Teknologi kan gjere jordarbeidinga meir presis
Under årets teknologidag blei det vist korleis ny teknologi kan brukast til stadspesifikk jordarbeiding. Foto: Silje Kvist Simonsen
Ny teknologi kan hjelpe bønder med å tilpasse jordarbeidinga til behova på ulike delar av jordet. Under årets teknologidag på NIBIO Apelsvoll fekk rundt 250 deltakarar sjå korleis dette kan gjennomførast i praksis.
På ein solrik septemberdag møtte om lag 250 deltakarar opp på NIBIO Apelsvoll for å lære om det nyaste innan landbruksteknologi. I år var effektivisert jordarbeiding eit viktig fokusområde, som vart belyst både gjennom faglege innlegg og praktiske demonstrasjonar i felt.
Jorda må takast vare på
Jorda er sjølve grunnlaget for planteproduksjonen vår, og er ein ressurs som vi må ta betre vare på. Likevel forsvinn jord. Jord kan bli erodert bort, og dette kan vere særleg utfordrande i periodar med mykje regn.
– Klimaet i Noreg gir oss stadig meir nedbør. Det stiller stadig større krav til jorda si struktur, for at jorda skal kunne handtere mengdene vatn og ikkje bli vaska bort, forklarer Till Seehusen. NIBIO-forskaren er kjernepersonen bak teknologidagen, og har arbeidd lenge med jordarbeiding i Noreg.
– Jordarbeiding, som pløying, påverkar jordstrukturen. For å bevare jordstrukturen vil det derfor vere gunstig å bearbeide jorda mindre, og grunnare, forklarer forskaren.
Mindre jordarbeiding kan gi fleire fordelar
Minimal jordarbeiding, som i praksis vil bety eit landbruk utan plog, kan vere positivt både for jordstrukturen og den biologiske aktiviteten i jorda. I tillegg krev jordarbeiding mykje, både i tid og i dieselbruk.
– Di djupare jorda blir behandla, desto tyngre må traktoren jobbe, og desto meir diesel vil arbeidet krevje, forklarer Seehusen.
– Studier viser at å gå over til mindre intensiv jordarbeiding kan redusere dieselforbruket med 30-80 prosent. På den måten kan redusert jordarbeiding også spele direkte inn på klimagassutsleppa frå landbruket.
Seehusen er likevel klar på at det på enkelte stader kan vere behov for å arbeide djupare ned i jorda. Behovet kan oppstå ved problem med ugras, store mengder planterestar som må innarbeidast i jorda, eller sterk jordpakking. Slike forhold kan variere innanfor same skifte. Seehusen trekker mellom anna fram vendeteigane, område på jordet der traktoren snur, som spesielt utfordrande.
– Vendeteigane blir køyrde på mange fleire gonger enn resten av jorda, og er ofte område med hardpakka jord, mykje ugras og dårleg avling.
– I tillegg er ikkje eit jorde eit einsarta område. Variasjonar i jordtype og topografien i landskapet er med på å skape område på same jorde som har ulike behov.
– Her kan teknologiske nyvinningar hjelpe oss å arbeide jorda rett!
Rett tiltak på rett område
Eit av måla med teknologidagen på Apelsvoll er å vise korleis ny teknologi kan bidra til å løyse utfordringane som landbruket møter. Her går datateknologi og landbruksmaskiner hand i hand.
– Vi har mange verktøy som kan kartlegge behova på eit jorde, seier Krzysztof Kusnierek, leiar for avdelinga for landbruksteknologi i NIBIO.
– Mange av dei meir stabile eigenskapane til jorda er kartlagt i portalar som Kilden, men denne informasjonen bør kombinerast med andre målingar for å få ein best mogleg oversikt. Her kan avlingskart, målingar gjort med drone og bondens eigne erfaringar spele inn.
Samla kan denne informasjonen brukast til å avgjere kva slags jordarbeiding som trengst på ulike delar av jordet.
– Med ein slik optimalisert jordarbeiding kan vi bearbeide mesteparten av jorda mykje grunnare, samstundes som områda som treng det blir arbeidd djupare, summerer Seehusen.
– Å setje i verk rett tiltak på rett område, og til rett tid, er sjølve kjernen i presisjonslandbruket, utdjupar han.
Første demonstrasjon i Noreg
Ein viktig del av teknologidagen er å vise korleis kunnskapen kan bli brukt i praksis. Derfor flokka folkemengda ut på jordet etter lunsj, for praktiske demonstrasjonar.
David Nicolay Eik og Even Kristian Mangerud frå Felleskjøpet demonstrerte ei moderne harv som regulerer kor intensivt jorda skal arbeidast, basert på ei tildelingsfil.
Fila inneheld informasjon om kva slags jordarbeiding som skal utførast på ulike delar av jordet.
Publikum fekk mellom anna sjå tydelege skilnader i korleis ulike mengder halm blei blanda inn i jorda, avhengig av om harva køyrde med same innstilling over heile jordet, eller med stadspesifikke innstillingar. Demonstrasjonen, som også involverte ein beltetraktor, var den første opne demonstrasjonen av denne teknologien som er gjort i Noreg. Under demonstrasjonen var det også mogleg å følgje med på kor mykje diesel traktoren brukte på dei ulike områda på jordet.
Det å investere i ei heilt ny harv er ikkje realistisk for alle. Frå publikum kom det spørsmål om det var mogleg å drive stadspesifikk jordarbeiding med mindre komplisert utstyr.
– Det er mogleg å gjere tiltak sjølv, basert på kunnskap om jorda di. Mellom anna kan det vere ein idé å løfte harva lenger opp manuelt der det er aktuelt, svarer Seehusen.
– Du treng ikkje ta i bruk dyr teknologi for å arbeide meir optimalisert, forsikrar han.
Inspirerer framtidas bønder
Teknologidagen var godt besøkt, også av studentar. Ei av dei er Sigrid Falksete frå Blæstad studiested ved Universitet i Innlandet. 19-åringen studerer agronomi, og gler seg til å ta over garden heime. Ho ser fram til å kunne bryne seg på utfordringane som ligg framfor henne.
- Det er spennande å sjå korleis ny teknologi kan brukast til å møte framtidas utfordringar, seier ho med eit smil.
KONTAKTPERSON
Till Seehusen
Forsker
-
Divisjon for matproduksjon og samfunn
(+47) 932 69 878 till.seehusen@nibio.no Kontorsted: Apelsvoll
Teknologidagen på Apelsvoll
Teknologidagen blir arrangert kvart år mot slutten av september, og er eit samarbeid mellom avdelinga for korn og frøvekster og Senter for presisjonslandbruk. På Teknologidagen møtest bønder, rådgjevarar, maskinleverandørar, styresmakter, studentar og forskarar for å finne nye løysingar for framtidas matproduksjon. I år vart dagen arrangert for sjette gong.
Teknologidagen blir arrangert med tilskot frå klima- og miljøprogrammet (KMP) Innlandet.
KONTAKTPERSON
Till Seehusen
Forsker
-
Divisjon for matproduksjon og samfunn
(+47) 932 69 878 till.seehusen@nibio.no Kontorsted: Apelsvoll
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.