Framtidas VIPS skal gi råd til kvar enkelt åker
Foto: AndreyPopov / iStock
Under Plantehelsedagen 2026 diskuterte forskarar, rådgjevarar og bønder korleis VIPS må utviklast for å møte framtidas utfordringar. Kunstig intelligens, dronar og sensorar kan gjere framtidas varslingsteneste langt meir presis enn den er i dag.
VIPS er utvikla av NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving (NLR), og har i 25 år hjelpt norske bønder med å ta betre avgjerder om plantevern. No meiner seniorrådgjevar Tor-Einar Skog i NIBIO at systemet må utviklast vidare for å møte nye utfordringar i landbruket.
I dag kan bønder få varsel om risiko for sjukdommar og skadegjerarar i sitt område. I framtida kan varslingstenesta VIPS gi råd tilpassa den enkelte åkeren.
– Framover kan systemet bli langt meir detaljert enn det er i dag, seier Skog.
Frå varsling til avgjerdsstøtte
Klimaendringar, strengare regelverk og færre tilgjengelege plantevernmiddel gjer at behovet for presise råd aukar.
Målet er derfor ikkje meir sprøyting, men smartare og meir målretta tiltak.
– Dagens VIPS må transformerast frå å vere eit tradisjonelt varslingssystem til å bli ei fullt integrert og proaktivt avgjerdsstøttesystem. Modellane må bli langt meir detaljerte og rettast inn mot ein kvardag der kjemisk sprøyting er siste utveg, seier Skog.
Han ser for seg at framtidas system kan kombinere vêrdata, feltobservasjonar, dronar, sensorar og kunstig intelligens for å gi råd som er tilpassa kvar enkelt kultur og kvart enkelt skifte.
Tiltaka kan vere alt frå overvaking og biologiske metodar til bruk av fiberduk eller presisjonsplantevern.
Skal kjenne forholda i den enkelte åkeren
Ifølgje Skog er det ikkje lenger nok å vite at ein skadegjerar finst i eit område.
– Bonden treng å vite nøyaktig når sårbare biologiske vindauge treff inn i akkurat den aktuelle kulturen, seier han.
For å få til dette må VIPS byggjast på langt meir detaljerte data enn i dag. Lokale agronomiske forhold, ugrasførekomst kartlagd med drone og fuktforhold i den enkelte åkeren kan bli viktige delar av framtidas avgjerdsstøtte.
– VIPS må kunne fortelje bonden: «No startar sverminga. Du må ut og leite etter egg no», seier Skog.
Kan bli kopla til traktorar og robotar
På sikt ser han også for seg at VIPS kan integrerast tettare med bonden sine digitale verktøy.
– Systemet må kunne integrerast direkte inn i traktoren ute på feltet og i sprøyterobotane for automatisk oppfølging i sanntid, seier han.
Samtidig meiner han rådgjevingstenesta må bli meir digital og tettare integrert med varslinga.
Langtidsvarsel for heile sesongen
I dag tilbyr VIPS detaljerte varsel for ei rekkje skadegjerarar basert på vêrdata frå eigne vêrstasjonar og data frå Meteorologisk institutt.
Framover ønskjer forskarane å bruke modellane meir framtidsretta.
– Vi ønskjer å kunne kople dei mot langtidsvarsel og tremånaders sesongvarsel for å føreseie korleis den kommande sesongen kan utvikle seg, og korleis skadegjerarsituasjonen endrar seg i takt med klimaet, seier Skog.
Kunstig intelligens kan gi raskare forsking
Automatisert biletinnsamling, dronar og andre sensorar kan også gi forskarane tilgang til langt større datamengder enn i dag.
– Dette vil gjere at forskinga går vesentleg fortare framover, fordi valideringa av biletmateriale i større grad kan automatiserast, seier Skog.
Han understrekar samtidig at ny teknologi ikkje kan erstatte biologisk kunnskap.
– Trass kunstig intelligens krevst det framleis eit solid og oppdatert forskingsgrunnlag for kvar enkelt skadegjerar, seier han.
For å realisere planane meiner han det blir viktig å styrkje samarbeidet mellom VIPS, NLR og forskingsmiljøa innan presisjonsjordbruk.
– I dag kan rådgivinga seie: «Om tre dagar er det fare for innflyging av gulrotfluge.» I framtida må vi kunne seie: «Kulturen din er no særleg sårbar. Legg ut fiberduk i dag.» Det er dit vi ønskjer å komme, seier Skog.
KONTAKTPERSON
Tor-Einar Skog
Seniorrådgiver
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 913 03 819 tor-einar.skog@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
VIPS
VIPS (Varsling Innan PlanteSkadegjerarar) er eit verktøy utvikla av NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Tenesta er open, gratis og tilgjengeleg for alle, men rettar seg særleg mot bønder og rådgjevarar i norsk landbruk.
VIPS inneheld varslingsmodellar for sjukdommar og skadedyr i korn, frukt og bær, potet og grønsaker, ugrastabellar til hjelp ved nedkjemping av ugras i vårkorn, skadetersklar for vurdering av behovet for nedkjemping av ulike skadedyr, meldingar om overvaking og første funn av skadegjerarar, fagmeldingar og driftsmeldingar.
Den daglege drifta av VIPS blir finansiert gjennom kunnskapsutviklingsmidlar frå LMD til NIBIO. Større forskingsoppgåver med relevans for VIPS blir løyste i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.
Vips Internasjonalt
Sidan 2014 har VIPS vore ein del av fleire internasjonale prosjekt knytte til utvikling av verktøy for integrert plantevern i Europa, Asia og Afrika, mellom anna i samarbeid med organisasjonar som FAO og IITA. VIPS er godkjent av FN som eit globalt digitalt fellesgode.
KONTAKTPERSON
Tor-Einar Skog
Seniorrådgiver
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 913 03 819 tor-einar.skog@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.