Hopp til hovedinnholdet

Divisjon for matproduksjon og samfunn

Skjøtselsplanar for heilskaplege kulturlandskap i tre stølsdalar i Stryn kommune

INAKTIV SIST OPPDATERT: 24.09.2022
Slutt: sep 2022
Start: juni 2021

Utkastet til skjøtselsplanar for det heilskaplege kulturlandskapet i Bødalen, Erdalen og Sunndalen i Jostedalsbreen Nasjonalpark er utarbeidd på oppdrag frå Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre. Skjøtselsplanane for dei tre stølsdalane inneheld både ein Generell Del (Bele et al. 2017) og ein Spesiell Del utarbeidd i 2022.

Status Avsluttet
Start- og sluttdato 15.06.2021 - 20.09.2022
Prosjektleder Bolette Bele
Divisjon Divisjon for matproduksjon og samfunn
Avdeling Kulturlandskap og biomangfold

I Generell Del vert det skildra kva ei skjøtselsplan er, ulike kulturavhengige naturtypar, omsyn til kulturminne og aktuelle restaurerings- og skjøtselstiltak i slike heilskaplege kulturlandskap. Spesiell Del skildrar tilhøva og verdiane i stølsdalane meir spesifikt, slik som forvaltingsstatus, brukshistoria til landskapet, registrerte kulturminne, kulturavhengige naturtypar og det biologiske mangfaldet. Det er valt ut referanseområde for dei ulike naturtypane og definert bevaringsmål. Skjøtselsbehovet i dei ulike naturtypane er skildra meir i detalj og det er gjeve forslag til ei prioritert tiltaksliste.