Kan Noreg bli eit vinland?
Prosjekt druedyrking i kjølig klima har som hovudmål å legga til rette for etablering av nettverk, kunnskapsbygging og forsking på druer dyrka i norsk klima. Foto: Darius Kviklys
Ein Chardonnay frå Hardanger eller ein Riesling frå Telemark? Kanskje kan norsk vindyrking bli meir enn berre ein draum. Faktisk er nordleg vinproduksjon i sterk vekst. Ved NIBIO utforskar forskarar korleis druedyrking kan lykkast i kjølege Noreg.
Nordlege og kalde vinregionar er ikkje lenger ein kuriositet, men ein del av ein global trend der klimaendringar, nye druesortar og ny kunnskap er med på å forme framtidas vin.
Også Noreg har potensial til å bli ein del av denne utviklinga.
Byggjer opp kunnskap
Dei siste to åra har NIBIO jobba for å byggje opp eit fagleg fundament for vindruedyrking i Noreg. Det har resultert i etableringa av to forskingsfelt med vindruer – eitt ved NIBIO Ullensvang i Hardanger og eitt ved NIBIO Landvik i Grimstad.
– Dette er svært spennande! Desse felta vil gjere det mogleg å følge utviklinga gjennom heile sesongen, og vil gje innsikt i kva slags dyrkingsstrategiar som fungerer i nord, fortel Ingunn Øvsthus, forskar ved NIBIO Ullensvang.
I tillegg har prosjektet samla forskarar, rådgjevarar og norske druedyrkarar i eit nytt fagnettverk som skal løfte den norske kompetansen vidare.
– Målet er no å utvikle eit nytt prosjekt med særleg vekt på fenologi og dyrkingsteknikkar for druer tilpassa nordlege klima. Dersom norsk vinproduksjon skal utvikle seg, må kunnskapen byggjast systematisk, presiserer Øvsthus.
Nordleg samling
I desember 2025 var ho og ein rekkje andre forskarar, rådgjevarar, vinprodusentar og druedyrkarar frå heile Nord-Europa og nordlege delar av Amerika samla til vinproduksjonskonferansen VitiNord 2025 i Vilnius.
Eit av dei mest omtalte tema var kor raskt klimaet endrar seg. Varmare vårar gjev nye moglegheiter for produksjon av druer i nordlege strøk.
Den så kalla Huglin-indeksen (ein varmesumindeks utvikla for vingardar) har auka markant dei siste tiåra, noko som tyder på lengre vekstsesong og eit klima som ikkje lenger ligg heilt i utkanten av det som trengst for druedyrking.
Men nettopp denne utviklinga aukar òg risikoen fortel Øvsthus::
– Når knoppane sprett tidlegare, blir dei sårbare for frost som framleis kjem med ujamne mellomrom. I fleire land, mellom anna Polen, Latvia, Estland og Finland, viste forskingsresultat at frostnetter kan øydeleggja primærknoppane.
Primærknoppen bestemmer i stor grad normal avling, medan sekundærknoppen fungerer som ein sikkerheitsmekanisme dersom hovudknoppen går tapt.-
-Difor var det berre sortar med evne til å utvikle avling frå sekundærknoppar som klarte å setje nokre drueklasar seinare på sommaren.
- Klimaet i nord krev ein kombinasjon av eigenskapane kuldetoleranse, sein knoppbryting og kort utviklingstid. For norske produsentar betyr det at val av rett sort blir avgjerande for å sikre stabil avling, seier Øvsthus.
Tunelldyrking
I Estland har tunnelar blitt svært viktige for druedyrkinga.
– Tunneldyrking gir betre kontroll på temperatur, reduserer frostskadar om våren og resulterer i betre fargeutvikling i drueklasen.
– Dette har særleg relevans for norske dyrkarar som vurderer å produsere raudvin – her kan tunnel vere eit nødvendig grep for å sikre modning og aromautvikling, seier NIBIO-forskaren.
Sortar tilpassa kjøleg klima
Blant sortane som klarer seg godt i kjølig og ustabilt klima, står Solaris fram som ein favoritt ifølgje Øvsthus.
– Sorten modnar tidleg, toler kulde, oppnår høgt sukkerinnhald og gjev friske, aromatiske vinar som eignar seg både til stille vin, musserande, oransjevin og dessertvin. Difor er det ikkje rart at Solaris går igjen som den mest brukte drua i dei fleste nordlege vinland.
Det pågår eit spennande arbeid med å utvikle nye druesortar som kan passe i Norden.
– Københavns Universitet samarbeider med planteforedlingsprogrammet FastGrapes. Prosjektet har som mål å utvikle nye druesortar som kan modnast til høg kvalitet i nordisk klima. Dette prosjektet testar òg sortar i Noreg. Dette kan vere eit vendepunkt for dei som ønskjer norskprodusert vin av høg kvalitet, seier Øvsthus.
Gjennom det internasjonale arbeidet PIWI (International Working Group for the Promotion of Fungus Resistant Grape Varieties) vert det og utvikla druesortar.
– Ikkje berre toler dei kulde og er sterke mot sjukdomar, men med desse kan me laga gode vinar med høg kvalitet i kjølige område, kommenterar forskaren.
Ho legg til at tyske forskarar har dokumentert at dei nye PIWI-sortane kjem godt ut samanlikna med tradisjonelle druesortar når det gjeld smak eller munnkjensle.
– Nokre av dei leverer endå høgare fenolinnhald. Dette er lovande nyheiter for nordlege produsentar som ønskjer å satse på kvalitet i staden for berre klima-robustheit.
Jorda – den usynlege medspelaren
Jordliv og mikrobiologi vil også vere viktige faktorar i ein framtidig norsk vinproduksjon.
Øvsthus fortel at franske forskarar har vist korleis sopp, bakteriar, organisk materiale og jordstruktur påverkar druekvalitet på eit nivå mange produsentar kanskje ikkje tenkjer på til dagleg.
– Resultata viste ein sterk samanheng mellom aktiv jordbiologi og betre næringsopptak, sunnare planter og meir komplekse druer, seier ho.
– Det interessante er at fleire av tiltaka som styrkar jordlivet – som dekkevekstar, redusert jordarbeiding, kompost og biologisk mangfald – passar svært godt til norske høver. Mange norske dyrkarar brukar allereie slike metodar, noko som kan gi oss eit fortrinn i ei tid der berekraft blir stadig viktigare både agronomisk og marknadsmessig, påpeikar ho.
Frå drue til vin – kva fungerer i nord?
Men vinlaging i kaldt klima stiller eigne krav. Kvaliteten på druer frå nordlege strøk er prega av høg syre og lågare utvikling av fenolar, noko som gjer vinlagingsteknikkar ekstra viktige.
Musserande vin er eitt av områda der nordlege produsentar har eit naturleg fortrinn. Kombinasjonen av syre, frisk aromaprofil og moderat sukker gjer at druer som Solaris eignar seg godt, seier Øvsthus.
– Fleire produsentar frå Danmark, Tyskland og Baltikum har vist korleis sjølv små felt kan produsere musserande vin av imponerande kvalitet.
Lallemand er eit internasjonalt bioteknologiselskap som utviklar, produserer og sel gjær, bakteriar og mikrobiologiske løysingar til bruk i mat og drikke, landbruk, helse og industri.
I ein presentasjon løfta dei fram mikrobiologien som ei av dei mest undervurderte kreftene i nordleg vinlaging. Med rett bakteriestamme i malolaktisk gjæring kan ein ikkje berre stabilisere vinen, men òg påverke aroma, struktur og balanse på ein måte som er særleg nyttig for høgsyrevinar frå nordlege regionar.
– Dette skjer ved av bakteriestammar «mjukar opp» syre-innhaldet ved at eplesyre vert omdanna til mjølkesyre. Mjølkesyra vert opplevd mindre syrleg enn eplesyre. Malolaktisk fermentering bidreg også til å framheva fruktaroma, redusera dei grøne tonane og gje rundare munnkjensle, forklarar Øvsthus.
Historie, identitet og forteljing – den nye marknadskrafta
Erfaringar frå Polen og Slovenia viser korleis små, unge vinregionar kan bygge sterk identitet gjennom forteljing, kultur og opplevingsbasert turisme.
– Forbrukarar vil vite kven som har laga vinen, korleis han er produsert, og kva slags landskap han kjem frå. Dette er ei moglegheit norske produsentar kan gripe framover – med vår natur, våre historier og vår kombinasjon av tradisjon og innovasjon, seier NIBIO-forskaren.
Ho held fram:
– VitiNord 2025 viste at nordleg vinproduksjon er i sterk vekst, både fagleg og kommersielt. Noreg har no teke dei første nødvendige stega for å vere ein del av denne utviklinga. Med etableringa av dei to forsøksfelta i NIBIO og planane om eit hovudprosjekt i 2026, byggjer vi i eit kunnskapsgrunnlag som aldri har eksistert før i norsk vinproduksjon.
Det som no skjer i prosjekt som FastGrapes, saman med erfaringane frå Baltikum og Skandinavia, er positivt for framtida til norsk drue- og vinproduksjon, trur Øvsthus.
– No handlar det om å teste, evaluere og byggje kunnskapen vidare i eit framtidig prosjekt, avsluttar ho.
KONTAKTPERSON
Vinproduksjon i Skandinavia
Den kommersielle vinproduksjonen i Skandinavia tok for alvor til etter år 2000, då EU opna for kommersielle vinmarker i Danmark og Sverige.
Rundt 2010 gjekk vinproduksjon frå hobbyverksemd til profesjonell næring, og fleire gründerar etablerte seg i regionen.
Jean Becker var ein av dei første kommersielle vinprodusentane i Danmark. Han starta vinmarka si i 2000, saman med berre seks dyrkarar.
I dag har Danmark om lag 150 kommersielle vinmarker som dekkjer rundt 125 hektar, i tillegg til meir enn 1 000 hobbydyrkarar.
Sverige har 47 kommersielle vinprodusentar som dyrkar vin på til saman 193 hektar.
Kjelde: www.winemixture.com
I Noreg finst det lite offentleg dokumentasjon om vinproduksjon. NIBIO har gjennom forprosjektet samla inn noko informasjon, der det er i overkant av 10 produsentar som har kommersiell betydning. Det er meir enn 50 gardar som dyrkar druer i Noreg, ofte som eit tillegg til frukt- og bærproduksjon.
Kjelde: NRK
VitiNord
VitiNord er ein internasjonal konferanse om vindyrking og vinproduksjon som arrangerast kvart tredje år, vekselvis i Europa og Nord-Amerika. Konferansen samlar druedyrkarar og vinprodusentar frå nye vinregionar i kalde og kjølige klima, blant anna i Skandinavia, Baltikum, Nord-Europa, Nord-Amerika og Kina. Målet er å dele kunnskap om dyrking av druer og produksjon av vin under krevjande klimatilhøve, og samtidig bidra til lokal økonomisk utvikling ved å styrke vin- og druenæringa i nordlege område.
VitiNord 2025 vart arrangert i Litauen i desember.
Vindruesortar planta ved NIBIO Ullensvang i desember 2024
• Cabaret Noir
• Cabernet Cortis
• Cabernet Jura
• Muscaris
• Pinotin
• Rondo
• Solaris
• To nye lovande sortar
100 plantar Solaris er planta i open jord og på Mypex. Av øvrige er det planta 20 plantar per sort.
Forskarane testar også ut ulike sortar av borddruer.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.