Yrande fugleliv ved nyleg restaurert vatn

rusasetvatnet04.11.2016.jpg

Rusasetvatnet etter rekonstruksjonen. Foto: Ørland nasjonale våtmarkssenter.

Rekonstruksjonen av Rusasetvatnet på Ørlandet i Sør-Trøndelag er Noregs største miljørestaureringsprosjekt for våtmark. I haust har vatnet blitt heva, og fuglane flokkar allereie tilbake til området.

I Noreg har vi drenert ut mange av våtmarksområda våre. Dette kan ha ein negativ innverknad både på biodiversiteten og tilgangen til natur for menneska i nærmiljøet. No vurderer eit aukande tal kommunar å rehabilitere land som tidlegare har vore våtmark, for å få attende dyrelivet og skape nye friluftsområde. 

Ørland kommune i Sør-Trøndelag har starta eit av dei største prosjekta  i Noreg. Det var svært lite att av Rusasetvatnet, den tidlegare drikkevasskjelda til kommunen, og det meste  av naturlandskapet i området var tatt over av landbruket. Ein ny reguleringsplan for området blei vedtatt i 2005, og NIBIO (då Bioforsk) blei leigd inn for å lage ein restaureringplan for vatnet og området. Målet var å ivareta interessene til både friluftsliv og fugleliv, samstundes som ein skulle ta omsyn til landbruket i området. 

Det banebrytande prosjektet har halde på over mange år. I 2016 har arbeidet med å restaurere Rusasetvatnet tilbake til ein stor innsjø vore i siste fase. I oktober i år byrja prosessen med å heve vatnet etter at demninga blei stengt av.

atle forklarer.jpg
Atle Hauge presenterar arbeidet ved Rusasetvatnet. Foto: NIBIO.

Fuglane vender tilbake

- Ørland er ein liten kommune med stort press på areala, som mellom anna er knyta til ein ny kampflybase og landbruk, seier forskar Atle Hauge ved NIBIO. Han har leia arbeidet med å utvikle restaureringsplanen for vatnet. 

Hauge forklarar at området måtte gravast ut for å skape djupne for eit vasspeil på 400 dekar. Dette er det største miljørestaureringsprosjektet av våtmark i Noreg. 

NIBIO-forskaren fortel at Rusasetvatnet har ei fortid både som mølledam og kjelde for drikkevatn. Nesten alt vatnet blei tappa ut på 1980- og 90-talet, og resten grodde att. Det var berre ein liten rest igjen då rehabiliteringa byrja. 

- Fram til nedtappinga var vatnet svært viktig for det rike fuglelivet i våtmarksområdet. Mykje av dette forsvann då området blei tappa. Etter den offisielle stenginga av demningen ved Rusasetvatnet i oktober i år har vatnet byrja å fylle seg opp. Effektane har vore over all forventning fortel han. Rundt 1. desember var vatnet fullt, og det byrja renne over i overlaupet. 

- På kortare tid enn berekna har området fylt seg opp med vatn. Samstundes har ein sett ei rekkje fugleartar kome attende til området. Mellom anna har store flokkar med ender og svaner, samt interessante artar som varslar, sporvehauk og oter blitt observert i området rundt vatnet, seier han.

 

Utfordringar

Den første delen av arbeidet gjekk ut på å drenere området slik at det blei tørt nok til utgraving av vassbassenget. Noko av massane vart nytta til å lage ei demning som avgrensa vatnet si utbreiing mot nord og vest, noko til å lage turveg og skuleveg på sørsida av vatnet, medan noko blei nytta ute i vatnet for å lage øyer som kan brukast av fuglar til hekking, beite- og rasteplassar. 

- Ei av dei største utfordringane i arbeidet var at grunnen var våt med silt og noko kvikkleire i undergrunnen. Det var vanskeleg å grave ut då det berre blei søle. For at det skulle bli tørt, måtte vi lage kanalar inn i området og tørke det ut. Så byrja vi å grave om lag ein meter ned, seier han. 

Men grunnen er ikkje like djup over heile området slik det var planlagt, for pengane strakk ikkje til.

- Men alt vil kome under vatn, seier Hauge og legg til at ein må rekne med at det kanskje vil gro igjen med siv i ein del område der vatnet er grunt. 

- Det skjedde førre gong, men det er ganske mykje djupare no. 

Ei anna utfordring var omsynet til bøndene. Det var viktig for kommunen at rehabiliteringa ikkje gjekk ut over landbruksverksemda i området, men dette la på store omkostningar, fortel Hauge. 

- Det ville blitt mykje billegare om ein ikkje måtte ta dette omsynet. Men samspelet med grunneigarane har også vore ein føresetnad for heile prosjektet, seier han.

 

Fleire som vil restaurere

Ifølgje Hauge manglar vi mykje våtmark her i Noreg.

- Du finn våtmark inne i skogane, men mykje har vorte drenert ut, seier forskaren.

Det er særleg i næringsrike område det har vorte drenert.

Restaurering av våtmark er noko som no blir gjort fleire stader i landet.

- Mellom anna har Kallaksjøen i Trøgstad (Østfold) blitt restaurert. Også Slevdalsvatnet på Lista (Vest-Agder) er eit stort vatn som held på å gro att. Der ønskjer ein å stoppe utviklinga og utvide vasspeilet.

Men NIBIO-forskaren trur ikkje alle vil prioritere å restaurere våtmark.

- Det er såpass dyrt at ein må ha samverknad med naturinteresser og friluftsliv. 

KONTAKTPERSON
mg201101_DSC_8998.jpg
Sangsvana brukar Rusasetvatnet som overnattingsplass. I fylgje nettstaden artsobservasjoner.no blei heile 310 individ observert ved vatnet så seint som 6. desember 2016. Illustrasjonsfoto: Morten Günther.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.