Hopp til hovedinnholdet

Svart soldatfluge (Hermetia illusence) som husdyr

BSFegg

Egg av svart soldatfluge. Foto: Gunnhild Jaastad

Svart soldatfluge er gjerne den viktigaste insektarten brukt til fôr og mat i verda. Arten finst ikkje naturleg i Noreg, og Miljødirektoratet må gje løyve til innførsel og produksjon. NIBIO fekk løyve til innførsel og bruk av svart soldatfluge i forsøk i 2017.

Livssyklus

Samalikna med mjølbiller har svart soldatfluge ein kort livssyklus, dei utviklar seg frå egg til ferdige pupper på under ein månad.

Dei vaksne flugene lever ikkje lenge og dei et lite eller ikkje, dei lever på den maten som er omdanna til larvevekt. Hannane klekker frå pupper eit par dagar før hoene, og er klare for paring når hoene kjem. Om lag to dagar etter paring er hoene klare for å leggje egg.  Ei ho legg berre egg ein gong, men då legg ho om lag 600 egg i ein batch. I naturen legg hoene egg der det er sannsynleg at larvene vil overleve når dei klekker. I ein laboratoriekultur må ein finne metodar for å ‘lure’ dei slik at egga lett kan haustast.

Optimale omgjevnader

Svart soldatfluge krev høg temperatur (rundt 27 °C), rett ljos og høg luftfuktigheit (75 % RH).

Rett ljosstyrke og ljosbølgje er svært viktig for at dei vaksne skal pare seg og leggje egg. I eit klimaskap kan dette regulerast, og ein er sikra at insektkulturen lever over tid.

Larvemat

Svart soldatfluge si evne til å leve på matrestar og anna vått organisk materiale gjer dei godt eigna til å omdanne organisk avfall til proteinrike larver. Larvene veks best når dei får proteinrik og våt mat, om lag 70 % våtvekt i maten er optimalt. I laboratoriekulturen hjå NIBIO vert svart soldatfluge fôra med hønsefôr utblanda i vatn.

Våte organiske matrestar, som frukt, grønsaker og bioavfall, kan eigne seg som mat for svart soldatfluge, og i forsøk er ulike organiske restar testa på larver frå laboratoriekulturen. Nokon organiske kjelder gjer at larvene veks fort og vert store, andre gjev små larver som veks seint. For insektprodusentar er slik kunnskap avgjerande.

Avfall frå larvene ein ressurs

Som mjølbiller produserar larver av svart soldatfluge eit avfall som består av restar av mat, avføring og insekthud (frass). Dette avfallet kan også verte ein ressurs. Frass inneheld plantenæring, microorganismar og kitin som kan styrke jord og planter. Ein laboratoriekultur gjer det mogeleg å variere ulike innsatsfaktorar, som larvemat og insektart, og vurdere effekten av kvar enkelt på planter og jord.

Oppsummert: Larver som har vakse opp under optimale tilhøve, både med tanke på biotiske og abiotiske tilhøve, er godt eigna for forsøk. Ein laboratoriekultur av insektlarver er heilt avgjerande for å utføre god forsking på dette feltet. 

BSF_larver – Kopi.jpg
Larver av svart soldatfluge. Foto: Gunnhild Jaastad