Fureneset

NIBIO Fureneset ligg ved kysten i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Lokaliseringa er representativ for kystsona og fjordstroka på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og vind. Forskingsstasjonen vart oppretta i 1938 for å arbeida med forskingsoppgåver knytt til jord- og plantekultur i grasdyrkingsområda på Vestlandet.

 

Arbeidsområde

Hovudarbeidsområdet for medarbeidarane ved Fureneset er auka arealproduktivitet i grovfôrdyrking, drenering, husdyrgjødsel, klimagassemisjon frå landbruket knytt til dyrking og drift av jordbruksareal og klimatilpassing av gras og kløver. I mindre grad vert det drive forskings- og utviklingsarbeid knytt til beiting og skjøtsel av kulturlandskap og til skadeverknad av hjortebeiting på innmark og skog. Fureneset arbeider mykje med spørsmål knytt til Vestlandet, og der samspel mellom jord og verlag er av det som skapar utfordringar både i vekstsesongen med omsyn til drift og hausting av areala, og med overvintring i eng om vinteren.

 
Dei vitskapelege medarbeidarane er knytt til Avdeling fôr og husdyr, men har og nært samarbeid med fleire andre avdelingar i NIBIO.
 

Jord, skog og forsøksfelt

Jorda på Fureneset er mykje morenejord, dominert av kornfraksjonane sand og silt, og med eit lite og vekslande innslag av leire. Noko av morenejorda var i utgangspunktet karakterisert som grunn myr, men er no etter lengre kultivering mineraljord med moderat til høgt innhald av organisk materiale i matjordlaget. Noko av arealet er djup organisk jord, men med morenejord under. Jorda på Fureneset er representativ for store deler av Vestlandet.

På Fureneset er det i drift tre forsøksfelt som høyrer til langvarige tidsseriar, som har synt seg å vera interessante i forsøkssamanheng dels ut frå andre grunnar enn det dei i si tid var lagt ut for at ein skulle granska:

  1. organisk jord tilført stigande mengde morenejord og skjelsand i overflata ved etablering (1977),
  2. middels djup organisk jord med mineraljord under,  omgraven med skråstilte lag (1977), og
  3. felt der ein granskar effekten av ulik gjødsling og ulik lengde på engomløp (1972).

Desse felta er i dag nytta til å granska klimagassemisjon etter ulik dyrkingsmåte og driftsopplegg, og til å granska karbondynamikk i jord.

Dyrka areal på Fureneset er om lag 210 dekar. Av dette vert om lag 90 dekar nytta til forsøksareal, inkludert areal i «kvileår» mellom forsøksperiodane. Størst areal vert nytta til grasfelt på oppdrag for GRAMINOR, dette omfattar «vestleg utprøving» av nytt sortsmateriale. Fureneset leiger også areal til forsøksfelt til drenerings-, jordfysikk- og klimagasspørsmål. Dette gjeld dreneringsfelt, eitt med tradisjonell grøfting i Askvoll med omfattande instrumentering (12 dekar), og eitt felt med omgraving som dreneringsmåte i Fræna, Møre og Romsdal (3 dekar).


Jordarealet (ca. 120 dekar) som ikkje vert nytta til forsøksareal vert leigd bort til gardbrukarar i området. Utmarksarealet omfattar både skog og areal som kan dyrkast. Skogen er dels naturleg bjørk- og furuskog, dels planta skog av gran, sitkagran, furu (kystfuru), contortafuru og buskfuru/bergfuru. Ein god del av plantingane er leplantingar som tek av for framherskande vindretningar og som har betra det lokale klimaet.

 

Bygg og infrastruktur

Fureneset fekk nytt kontor og laboratoriebygg i 1994. Kjellar: arbeidsrom for grasprøver/handtering av grasforsøk med tørkeskap, hakke og mølle m.m.; første høgd: plante- og jordlabaratorium i tillegg til nokre kontor; andre høgd: kontor, og  i loftsetasjen er det møterom.

Det er også eit veksthus på Fureneset, opphaveleg bygd til grasforedling, men no meir sporadisk nytta. I kjellaren er det arbeidsrom med tørkeskap for grasprøvar, og kjøle- og fryserom. Fureneset er bra utstyrt for feltforsøk i jord- og plantekultur, både kva gjeld maskiner og teknisk utstyr elles.

 

Nettverk og samarbeidspartnarar

Norsk Landbruksrådgjeving Vest (NLR) leiger kontorplass for to medarbeidarar og TINE for ein medarbeidar på Fureneset. NLR Vest og andre regionale einingar i NLR er viktige samarbeidspartnar. Elles har Fureneset hatt tett og nært samarbeid med Fylkesmannen i vestlandsfylka, dette har gjeve grunnlag for fleire prosjekt med finansiering frå NFR, og frå Landbruksdirektoratet. Samarbeidspartar elles er Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU), GRAMINOR, Universitetet i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Klimadirektoratet (tidlegare DirNat), Landbruksdirektoratet. Samarbeidet med andre einingar i NIBIO er nært, og dette ligg til grunn i den nye modellen. Samarbeidsråda for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har ein eit tett og godt samarbeid med, sameleis med Samarbeidsråd i andre deler av landet om enn ikkje i like sterk grad.

Kontaktperson
Furuneset_Ragnar%20Våga%20Pedersen.jpg
Foto: Ragnar Våga Pedersen
NIBIO Fureneset

Fureneset ligg på Fure i Ytre Fjaler, litt nord for utløpet av Sognefjorden. Ein er såleis plassert i eit maritimt klima, med stor årleg nedbør og heller milde og våte vintrar.

Klimatiske hovudtrekk er at vår og forsommar har minst nedbør, og haust og førjulsvinter mest nedbør. 
 
Adresse: NIBIO Fureneset
Fure
6967 Hellevik i Fjaler

Årsnedbør normal (1961-1990): 2010 mm

Temperatursum 5 °C (døgngrader): 1129

Det har vore auke i årsnedbør normal i høve til berekna normal frå perioden 1931-1960. Berekning av nedbørsnormal med grunnlag i åra etter 1990 tyder på framleis auke i årsnedbør og temperatur.

Fagavdelingar på Fureneset

Fôr og husdyr