Hopp til hovedinnholdet

Søtkirsebær og sorten Van

Søtkirsebær-Van_Mekjell-Meland

Den kanadiske søtkirsebærsorten Van har framifrå fruktkvalitet og var hovudsort i Noreg gjennom mange år. Foto: Mekjell Meland

Van har vore hovudsort i norsk søtkirsebærdyrking dei siste 30 åra og er framleis ein av hovudsortane. Sorten er kanadisk, men er godt tilpassa norske dyrkingsvilkår.

I Noreg veks det tre ville slag av slekta Prunus. Det er P.avium L., fuglebær (søtkirsebær), P. spinosa L., slåpetorn og P. padus L., hegg. Ein reknar desse slaga som forvilla: P. cerasus L., surkirsebær, P. insititia L., kreke og P. domestica L., plomme.

Botanikk hjå hegg og kirsebær

Av slekta Prunus finst det tre grupper: kirsebærgruppa, plommegruppa og heggegruppa. Mellom gruppene finst det greie botaniske skilje. Til dømes kjem blada føre blomane hjå hegge-gruppa og etter hjå plomme- og kirsebærgruppa. Blomane sit i klase hjå hegg, knippe hjå kirsebær og skjerm hjå plomme.

Innan kirsebærgruppa dyrkar me hovudsakleg to slag, søtkirsebær og surkirsebær. Ei språkleg misstyding har ført til at søte kirsebær feilaktig vert kalla moreller. I botanisk korrekt nemning er moreller surkirsebær med mørk saft, men i Noreg er moreller i praksis synomymt med søtkirsebær. Surkirsebær med ljos saft vert kalla amareller. Maibær er ei kryssing mellom søte og sure kirsebær.

Kirsebærtreet
Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys yver fjordgamle graset
blomane ein for ein.

Og det er kirsebærtreet
innanfor hageleet
som blømer i tidleg vår.
Mot gråe skytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.

Or "Glør i oska" (1946)
Av Olav H. Hauge

Heimstad og utbreiing

Søtkirsebær stammar frå Asia. Det er eit av dei mest utbreidde fruktslaga, særleg i den nordlege tempererte sona, i Europa og på aust- og vestkysten i USA. Men i dei siste åra har dyrkinga vorte meir utbreidd også på den sørlege halvkula og då særleg i Sør-Amerika. Søtkirsebærtrea skil seg ut ved at dei toler mindre vinterfrost, er meir utsette for sjukdomar og at fruktene sprekk lettare i regnvêr enn surkirsebær .

Søtkirsebærdyrkinga i Noreg

Det første søtkirsebærtreet i Ullensvang vart planta av presten Atche på Ullensvang prestegard sist på 1750-talet. Trea kom truleg frå Danmark og vart heitande Atchebær. Det vart sagt at fruktene var ljosegule og velsmakande.

Søtkirsebærdyrking utvikla seg etter kvart til å verta ein viktig del av fruktdyrkinga i Ullensvang, særleg i forrige århundre. I 1950-åra synte søtkirsebærdyrkinga teikn til stagnasjon. Produksjonen gjekk føre seg på gamle, høge tre som var særs arbeidskrevjande. Dessutan var det vanskeleg å få hovudsortane då, som var Holmabær og Werder, fram til marknaden i ein slik stand at fruktene verka attraktive og gav meirsmak.

Det var difor ei aktuell arbeidsoppgåve som vart teke opp av Ullensvang Forsøksgard under leiing av Jonas Ystaas i 1959 då heile 60 søtkirsebærsortar vart importerte frå Canada, USA, England, Danmark og Tyskland og planta ut i sortsforsøk.

Søtkirsebærsorten Van

Denne sorten merkte seg snøgt ut i sortsforsøket som lovande, noko fruktdyrkarane la merke til. Sorten stammar frå forsøksstasjonen Summerland i British Columbia i Canada. Det er ei frøplante etter fri pollinering av sorten Empress Eugenie som er ein gamal fransk sort i gruppa Maibær.

Frøa vart samla inn i 1936, utvald i 1942 og namngjeve året etter. Namnet Van vart valt til å æra ein pomolog ved forsøksgarden i Vineland, Ontario på austkysten av USA, J.R. Van Haarlem. Sorten Van har mørke, faste og store frukter på om lag 10 g med framifrå smak. Sukkerinnhaldet er høgt og det er god balanse mellom sukker og syre når sorten er mogen. Fruktsteinen er liten og stilken er kort.

Trea har middels vekstkraft, kjem tidleg i bering og gjev årvisse og store avlingar. Sorten modnar like føre Bing som har vore den største sorten i produksjonsvolum i USA gjennom mange år. I Noreg er modningstida i slutten av juli. Veikskapar med sorten er at fruktene sprekk lett i regnver, er utsett for rotning og har større utgang av tre enn vanleg.

Søtkirsebær-Van-3_Åsmund-Asdal.jpg
På Hardanger folkehøgskule, like ved NIBIO Ullensvang, er det etablert ei samling med sortar av søtkirsebær. Det er Mekjell Meland (t.h.) og Oddmund Frøynes som tek hand om samlinga. Foto: Åsmund Asdal

Utbreiing og intensiv dyrking i Noreg

Fruktdyrkarane såg straks at sorten Van var i særklasse. Så snart dei første forsøksresultata låg føre på 1960-talet, tok dyrkarane sorten i bruk. Etter kvart vart Van den viktigaste sorten og utgjorde halvparten av produksjonsvolumet over ein lengre periode heilt fram til dette århundre. Framleis er dette ein av dei viktigaste handelssortane våre.

På 1990 talet var det aukande interesse for søtkirsebærdyrking i Noreg. Andre fylke i landet der det var fruktdyrking frå før, som i Telemark (Gvarv), Agderfylka, Ryfylke og Sogn og Fjordane (Lærdal) byrja å planta søtkirsebær med tanke på eksportproduksjon. Samstundes vart forsøksaktiviteten innan søtkirsebærdyrking intensivert ved NIBIO Ullensvang.

Dekke mot regn

Det vart arbeidd med dekkesystem som hindrar at fruktene vart utsette for regn og dermed sprekk sund, intensive plantesystem med mange og låge tre pr arealeining og bruk av svaktveksande grunnstammer slik at trea kom tidlegare i bering og gav meir årviss avling.

Likeins vart det sett fokus på betre plantevern og dessutan varehandsaming. Rask nedkjøling, maskinsortering og tiltak som betra kvaliteten fram til forbrukar. Heile tida var det sorten Van som vart nytta som målestokksort. Den nye kunnskapen vart teken i bruk hjå norske fruktdyrkarar og i andre søtkirsebærdyrkande land også. Framleis er Van ein hovudsort, men den har no fått konkurranse med sortar som mognar seinare.
 

Litteratur
Faust, M. and D. Surany. 1997. Origin and Dissemination of Cherry.
Horticultural Reviews 19: 263-317.
Kappel. F. 1998. 'Van' Sweet Cherry. Fruit Varieties Journal 52(4). 182-183.
Olafsen. G. 1964. Kirsebær. Ei vurdering av sortane og ei stutt omtale av nokre dyrkingsspørsmål. Utgjeve av Gartnerhallen. 64 sider.
Ystaas, J, og O. Frøynes 1999. Utprøving av grunnstammer og søtkirsebærsortar gjennom 50 år

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren:

Mekjell Meland er seniorforskar ved NIBIO Ullensvang som ligg på Lofthus ved Sørfjorden i Hardanger. Melands hovudområde for forsking er dyrkingsteknikk i frukt. Han har og ansvaret for ei samling med gamle sortar av søtkirsebær frå Hardanger som vart samla inn for nokre år sidan. Samlinga er ei bevaringssamling for Norsk genressurssenter og ligg på Hardanger folkehøgskule på Lofthus.

Søtkirsebær-Van-2_Åsmund-Asdal.jpg
Kirsebær i bløming om våren er eit vakkert syn. Foto: Åsmund Asdal
Sortsomtaler av søtkirsebær