Abstract

Endringar i driftsform, teigstruktur og landskap i fruktproduksjonen har skapt behov for betre kunnskap om korleis insekt responderer på ulike landskapstypar. I dette forprosjektet (2022-2023) undersøkte me korleis landskapet rundt fruktfelt kan påverka førekomst av skadeinsekt, nyttedyr og omfanget av fruktskadar. Fire fruktbruk i Sørfjorden vart studerte. To ligg i fragmenterte landskap med mange arealbrukstypar, og to i meir samanhengande fruktområde. Landskapet vart kartlagt ved hjelp av AR5 (arealressurskart i målestokk 1:5000 buffersoner) og registrering av overgangar mellom arealbrukstypar. Insekt vart samla inn med bankehåv og feromonfeller, og skadar på frukt vart registrert rett før hausting. Analysane viste store skilnader mellom felt innanfor 50 m radius rundt midtpunktet i felta, medan dei likna meir kvarandre når ein såg på arealbruk innanfor 500 m radius. Dette støttar at val av skala er avgjerande i studiar av landskapseffektar. Fangsten av skadeinsekt var låg, og det vart ikkje funne klare koplingar mellom landskap og skadeomfang. Nebbteger var det viktigaste nyttedyret, med varierande førekomst mellom felt, men utan eintydig samanheng med graden av fragmentering. Skadar på frukt var generelt låge. Prosjektet konkluderer med at metodar som kombinerer buffersoner, arealbrukstypar, kantregistrering og diversitetsanalysar er eigna for å vurdere landskapet frå eit insektperspektiv. Eit forprosjekt kan ikkje ta høgde for kompleksiteten i interaksjonar mellom bruk og storleik av areal, planter og skade- og nytteinsekt, men det kan fanga opp trendar, vurdera metodar og leggja grunnlag for relevante forskingsspørsmål. Det har vore ambisjonsnivået i dette prosjektet. For å avgjere om landskapet bør påverke val av plantevernstrategi, trengst det fleire undersøkingar i fleire felt over fleire år og meir detaljert informasjon om drift og vegetasjon. Dette ynskjer me å undersøkja i eit hovudprosjekt.