Volum- og prisindeksar

For visse føremål er det av interesse å vite korleis prisar (og tilskot) har utvikla seg over tid, uavhengig av endringar i mengdene av produserte varer/tenester eller bruken av innsatsfaktorar.

I tillegg til at utviklinga i prisar (og tilskot) for varer/tenester eller grupper av varer/tenester kan vera av interesse, kan det også vera av interesse å vite korleis endringar i prisar (og tilskot) isolert sett har påverka resultatmåla for økonomien i jordbrukssektoren. Slik volumfast utvikling kan visast i prisindeksar.

Tilsvarande kan det vera av interesse å vite korleis produserte mengder og bruk av innsatsfaktorar har utvikla seg og den isolerte verknaden på resultatmåla av endringane i mengder. Altså korleis resultatmåla ville ha utvikla seg dersom det ikkje hadde vore endringar i prisar (og tilskot). Volumindeksar visar slik prisfast utvikling.

Budsjettnemnda for jordbruket reknar ut indeksseriar for volum- og prisutviklinga i jordbruket på grunnlag av jordbrukets totalrekneskap og totalbudsjett (Totalkalkylen).
 

Volum- og prisindeksar for jordbruket

Budsjettåret 2018

5.251 MB xlsx

Volum- og prisindeksar for jordbruket. Rekneskapsåra 1959-2016.

Budsjettåret 2017, avgitt juni 2017, 50 sider.

4.411 MB pdf

Tabellane til Volum- og prisindeksar for jordbruket.

Rekneskapsåra 1959-2015. Budsjettåret 2016

5.251 MB xlsx

Jordbrukets prisindeks