Hopp til hovedinnholdet

Bergverkskadd skog kan få ny sjanse

Bilde-3_cropped

Magnus Barnes Eng, Asbjørn Ryen og Magne Sandtrøen ved kolmile ved Kvilvang i Tufsingdalen, Os. Foto: Per Holm Nygaard

Kva økologiske effektar har kolbrenning påført skogen? Det skal ein masterstudent finne ut av i samarbeid med forskarar frå NIBIO. Prosjektet inngår i eit større prosjekt for å byggje opp igjen skogressursar på areal som er sterkt påverka av tidlegare gruvedrift.

Frå 1630 og i 350 år framover blei det drive intens bergverksverksemd i Nord-Østerdalen og områda rundt. Røros koparverk var den desidert største verksemda, men det var også kopargruver mellom anna i Folldal, Kvikne og Meldal. Gruvene hadde tilhøyrande smeltehytter for å brenne laus kopar og anna metall frå steinen. Gruvene, konstruksjonane og bygga kravde sitt av tømmer, men det var likevel ikkje noko mot behovet for ved i smeltehyttene.

Ved Røros koparverk åleine blei det totalt produsert rundt 118 000 tonn kopar og 525 000 tonn svovelkis. Når vi veit at det var behov for rundt 225 kubikkmeter ved for å vinna ut eitt tonn kopar eller svovelkis, får ein eit bilete av omfanget. Dette svarer til rundt 145 millionar kubikkmeter med ved. Denne veden, i form av kol, blei produsert og pliktlevert frå skogane i nærområda. Rovdrifta på skogen varte i fleire hundre år.

Bergstaden Røros har ei gruvehistorie som strekk seg nesten 350 år bakover i tid. Byen har sidan 1980 vore på Unescos verdsarvliste.  Foto: Morten Günther
Bergstaden Røros har ei gruvehistorie som strekk seg nesten 350 år bakover i tid. Byen har sidan 1980 vore på UNESCOsverdsarvliste. Foto: Morten Günther

Betydninga til kolmilene

I eit nytt forskingsprosjekt skal NIBIO undersøkja korleis kolbrenning har påverka skogøkosystemet i desse områda. I prosjektet blir også vurdert korleis kulturtiltak har påverka skogtilstanden, og kva potensial som ligg i byte av treslag i den høgareliggjande fureskogen.

Påverknaden til kolmilene på skogøkosystemet har ikkje vore undersøkt tidlegare. 

– Dette er nybrotsarbeid, fortel NIBIO-forskar Per Holm Nygaard. Han leiar prosjektet som blir utført i samarbeid med Statsforvaltaren i Innlandet. Med på laget har han masterstudent Magnus Barnes Eng.

– I dette arbeidet har vi hatt stor hjelp av lokalhistorikar Asbjørn Ryen frå Os, fortel Barnes Eng.

– Han har dokumentert den omfattande kolbrenninga i regionen. I tillegg har han sikre data om når dei ulike milene var i drift, slik at vi har ei tidslinje. Ryen var òg med ut i felt, og han lærte oss korleis vi kjenner igjen gamle kolmiler. Dette har vore til uvurderleg hjelp, fortel masterstudenten.

 – I august 2022 besøkte eg mange kolmiler frå Røros og mot Drevsjø i Engerdal. Vi undersøkte vegetasjonen og tok jordsmonnprøver og årringsprøver frå lokale tre. Resultata av desse undersøkingane vil gi nyttige data om korleis kolmilene påverkar boniteten og økosystemet, og ikkje minst korleis kvaliteten på trekol blir forandra over tid. Det kan gi innspel både til skogbrannforsking og ikkje minst kunnskap om den langsiktige verknaden av biokull i skogjord, fortel masterstudenten.

Masteroppgåva og alle dataene rundt kolmilene vil bli gjort tilgjengeleg i 2024.

Lokalhistorikar Asbjørn Ryen viser Magnus Barnes Eng gamle kart over kolkøyring i arbeidsrommet heime i Os. Foto: Per Holm Nygaard
Lokalhistorikar Asbjørn Ryen viser Magnus Barnes Eng gamle kart over kolkøyring i arbeidsrommet heime i Os. Foto: Per Holm Nygaard

Fleire treslag kan ha stort nyttepotensial

Som følgje av rovdrifta på skogen fekk store areal i Nord-Østerdalen status som skogreisingsareal allereie i år 1900. Millionar av tre blei planta, og 1,5 tonn frø blei sådd. Hovudtreslaget var gran, i tillegg til noko furu.

– Situasjonen for skogen i delar av dei høgareliggjande strøka i Nord-Østerdalen er framleis dårleg, med stort innslag av fjellbjørk, låg tettleik i trebestandet (låg bestokning) og lågt ståande volum av furu. Klimaendringar og skadegjerarar kan gjera at det er risikabelt med berre to stadeigne bartreslag. Det kan føre til redusert virkesproduksjon, og ikkje minst bortfall av andre, viktige økosystemtenester knytt til miljø. Ved å bruke fleire treslag kan ein redusere og spreie risikoen. Slik vil også dei meir produktive treslaga vere gode verktøy for å motverke klimaendringar igjennom auka karbonlagring, held Per Holm Nygaard fram.

Samanlikningar mellom ståande naturskog og kulturskog gjer dette synleg.

Magnus Barnes Eng og Asbjørn Ryen ved ei kolmile ved Kvilvang i Tufsingdalen, Os. Foto: Per Holm Nygaard
Magnus Barnes Eng og Asbjørn Ryen ved ei kolmile ved Kvilvang i Tufsingdalen, Os. Foto: Per Holm Nygaard

– Vi har samanlikna kulturskog med tilgrensande naturskogfelt i regionen, og vi har sett ein stor forskjell i ståande volum av trevirke. I høgareliggjande areal med furuskog der det ikkje er utført kulturtiltak, varierer den ståande kubikkmassen rundt 3-6 m3 per dekar. På skogeigedommar i Alvdal, Tolga og Os der det er planta både gran, vrifuru, fjelledelgran, engelmannsgran og lerk, ligg ståande volum i storleiksorden 30-40 m3 per dekar.

– Avskogingsareala i Nord-Østerdalen peiker seg ut som areal der klimaplanting og skogrestaurering kan vera aktuelt. Planting av tilpassa, utanlandske treslag er eit klart førsteval dersom ein ønskjer ein høgast mogeleg biomasseproduksjon og ei størst mogeleg karbonlagring på areala. Om formålet er å restaurere høgareliggjande furuskog som blei overutnytta under gruvetida, er furu det naturlege treslagsvalet. Men då må materialet vere stadeigent, og det er framleis uvisst om hundreår med kraftig, selektiv hogst kan ha redusert kvaliteten på framtidsskogen i gruveområda, avsluttar Per Holm Nygaard.

Seniorforskar Ken Olaf Storaunet ved NIBIO viser Magnus Barnes Eng korleis årringar blir tald på årringlaben i NIBIO. Foto: Per Holm Nygaard
Seniorforskar Ken Olaf Storaunet ved NIBIO viser Magnus Barnes Eng korleis årringar blir tald på årringlaben i NIBIO. Foto: Per Holm Nygaard

 

Gruveverksemda i Røros og Nord-Østerdalen

I 1646 skreiv Christian IV, den dansk-norske kongen, eit privilegiebrev som gav Røros Koparverk einerett på mineral, skog og vassdrag innanfor ein diameter på rundt 45 kilometer rundt den første store gruva, Storwartz, som blei starta i 1645. Området blei namngitt som «Cirkumferensen», og alle bønder i området blei pålagt å selje mellom anna kol og ved, og drive transport for koparverket.

Med tida blei det etablert svært mange gruver i kommunane Røros, Holtålen, Tydal, Os og Tolga. På Kvikne i Tynset blei landets første, store koparverk etablert allereie i 1630. I Folldal blei Folldal verk etablert i 1748. Gruvedrifta forandra fundamentalt dei gamle fjellbygdene og gav med eit mogelegheita for betalt arbeid til svært mange. Sjølv om arbeidet var livsfarleg og førte til korte og slitsame liv, strøymde det menneske til verka, og bøndene som ikkje jobba direkte i bergverka fekk kjærkomne inntekter av å skaffe ved og kol.

For det trongst. Alle koparverka etablerte smeltehytter, for å få koparen ut av steinen og for å smelte koparen om til etterspurde barrar. Det kravde kol. Enorme mengder kol. Spora etter bergverksdrifta, og såra i landskapet er godt synlege den dag i dag, ikkje berre i form av bygningsrestar, men også slagghaugar, gruvegangar og tungmetallforureining. Det blei drive intens rovdrift på skogsområda rundt bergverksverksemda. I alle bygdene i Nord-Østerdalen, i Røros og i dei omkringliggjande områda, blei det hugga og brunne enorme mengder kol igjennom fleire hundre år. Restar etter kolmiler kan for eit trena auge, sjåast svært mange stader. Skogen i dei høgareliggjande områda i Nord-Østerdalen viser framleis stort innslag av fjellbjørk og glisne furuskogar med lågt ståande volum. 

Smeltehytta på Røros. Foto: Morten Günther
Smeltehytta på Røros. Foto: Morten Günther

 

Starten på Røros koparverk

Ifølgje gamle forteljingar var bonden Hans Aasen på jakt i Storvola, omtrent ei mil aust for det som i dag er bergstaden Røros. Dette må antakeleg ha vore i tida før eller i 1645, der kongen i Noreg het Christian IV og heldt til i København. På denne tida hausta danskekongen store verdiar frå sølvgruvene i Kongsberg, og på Kvikne i Tynset hadde dei allereie drive kopardrift i omtrent 14 år. I 1644, året før Hans Aasen var ute på jaktturen sin, blei det freista å drive ein koparførekomst i fjellområdet Rauhåmmåren, også aust for Røros, men denne blei oppgitt på grunn av dårleg kvalitet.

Koparmalm var neppe i Hans Aasens tankar der han sneik seg innpå reinflokken. Éi galen rørsle, og han ville kome tomhendt heim. Kanskje hadde han følgt etter flokken i fleire dagar. Kanskje hadde han ein stor, svolten ungeflokk som var avhengig av at han lukkast. Kanskje var han sjølv så svolten at det berre var så vidt han orka å bere rundt på den tunge rifla. Men så var han heldig med vinden, og han kunne snike seg enda litt nærare.

Hjarteslaga hamra nok i øyra hans der han la rifla med flint- eller snapplås til kinnet og konsentrerte seg om å sikte. Det næraste bytet stod med breidsida mot han. No gjaldt det! Kanskje bad han ei bønn til høgare makter, kanskje svelgde han tørt medan han prøvde å hindre skjelvinga i venstrearmen som heldt våpenet oppe. Tida stansa. Vinden stogga og alt blei stilt, før flintbiten small ned og sette fyr på svartkrutet. I same sekund som krutrøyken spreidde seg og smellet bjeffa over fjellvidda reagerte flokken som éin, stor organisme og sette av garde. Det gjorde også simla Hans Aasen hadde skote mot, men blodet fossa ut av bogen. Ho kom ikkje langt, og rakk antakeleg å sjå banemannen kome settande mot henne – med takksemd i blikket.

Det var då, medan han opna simla at han såg det. Flokken hadde i panikken sparka vekk mose og skrinn jord. Under glitra fjellet metallisk og underleg i sollyset. Han tok med seg ein steinbit tilbake saman med slaktet, og denne viste han seinare til den tyske skiktmeisteren Lorentz Lossius, som arbeidde ved kopargruva på Kvikne. Slik blei det første, gedigne gruvefeltet på Røros ein realitet. Storwartz-feltet blei eit av dei viktigaste gruvefelta på Røros, og i 333 år framover skulle det drivast ut enorme mengder kopar frå fjellet. Gruvene på Røros blei rekna blant dei rikaste i Europa.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Skogtilstanden i høyereliggende arealer i Nord-Østerdalen som ble overutnyttet i ved gruvedrift frem til ca. 1900 viser fortsatt stort innslag av fjellbjørk og glisne furuskoger med et stående volum varierende rundt 3-6 m3 per dekar. Den dårlige gjenveksten av furu i området kan trolig delvis forklares ut fra endret lokalklima etter rovhogstene, mangel på frø, vedvarende hardt beitetrykk og lokal forurensning fra smeltehyttene. I områder som ble klassifisert som skogreisingsarealer (70.000 daa) er det utført ulike kulturtiltak som viser at disse arealene har et langt større produksjonspotensiale. En tidobling av stående volum vil være mulig med aktiv kultursatsing og treslagsskifte om formålet er størst mulig produksjon og karbonbinding. Vrifuru kan være et bra alternativ på mange lokaliteter. Vektlegges restaurering av den tidligere furuskogen vil det naturlige treslagsvalget være stedegen furu. Per i dag er det begrenset tilgang på frø og plantemateriale fra høydelag 7, men mulighetene for naturlig foryngelse bør klarlegges. De siste tiårene med gunstigere temperatur har trolig medført økt andel modent frø i høyereliggende furuskog. Langtidsvirkninger av kølbrenning på bonitet og næringstilgang er tema i en masteroppgave knyttet til prosjektet og vil utgjøre endelig rapportering når oppgaven foreligger i 2024.