Prosjekter

NIBIO lever av prosjekter - vi henter inn rundt 100 millioner kroner årlig i prosjektinntekter fra nasjonale og internasjonale finansieringskilder. Vi har høy aktivitet innen EU- og EØS-prosjekter og vi deltar også i forskningsprosjekter i Asia, Afrika og Latin Amerika. NIBIO leder flere store internasjonale prosjekter med fokus på matsikkerhet og klimaendringer. Prosjektlisten er ikke fullstendig.

Prosjekter

Project image
Sider - Smaken av Hardanger


Siderproduksjon er ein gamal tradisjon på norske fruktgardar, spesielt i Hardanger. Etter at alkohollovgjevnaden vart endra i 2005 har produksjonen av sider for sal teke seg opp. Og dei siste åra har interessa for den norske sideren eksplodert nasjonalt, men og internasjonalt. Den norske sideren er eit unikt produkt, med stort marknadspotensiale. Årsaka til den unike smaken av norsk sider kjem truleg frå dei norske eplesortane og dyrkingstilhøve, men ikkje minst er faktorar som påverkar biokjemiske reaksjonar og gjærtypar under gjæringsprosessen avgjerande for smaken. Auka kommersialiseringa av norsk sider krev at det vert nytta produksjonsmetodar som gjev produkt med stabil kvalitet, både kjemisk, mikrobielt og sensorisk. For å få dette til er det behov for forsking og ny kunnskap om kva som ligg bak smaken gjennom heile produksjonen. Kunnskapen frå prosjektet skal gje grunnlag for å setje opp eit kontrollsystem og teknologisk innovasjon for å sikre stabil kvalitet på produkta.

Aktiv Sist oppdatert: 23.10.2019
Slutt: juni 2022
Start: sep 2019