Epleskurvsesongen er i gang – grøn spiss observert på Linge i Fjord kommune
Angrep av epleskurv og andre skadegjerarar heng tett saman med lokale vêrforhold. Foto: Åsmund Asdal
Epleskurvsesongen startar når epletrea får sine første grøne spirer. No melder forskarar at sesongen er i gang også i 2026.
– Eg fekk e-post frå Linge i Møre og Romsdal på måndag med bilete som viste grøn spiss i Gravenstein. Eg sette 22. mars som dato i VIPS, seier Håvard Eikemo, forskar i NIBIO.
Når trea når stadiet «grøn spiss», betyr det at dei første blada er i ferd med å bryte fram frå knoppane. Då kan epleskurvsoppen byrja å infisere, dersom vêret er mildt og fuktig.
Skurv på eple- og pæretre er ei av dei viktigaste plantesjukdomane i norsk fruktdyrking. Sjukdommen skuldast ein sopp som kan føre til skjemde frukter, redusert avling og økonomisk tap for dyrkarane.
Vêret avgjer risikoen
Angrep av epleskurv og andre skadegjerarar heng tett saman med lokale vêrforhold. Når temperaturane stig og det kjem nedbør, kan sporane frå soppen infisere nye blad før dei er fullt utvikla.
Difor blir det no varsla fare for angrep i VIPS (Varsling innan planteskadegjerarar), eit nettbasert verktøy utvikla av NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving. Varslinga gir fruktdyrkarane eit grunnlag for å vurdere tiltak og timing gjennom sesongen. Prognosar frå Meteorologisk institutt blir kombinerte med data frå eit nett av klimastasjonar.
– Det er viktig å følgje med på varslinga, presiserer Håvard Eikemo.
Dei tidlegaste områda først
Dei første varsla kjem gjerne frå dei mildaste fruktdistrikta på Vestlandet, men utviklinga spreier seg raskt når våren kjem.
– Dei tidlegaste distrikta for epleskurv er ofte Telemark, Jæren, Hardanger og delar av Vestlandet. Men vi har også epleproduksjon i Østfold, Lier-området, på Sørlandet og rundt Mjøsa. Store delar av landet er inkludert i varslinga, forklarer Eikemo.
Med registrert grøn spiss er epleskurvsesongen 2026 i gang. No følgjer rådgivarar og fruktdyrkarar nøye med på vêret for å setje inn rett tiltak til rett tid.
KONTAKTPERSON
Håvard Eikemo
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 916 95 954 haavard.eikemo@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Fakta om VIPS
VIPS - Varsling Innen PlanteSkadegjørere, er eit nettbasert verktøy som hjelper den norske bonden med å ta gode val for integrert plantevern gjennom vekstsesongen. Her finst varsel om fare for angrep av sjukdomar og skadedyr, og fortløpande informasjon om ulike angrep.
KONTAKTPERSON
Håvard Eikemo
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 916 95 954 haavard.eikemo@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.