Hopp til hovedinnholdet

Driftsåret 2014: eit svært godt år for norske kornbønder

mg201006_DSC_5032_cropped.jpg

Fra Våler i Østfold. Foto: Morten Günther.

I dag legg NIBIO fram status for bondens økonomi. Etter eit svakt økonomisk resultat i 2013, auka jordbruksinntektene med 13 prosent frå 2013 til 2014. Det gode resultatet kan i hovudsak forklarast med vêr og vind.

- Fjoråret var eit særskilt bra år for det meste som veks her i landet. Det er relativt sjeldan, for det er mest alltid dårlege tilhøve i nokre regionar, seier Torbjørn Haukås. Han er seniorrådgjevar i NIBIO og prosjektleiar for driftsgranskingane.

 

Godt år for korn og svin

Mest framgang hadde driftsformene med korn etter eit svært svakt år i 2013. Jordbruksinntektene for kornproduksjon vart tredobla til kr 311 500 per årsverk.

- Kornsesongen 2014 gav eit betre resultat enn tidlegare år for oss, seier kornbonde Hanne K. Støkken i Ås. Ho har vore med i driftsgranskingane i to år, og har 220 mål korn, 440 mål skog og tre sauer på beite.

Støkken kan bekrefte at vêret var ein viktig suksessfaktor.

- Vi var heldige med tidspunkt for såing og innhausting, og det vart ein fin og tørr sommar for oss som har leirjord og dårleg drenering.

på besøk på beitet-3.jpg
Odelsgut Erik Støkken Aker (20) ilag med mor og gardbruker Hanne K. Støkken. Foto: Privat.

Framleis høgt investeringsnivå

Støkken kjøpte seg ny traktor i 2014. Ho er ikkje åleine om å investere i garden. Gjelda auka i fjor med åtte prosent per bruk. Tendensen er at det er dei store bruka som investerer i driftsbygg. Investeringsnivået i jordbruket er framleis høgt, trass i 35 prosent nedgang frå toppåret i 2013.

- Høg investering er eit teikn på framtidstru i næringa, så det er positivt, seier Haukås.

Han kan ikkje seie om investeringsviljen er eit utslag av den rådande politikken. 

- Landbruket er ei langsiktig næring som investerer for 20 til 30 år frem i tid. Det er derfor alt for tidleg å seie om dette kan relaterast til regjeringsskiftet, men på sikt vil vilje til investeringar spegla politiske signal, fortel prosjektleiaren.

 

Økonomien til gardbrukarfamilien

Driftsgranskingane skal gje eit representativt bilete av kva gardbrukarfamilien har å rutte med.

I 2014 hadde ein familie som bur på gard ein inntektsauke på ti prosent, og fekk i snitt utbetalt ei nettoinntekt på 872 500 kroner. Av dette kjem 38 prosent frå anna arbeid som ikkje har tilknyting til garden.

I nettoinntekt inngår alle inntekter familien har, både i og utanfor garden, inkludert frådrag av gjeldsrenter og kår. I fjor sto jordbruket for 41 prosent av inntekta. Det er ein auke på 2 prosentpoeng.

Støkken er ein av mange bønder som har inntekt frå anna arbeid i tillegg til gardsdrifta.

- Eg har full jobb ved sida av garden, men eg har to flotte søner og ein far som hjelper til i hektiske periodar.

rvp2013-4441.jpg
Foto: Ragnar Våga Pedersen.

Grunnlag for landbrukspolitikken

NIBIO utfører driftsgranskingane som eit forvaltningsoppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Resultata utgjer eit viktig grunnlag for landbrukspolitikken og jordbruksforhandlingane. Granskingane kan forklare samanhengar, til dømes kva for effekt politiske verkemiddel har på økonomien til bonden.

Dei første driftsgranskingane vart gjennomførte av Noregs Vel i 1911. Målet var å kartlegge økonomiske tilhøve i landbruket.  

- I byrjinga vart opplysningane mykje brukt til rådgjeving for å betre levestandarden på gardsbruka. I dag blir driftsgranskingane òg nytta til mange andre høve. Til dømes brukar juristar informasjon frå granskingane i erstatningssaker, og tala er mykje brukt til forskingsformål, seier Haukås.

 

Tilbyr analyse av gardsdrifta

912 garder fordelt over heile landet bidreg med rekneskapstal. Gardane er av ulik storleik og produserer forskjellige ting, men skal ha omsetning på minimum 150 000 kroner på jordbruksprodukt for å vere aktuelle til driftsgranskingane.

- Alle deler av familiens økonomi blir registrert, både jordbruk, skogbruk, og andre inntekter tilknytt garden. Vi inkluderer også inntekter frå lønna arbeid utanfor garden, pensjonar og kapitalinntekter, seier Haukås.

Han fortel at bønder vert kontakta på bakgrunn av informasjon dei finn i registeret for produksjonstilskot. Det er frivillig å vere med i ordninga.

- Vi tilbyr analyse av gardsdrifta, samanlikna med andre som har tilsvarande produksjon. Så kan dei sjå på kva dei er gode på og kva som kan bli betre. Dei får og utbetalt ein liten sum for å delta.

Støkken har vore med i driftsgranskingane i to år.

- Motivasjonen for å vere med er å lære. Ein vurderer tala på ein litt anna måte når ein stadig skriv ned timane ein jobbar. Det er ikkje berre våronn og skuronn, men og maling, kutting av gras, vasking av maskiner og hus og så vidare.

Slik bidrar Støkken til å gjere både seg sjølv og andre betre, og til at driftsgranskingane kan halda fram med å gi eit godt bilete av økonomien til den norske bonden.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.