Unormalt store fritflugeåtak på korn i august

DSC_1000 (2)

Annette Folkedal Schjøll, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har undersøkt prøvar som har stadfesta at det er fritfluger som har forårsaka skadar på korn på Austlandet. Foto: Siri Elise Dybdal.

Fleire viktige kornområde på Austlandet har dei siste vekene fått skadar på avlingar grunna fritfluger.

Den varme sommaren i fjor har ført til at det no er kome ein uvanleg stor andre generasjon med fritfluger (Oscinella spp.). Fleire kornområde på Austlandet har meldt om skadar, fortel Annette Folkedal Schjøll, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Ho har undersøkt prøvar som har stadfesta at det er fritfluger som er på ferde.

Vanlegvis er det fyrste generasjon fritfluger som kan forårsake skadar på korn på vårparten og nokre gonger tredje generasjon på hausten. Det er svært uvanleg at andre generasjon skapar problem i Noreg.

erfl-20190827-122459.jpg
Angrep av fritfluger kan ha stor økonomisk betyding for dei som blir ramma. Dette gjeld både i høve tidleg vårskade og på haustsådd korn. Foto: Erling Fløistad.

Gunstige forhold

- I fjor var det veldig gunstige forhold for fritflugene – varmt, tørt og fint. Det gjorde at flugene kunne fullføre tre fulle syklusar. Det har nok også ført til høg overleving og auka populasjon. Mange av desse fritflugene vil ha overvintra og lagt egg i haustkorn. 

Sannsynlegvis har vi hatt ein stor førstegenerasjon, men det er ikkje sikkert at vi har sett problema fordi dei kan ha vore i gras. Fritfluger går både på gras og korn. Men vi ser at dei har vore her, for no er dei i produktet du sel, seier ho.

 

Typiske skader

Folkedal Scjhøll forklarar at fritfluge overvintrar som larve inne i dei angripne plantane. På Sør-Austlandet har fritfluge 2-3 generasjonar per år. Det er fyrste generasjon om våren som har størst økonomisk betydning. Hovudskotet på unge planter visnar, og heilt unge planter kan bli fullstendig øydelagde. Men no vert kornet vanlegvis sådd så tidleg at ein slepp unna skadelege angrep av fyste generasjon av fritfluge.

Larvane av  andre generasjon fritfluger gneg på sjølve korna som blir sterkt reduserte. I havre kan desse larvene også gnage på stilkane til greiner eller småaks. Dette fører til kvitaks i deler av toppen. Denne skaden frå fritfluge er vanskeleg å skilje frå kvitaks som skuldast "fysiologiske" skadar i planter.

- Som sagt er andre generasjonen som oftast ikkje så stor. Dessutan legg dei ofte egg på ugrasplanter. Men dei kan og leggje egg oppe i kornbestanden og angripe akset. Det er dette vi ser no. Eg har prata med rådgjeverar som fortel at bønder har hausta havre og levert til havregryn. Då har masse små svarte fluger kome opp. Dette er heilt typisk for den skaden vi har sett, seier NIBIO-forskaren. 

Egga av ein eventuell tredje generasjon av fritfluge blir lagt på gras eller nyspirt haustkorn. Ein kan da få skadar neste vår, eller det vil syne seg allereie no i haust.

DA_20120714-173550.jpg
I havre kan fritflugelarvene også gnage på stilkane til greiner eller småaks. Dette fører til kvitaks i deler av toppen. Foto: Dan Aamlid.

Må vere obs

Ho seier at angrep kan ha stor økonomisk betyding for dei som blir ramma. Dette gjeld både i høve tidleg vårskade og på haustsådd korn.

- Det kan også bety at dei må frese ned og så på nytt.  Det er for seint å gjere noko med det kornet som vert levert no. Det som er viktig er å så haustkornet på riktig stadium i forhold til når andre generasjonen klekker og legg egg. Ein må være obs – og eventuelt må ein vurdere tiltak.

Det ein kan gjere er å utsette såinga slik at kornet ikkje er tilgjengeleg for egglegging. Dette kan kome i konflikt med at såinga skal skje så tidleg som mogleg for vinteroverleving. Det må vurderast opp mot kvarandre.

Forskaren seier at vi nok må forvente meir av dette. 
-Varmare somrar vil kunne medføre fleire generasjonar og betre overleving, avsluttar ho.

KONTAKTPERSON
20190827_145816 (2).jpg
Larvane av andre generasjon fritfluger gneg på sjølve korna som blir sterkt reduserte. I havre kan desse larvene også gnage på stilkane til greiner eller småaks. Foto: Annette Folkedal Schjøll.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.