Varme sumrar kan gi meir tørrflekksjuke på potet

DSC_0467_cropped

Utviklinga er at tørrflekksjuke flyttar seg nordover. Den har tidlegare blitt påvist i Oslofjordområdet, men vi fann i 2018 også positive prøvar frå Trøndelag, seier NIBIO-forskar Håvard Eikemo. Foto: Siri Elise Dybdal.

I fjor blei tørrflekksjuke påvist fleire stadar i Noreg. Blir det fleire lange tørre sumrar, kan sjukdomen få fotfeste i Noreg slik den har fått i våre naboland, åtvarar NIBIO-forskar.

Tørrflekksjuke på potet har ikkje vore eit stort problem i Noreg. Men i Sverige og Danmark har det vore ei auking dei siste åra. Åtaka er størst på potetproduksjon til industrien, men i varme år har det også vore avlingstap i matpotet.

Tørrflekksjuke er vanskeleg å påvise, og første positive identifisering i Noreg på fleire tiår var i 2009. I 2018 var vekstsesongen svært varm, og sjukdommen blei oppdaga fleire stadar i landet.

 

Frå Oslofjorden til Trøndelag

- Det er ikkje tvil om at dette er eit sterkt aukande problem i Danmark og Sverige – og då er det jo naturleg at vi står for tur. Omfanget i Danmark er relativt alvorleg, seier Håvard Eikemo, forskar ved NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi.

I 2018 prøvde NIBIO å kartlegge omfanget av tørrflekksjuke i Noreg, gjennom prøvar innsendt av Norsk Landbruksrådgiving (NLR).

- Vi fekk inn ca. 15 prøver i løpet av sesongen, der dei fleste var frå felt i vekstavslutning. Vi fann tørrflekksjuke i åtte av prøvane, men i enkelte av dei negative prøvane har bladverket vore i for dårleg forfatning til at vi har greidd å påvise nokon sjukdom.

- Utviklinga er at sjukdomen flyttar seg nordover. Den har tidlegare blitt påvist i Oslofjordområdet, men i 2018 fann vi også positive prøvar frå Trøndelag. Held det fram med tørre, lange sumrar, vil det vere sannsynleg at sjukdomen vil få enda betre fotfeste også i Noreg, seier han.

 

Forveksla

Tørrflekksjuke kan angripe alle plantedeler, men dei første symptoma kjem normalt på dei eldste blada, og spesielt dersom planta har vore utsett for vassmangel, dårleg næringstilførsel, insektskade eller andre former for stress. Små brune flekkar utviklar seg, ofte med konsentriske ringar. Sjukdomen drep potetriset, noko som fører til tidleg vekstavslutning.

Sjukdomen vert forveksla med mangelsjukdomar og andre sjukdomar som gjer bladflekkar.

Ifølgje Eikemo er det ikkje berre klima som spelar inn på utbreiinga av tørrflekksjuke:

- Tidlegare har nok tørrflekksjuke blitt dekka av tørråtebehandling. Men no har desse sprøytemidla mindre allsidig verknad, opplyser han.

 

Viktig med vekstskifte

Skaden er størst på potetproduksjon til industri. Unge planter er meir resistente enn gamle planter, og difor er sjukdomsutbrot vanlegast seint i sesongen.

- Der det er dårlig vekstskifte kan det bli eit større problem, seier Eikemo.

Det bekreftar Siri Abrahamsen, rådgjevar på potet i NLR Viken:

- Potetbøndene bør ha minst to potetfrie år og det er viktig med friske settepoteter.

- Ein må også kontrollere nitrogenbehovet i åkeren, vatne ved nedbørsunderskot og gjennomføre soppbekjemping ved begynnande blomstring, rundt midten av juli, i svake industrisortar. Gjenta behandlinga 14 dagar seinare om det er klimatiske forhold som favoriserer tørrflekksjuke – t.d. lite nedbør og varmt. 

- Ein bør også veksle mellom ulike typar sprøytemiddel ved behandling, seier Abrahamsen.

KONTAKTPERSON
Tørrflekksjuka er eit sterkt aukande problem i Danmark og Sverige – og no kan det sjå ut som at Noreg står for tur. Sjukdomen drep potetriset, noko som fører til tidleg vekstavslutning. Foto: Håvard Eikemo.
Tørrflekksjuke kan angripe alle plantedeler, men dei første symptoma kjem normalt på dei eldste blada. Små brune flekkar utviklar seg, ofte med konsentriske ringar. Sjukdomen vert forveksla med mangelsjukdomar og andre sjukdomar som gjer bladflekkar. Foto: Håvard Eikemo.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.