2015-tala. Rekneskapane viser at jordbruksinntektene auka med 13 prosent frå 2014 til 2015.

 

Korn og svin

Det er dei som kombinerer korn og svin, som verkeleg kom godt ut av året. I snitt har inntekta til korn- og svinebøndene auka med 41 prosent. Med ei inntekt på 440 000 kroner per årsverk var det ingen andre større driftsformer som betalte seg betre i fjor.

– For korn er det veldig store variasjonar frå år til år. 2015 var eit godt kornår, forklarer Haukås.

– Produsentane av svinekjøtt hadde gode tilhøve i fjor, med ein kraftig prisauke som bidrog til det resultatet. Dessutan aukar volumet kvart år. Det er både ein volumeffekt og ein priseffekt som gir vekst.

 

Best for dei største

Veksten er størst for dei største bruka. Mindre bruk har stått nesten i ro.

– Den store inntektsauken kjem frå høgare prisar på produkta. Prisen slår langt hardare ut på dei store bruka. I tillegg har det vore ei lita dreiing i jordbruksoppgjeret slik at heiltidsbonden får meir, seier han.

Bøndene på flatbygdene på Austlandet og på Jæren tener mest. – Det er òg dei tunge jordbruksregionane som har den største framgangen. På Vestlandet, til dømes, står utviklinga heilt i ro, seier Torbjørn Haukås.

– Frukt- og bærprodusentane på Vestlandet hadde eit katastrofeår i fjor, på grunn av vêret.

Inntekta frå eit årsverk i jordbruket har klatra litt nærmare snittlønna for norske arbeidstakarar.

– Men her er det framleis att eit godt stykke, slår Haukås fast.

 

Betre avlsmateriale

Eventyrleg kornavling, meir effektive purker, men litt for dårleg balanse i marknaden. Slik samanfattar Marit Gauterud 2015. Ho har 52 purker og 720 mål korn i Sørum og Rygge.

– Vi får betre og betre avlsmateriale og produserer meir per purke. Meir smågris per purke er positivt. Men i den andre enden ser vi at når forbruket av svinekjøtt går ned mens effektiviteten aukar, så blir det for mykje gris på marknaden. Svineprodusenten tener best på at det er ein marknad i balanse, og det har vi ikkje no, forklarer ho.

2015 var året da kyllingmarknaden fekk ein kortvarig knekk etter dei mange oppslaga om narasin og resistente bakteriar.

– Det merka vi jo. Enten vi liker det eller ikkje, så er kylling og svin konkurrentar, seier Gauterud, som oppfordrar svineprodusentane til å gå litt ned i produksjonen.

– Kornavlinga var heilt eventyrleg i fjor. I år var ho meir normal, men det er moro å ha opplevd eit slikt år som fjoråret ein gong i livet, meiner Marit Gauterud.

Fakta

326 800 kroner

Jordbruksinntektene auka med 37 500 kroner til 326 800 kroner per årsverk i 2015.

Arealet auka med 7 dekar, til eit snitt på 367 dekar.

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå 124 800 til 127 800 kroner.

Det er dei store bruka som investerer mest, og det blir investert i både maskiner, bygg og jord.

Nettoinntekta til ein brukarfamilie auka med 8 prosent til 938 700 kroner. Da er alle inntektene til heile familien, både i og utanfor bruket, rekna med.

Driftsgranskingane i jordbruket

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.