Hopp til hovedinnholdet

Algegard vann Landbrukets innovasjonspris

algegard

Vinnarane av Landbrukets innovasjonspris 2020.

Folvengaard AS vann i dag Landbrukets innovasjonspris. Ved bruk av lokale naturressursar og husdyrgjødsel produserer bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle mikroalgar som skal bli til mat og fôr. Folvengaard AS er partner i det unike forskingsprosjektet. Dei bygger no sin eigen fotobioreaktor som dyrkar mikroalgar av CO2-utsleppa frå kyrne på garden.

– Innovasjonsprisen er ei stor kjelde til inspirasjon for arbeidet med å realisere prosjektet fullt ut, fortel vinnarane. Dei er dei første i verda som har starta algeproduksjon på eigen gard.

­ – Det er flott å sjå at nokon torer å gå foran. Algebøndene viser at jordbruket også er langt framme når det gjeld nytenkning, sa mat- og landbruksminister Olaug Bollestad då ho delte ut prisen. under konferansen Mat og Landbruk i Oslo tidligere i dag.

– Reaktoren i Stryn viser at landet kan vere sjølvforsynt med dei sentrale næringskjeldene som vi i dag importerer og tilset i matproduksjonen, fortel forskingsleiar Stig A. Borgvang i Algae To Future-prosjektet (A2F) som er styrt frå NIBIO på Ås og finansiert av Forskingsrådet.

 

Norsk algeindustri

Kvart år importerer vi om lag 500.000 tonn soya til mellom anna oppdrettsfôr og dyrefôr. No ser både landbruket og oppdrettsnæringa etter alternativ, og mange har fått opp auga for produksjon av mikroalgar i lukka miljø.

Mikroalgane veks i vatn, lev av CO2 og får sin energi frå lyset. Folven nyttar ein krinslaup frå kumøkk i lukka gjødselstank, forbrenning av metangass og uttrekk av CO2 som byggesteinar til mikroalgene i eit lukka system. Folven har eige vasskraftverk som gjev energien til lys som mikroalgane treng til veksten. I løpet av kanskje fjorten dagar kan vi hauste næringsrike mikroalgar som er fulle av protein og feite fettsyrer som dyra er så avhengige av.

– Vi ser at vi rykker nærare målet om ein berekraftig mikroalgeindustri. Behovet i næringa er der, og desse reaktorane viser at der er konkret teknologi som kan investerast i. Reaktorane kan setjast opp der fôr- og matproduksjonen er. Det er som fotosyntesen i stor skala. Ved å bruke algene i dyrefôr kan primærproduksjonen auke, heilt uten bruk av matjord. Er det noko vi har nok av her i landet, så er det godt vatn, nok CO2 og fornybar energi, seier Borgvang, men peikar på at matjord er ein avgrensa ressurs.

Dei offensive Vestlandsbøndene håpar innovasjonsprisen kan bidra til auka merksemd om prosjektet. Dette er svært motiverande. Dersom nominasjonen kan bidra til auka satsning på utvikling av ein meir sirkulær og berekraftig mat- og fôrproduksjon, er det svært gledelig, seier Gjørven.

Forskingsprosjektet Algae to Future har dei siste par åra samla 20 forskingsmiljø i eit nettverk som kan dyrke proteinar, feite omega-3 feittsyrer, antioksidantar, og dei sentrale næringsstoffa som vi treng i maten.

9-11-12.jpg
erfl-20190614-172406.jpg
Prosjektleder for A2F-prosjektet i NIBIO, Stig A. Borgvang og leder for Folven Gård, Dag Hjelle foran en meget moderne driftsbygning for mikroalgeproduksjon. Foto: Erling Fløistad, NIBIO.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.