Hopp til hovedinnholdet

Jefferson x

ManglerBilde

Den plommesorten som blei kalla Jefferson X, var ei frøplante som blei utvald av professor Ljones ved NLH omkring 1970. Under utprøvinga av seleksjonen blei nemninga Jefferson X brukt fordi den likna i mange eigenskapar på sorten Jefferson. Men sorten blei vraka før den kom så langt at det blei gitt eit offisielt namn på den.

 

Særs godt syltetøy

Frukta var litt langstrekt oval, den var gul eller aprikosfarga. Det sermerkte ved sorten var den noko uvanlege strukturen i fruktkjøtet. Det var fast eller seigt, og den losna godt frå steinen. Frukta kunne delast med fingrane utan at det rann ut saft. Seleksjonen passa godt som råstoff for syltetøy. Det gav eit velsmakande syltetøy med fin farge og god konsistens.

 

Fruktstorleiken var om lag 30 gram, i nokon av åra litt større. Den mogna første veka av september, fram til midten av september. Den blomstra nær samtidig med Victoria, og blomstra årvisst og rikt. Fruktsetjinga var også bra, og avlinga var svært god i fem av dei åtte åra den var med i dei norske sortsprøvingane. Fruktsafta har middels innhald av sukker, og syreinnhaldet var helst lågt. Smaken er god.

 

Nokre interessante eigenskapar

Trea var små og svake, og dei var lite robuste. Fleire av trea gjekk ut både i feltet på Ås og på Sem i Asker. Dei hadde for lite livskraft. Ei annan ulempe var at fruktoverflata fekk brune, litt nekrotiske flekker. Skader viste tydeleg på den lyse overflata, og var sterkt skjemmande.

 

Jefferson X hadde nokre interessante eigenskapar, særleg som sort for konservindustrien og til hagar der folk på den tid kokte eige syltetøy. Men den hadde så mange negative eigenskapar, at den aldri blei lansert som sort.

 

Denne er foreløpig ikke bevart og vi ønsker opplysninger om hvor den kan finnes