Hopp til hovedinnholdet

Dyrking av husdyrfôr kan gje betre jord i Etiopia

Bilde2 Yishmau_cropped

Yismahu Jemere, ein ung småbrukar, viser fram avlinga i forsøket med blanda fôr i åkeren hans i Dangila, Amhara-regionen i Etiopia. Foto: Alliance / Feyera M. Liben

Husdyr er viktig for levebrød og økonomi på landsbygda i Etiopia, men beitande dyr skaper samstundes store problem med erosjon og utarming av jord. Eit tiltak for å betre jordsmonnet kan vere å dyrke gras og belgvekstar til fôr. No blir ulike vekstar og fôrblandingar testa ut av etiopiske småbønder.

På eit jorde i Dangila-området, i regionen Amhara nordvest i Etiopia, er småbonden Yismahu Jemere ute og sjekker avlinga han planta i sommar. Den unge bonden er ein av 300 etiopiske bønder som testar ut dyrking av fôrblandingar i regi av forskingsprosjektet Ethiopia Grass. Det er grønt og frodig på marka hans, og Yismahu fortel at han har stor tru på blandinga av Mombasa (gras) og Desmodium (belgfrukter), eit av tre eksperimentelle fôr han dyrkar på det vesle forsøksfeltet.

– Denne gras- og belgfruktblandinga veks veldig raskt og har høg biomasse. Den dekker også bar jord kjapt og vil erstatte det lokale fôrgraset mitt, fortel han - og legg til at det hurtigveksande graset kan bli brukt som mat til oksar tidleg i sesongen når det er fôrmangel.

Men for småbonden handlar det ikkje berre om å få biomassen han ønsker seg. Han håper også at fôrvekstane skal beskytte jordsmonnet mot erosjon. Det nordlege og sørlege høglandet i Etiopia er svært utsett for erosjon grunna mangel på vegetasjonsdekke. Yismahu og familien er eit døme på millionar av bønder som ofte er ramma av mangel på husdyrfôr grunna jordforringing.

Husdyr gjev stor sysselsetting på landsbygda og er sentral i landet sin økonomi, men bidrar også til utarming  av jorda. Tilgjengelege areal er små, og omtrent 90 % av husdyrfôret kjem i dag frå delte beite der det allereie er for mange beitande dyr. Dette vil igjen medføre auka jord- og landforringing. Klimaendringane er spådd å forverre situasjonen og true økosystem og levebrød i Afrika sør for Sahara - spesielt i Etiopia. Konkurrerande arealbrukspraksis, endra demografi og dynamikk i landet forverrar fôrmangelen ytterlegare. Å utvikle landbruket i Etiopia til robuste og berekraftige jordbrukssystem vil krevje drastiske endringar i husdyrhald og arealforvaltning.

IMG_20230117_151111_989.jpg
Husdyr gjev stor sysselsetting på landsbygda og er sentral i landet sin økonomi, men bidrar også til utarming av jorda. Tilgjengelege areal er små, og omtrent 90 % av husdyrfôret kjem i dag frå delte beite der det allereie er for mange beitande dyr. Foto: Alliance/ Feyera M. Liben

Ei fleirsidig løysing

Eit tiltak for å betre jordsmonnet kan vere å dyrke gras og belgvekstar til fôr, slik som Yismahu no gjer. Fleirårige fôrvekstar forbetrar jordkvaliteten og akkumulerer karbon, gjev mat til dyra og kan i tillegg bli ei ekstra inntekt for bøndene gjennom sal av overskotsfôr.

I Ethiopia Grass-prosjektet vil eit utval etiopiske småbønder i nordlege og sørlege høglandsregionar teste ut dyrking av ulike kombinasjonar av foredla gras- og belgvekstblandingar til fôr på eiga jord. Dette er ei ny tilnærming til fôr- og matproduksjon, landrestaurering og klimaresistens i Etiopia, og eit lite utprøvd tiltak i tropiske klima. Eitt år inn i det NIBIO-leia prosjektet har 300 småbønder planta ulike fôrvekstar med svært lovande resultat, og fleire forsøk er under oppstart.

– Tidlegare har ein mellom anna prøvd ut treplanting for å motarbeide erosjon, men tre brukar lang til på å etablere seg. I Etiopia har mange av bøndene husdyr, og husdyr treng fôr. I dag brukar bøndene restar etter åkervekstar i tillegg til at dyra beiter fritt. Mange stadar samlar også kvinner og born inn viltveksande planter for å selje som fôr. Å dyrke gras er ikkje særleg utbreidd. Dei fleste bøndene har svært små areal på under ti dekar og må nytte jorda til det dei sjølv treng eller kan selje. Det er ikkje realistisk at dei skal dyrke opp store areal med fôr. I dette prosjektet ser vi difor på fôrvekstar som ein del av eit omlaup, der dei dyrkar nokre fôrvekstar og nokre åkervekstar, fortel Marit Jørgensen, prosjektleiar og forskar ved NIBIO.

IMG_20221023_123838_280.jpg
Yismahu og familien er eit døme på millionar av bønder som ofte er ramma av mangel på husdyrfôr grunna jordforringing. Mangel på høgtytande fôrvariantar og optimale avlingssystem, i kombinasjon med ineffektiv fôrforvaltingspraksis i sektoren er nokre av dei største utfordringane for effektiv landrestaurering i Etiopia. Foto: Alliance / Feyera M. Liben

Veks godt hos dei fleste

Ho forklarar at Yishmau er ein del av eit opplegg der bøndene testar ut fjorten forskjellege artar og blandingar av fôrvekstar.

– Vi er i gong med første runde av uttesting. Vi trakk ut tre tilfeldige kombinasjonar vekstar som i sommar vart delt ut til 300 bønder i Amhara-regionen i nord og Sidama-regionen i sør, og som dei har sådd på tre ruter på fire kvadratmeter. Vi har vore veldig spente på resultata, for dette har ikkje vore gjort før, seier Jørgensen, og framhevar at det er eit stort opplegg der mange skal nåast.

Ho var også spent på korleis dette ville fungere i praksis. Ville bøndene ta imot og bruke blandingane? Korleis ville evalueringa gå – synest dei det fungerer? Landbruksrådgivarar evaluerer vekst og avling i lag med bøndene. Dei melder dette inn på ein digital plattform, slik at resultata frå evalueringa etterpå kan brukast til statistisk analyse av kor godt vekstane gjer det under dei ulike forholda. For å få direkte tilbakemeldingar har forskarane nytta ei gruppe på meldingstenesta Telegram, der bøndene kan gje direkte informasjon om utviklinga, få råd og sende bilete.

– Det vi ser er heilt utruleg. På berre nokre få månadar har det vore ein enormt vekst. Det er også artig at dei fleste er veldig positive og at det har gått så bra for størsteparten. I enkelte område har det fungert litt dårlegare, men det overvegande fleirtalet har fått til dei nye vekstane. Klimaforhold kan gjere at ein ikkje alltid lukkast. Etiopia er mellom anna ramma av tørke, påpeikar NIBIO-forskaren.

 

Utvidar med fleire bønder

Jørgensen fortel at den første haustinga no er ferdig. Alle bøndene skal følgjast opp vidare, og i tillegg skal forskarane no kontakte nye 350 gardbrukarar – fordelt på to regionar, i nord ved Tanasjøen, og i Sidama-regionen utanfor byen Hawassa i sør.

Ho fortel at bøndene har fått ei rekkje kriteria å evaluere, t.d. kva var enklast å så, kva var vanskelegast, kva slags vekstar kjem først og sist, kven av dei dekkjer best og dårlegast, og kva for blandingar får best og verst avling ved hausting. Bøndene testar også ut fôra på dyra sine, for å sjå om det er preferansar. Er det noko dei et opp fortare?

– Basert på dei ulike kriteria får vi eit bilete på kva slags vekstar som kjem best ut. Vi har med eit lokalt gras. Dei andre er foredla grastypar og belgvekstar. Ei av blandingane peikar seg så langt ut som den beste, men det er enno for tidleg å trekke konklusjonar, seier Jørgensen. Ho legg til at det heller ikkje berre er avlingsstørrelsen som avgjer.

– Variablar som ulike typar gardar og kven som driv kan spele inn, i tillegg til jord- og klimaforhold. Kanskje gjev nokre vekstar stor avling, men krev for mykje jobb eller det viser seg at dyra et mindre av den typen for. Slike kriterium har vi ikkje fått sett på enno, seier ho.

 

Frømateriale er ei utfordring

Ifølgje Jørgensen er Ethiopia Grass eit forskingsfokusert prosjekt og ikkje eit bistandsprosjekt. Det betyr at oppskalering ikkje er målet med dette prosjektet.

– Vi håper jo at prosjektet vil gå vidare, men det er nokre nøkkelutfordringar, mellom anna frømateriale. Det måtte vi importere til Etiopia, og det var ein vanskeleg prosess grunna byråkrati. Det er eit anna prosjekt ved CIAT som jobbar med frøproduksjon i Etiopia, men desse ulike sidene må innhente kvarandre før det kan vere grunnlag for ei utvida satsing.

Det er også behov for å vite meir om korleis plantene påverkar jordprosessane, påpeikar prosjektleiaren.

– I dette prosjektet har vi ein PhD-student som no gjer forsøk med to grasartar og to belgvekster i klimakammer i Tromsø. Han skal å sjå nærare på korleis fleirårige planter kan vere med på å bidra til betre jordforhold.

Vi avsluttar prosjektet hausten 2024. Då skal vi kome med anbefalingar basert på erfaringane og kunnskapen i dette prosjektet. Men eg tenker dette er eit område det må jobbast systematisk med i mange år for å gjere riktige val og få meir kunnskap, avsluttar Jørgensen.

2-12-15.jpg
Fakta om Etiopia

Etiopia har eit samla landareal på rundt 1,14 millionar km2. Landet er kjent som "opprinningslandet", der mange viktige arkeologiske og paleontologiske milepelar har blitt avdekka. Etiopia er Afrikas nest meist folkerike land, med anslagsvis 120 millionar menneske.

Husdyr er ein nøkkelkomponent i landbrukssektoren i Etiopia – faktisk har landet den største husdyrbestanden i Afrika, med 70 millionar storfe, 42 millionar sauer, 52 millioner geiter, 8 millionar kamelar og 56 millioner kyllingar.

Etiopias landbrukssektor er dominert av småskalabønder som praktiserar regnfôra blanda jordbruk med tradisjonell teknologi og lav produksjon. Småhaldarar står for meir enn 90 % av den totale jordbruksproduksjonen. 

Ethiopia Grass

Ethiopia Grass er iverksatt av Alliance of Bioversity & International Center for Tropical Agriculture (CIAT) i samarbeid med prosjekteigar NIBIO, Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU), Trinity College Dublin, Hawassa University og Bahir Dar University.

Prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd og midlar frå NMBU.

20230124_134527.jpg
Marit Jørgensen, prosjektleiar for EthiopiaGrass-prosjektet visar fram belgveksten Desmodium i klimakammeret I Tromsø. Her har forskarane forsøk med to grasartar og to belgvekster for å sjå nærare på korleis fleirårige planter kan vere med på å bidra til betre jordforhold. Foto: Sigridur Dalmannsdottir
IMG_20230117_150420_098.jpg
Eitt år inn i det NIBIO-leia EthiopiaGrass prosjektet har 300 småbønder planta ulike fôrvekstar med svært lovande resultat. Foto: Alliance / Feyera M. Liben

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.