Hopp til hovedinnholdet

SWATICK-Betra velferd i saueholdet. Førebyggjande tiltak, sjukdomsresistens og motstandskraft i høve til flåttbårne sjukdommar

INAKTIV SIST OPPDATERT: 11.06.2019
Slutt: des 2010
Start: nov 2006

Det største velferdsproblemet i sauehaldet i beitetida er flåttbårne sjukdommar (TBF), fluelarver, alveld og rovdyr. Produksonstap på flåttinfiserte beiter er store, og ein reknar med at meir enn 300 000 lam/søyer er påverka av TBF. 

Flaatt levende voksen hokjønn1.jpg
Foto: Lise Grøva
Start- og sluttdato 01.11.2006 - 31.12.2010
Avdeling Vilt og utmarksressurser

I berekraftige driftsmåtar, spesielt økologisk, blir det lagt vekt på prevantive tiltak for å løyse desse utfordringane. Det er risko for utvikling av resistens bunde til bruk av medisinar. Det er derfor av generell interesse for å bruke prevantive metodar. Det er derimot få tilgjengelege prevantive tiltak mot flåttinfeksjon og TBF. Det er såleis eit behov for alternative strategiar.

Fokus for dette prosjektet vil vere på:

Indirekte tap. Indirekte tapa på grunn av TBF skuldast dårlegare velferd, vekst, kjøttkvalitet og inntekt. Nasjonale data gir informasjon om vekt, slaktekvalitet og tap av dyr på flåttinfiserte beiter og vil bli brukt til å identifisere og kvantifisere indirekte tap. Auka kunnskap om omfanget av indirekte tap på grunn av flått vil betre motivasjonen for å setje i gang preventive tiltak.

Slippetid på beite og immunitet. Lam på flåttinfiserte beiter og søyer som for første gong kjem på flåttinfiserte beiter er mest utsatt. Dyr vil utvikle immunitet etter førstegongs infeksjon. Effekten av å utsette lam for flåttinfeksjon veldig tidleg etter fødsel vil bli undersøkt i forsøk på fem gardsbruk med tilsaman 300 lam. Hypotesen er at lamma som blir infisert veldig tidleg tåler sjukdommen betre og vil ikkje bli alvolreg sjuke.

Sjukdomsresistens. Det er tegn som tyder på at det er individuell varisasjon i å bli utsett for TBF hos sau. Variasjonen i resistens mot flått og TBF mellom individ kan skuldast mange faktorar. Utprøving av mogleg genetisk variasjon mellom rasar og individ innan rase for slik resistens vil bli gjort ved hjelp av et kontrollert forsøk og ved å analysere data frå værringar i flåttinfiserte områder.

Publikasjoner i prosjektet