Hopp til hovedinnholdet

Skånsam omgjering av skogsmark til beitemark

André Kjellevold Sviland_cropped

Bonde André Kjellevold Sviland har behov for større beiteareal og ønskjer å nytte fleire skogområde til beite, mellom anna området i bakgrunnen her. Foto: Natalie Iselin Repstad.

André Kjellevold Sviland driv kjøtproduksjon i Songdalen kommune i Vest-Agder. Han har satsa på rasen Black Angus, og har behov for større beiteareal. Finnes det ein billeg og skånsam måte å gjere om skog til beite, utan fullt innrykk med gravemaskin og vending av all jorda?

Sviland ønskjer å nytte mest mogleg av ressursane på eigen gard.

- Desto nærare fjøset du kan halde alt, jo billigare og meir naturvenleg er det. Om ein skal leige beiteareal blir det brått mykje køyring og bruk av diesel. Eit anna poeng er at om eg gjerder inne mine eigne areal så veit eg at gjerda kan stå i 15 år.

Han har tenkt på korleis han kan gjere om skogsmark til beitemark, og har spurd ekspertane om råd.
 

Tre typar skogsmark: Rik, middels og fattig

- Før ein går i gong er det viktig å sjå på kva slags mark ein har, elles kan det gå dårleg. Er marka rik eller fattig, spør NIBIOs beitekartleggjar Yngve Rekdal retorisk. Svaret er at ein må sjå på vegetasjonssamansettinga på bakken.

Grovt sett er det tre typar skogsmark. Den rikaste og beste har gras, bregnar og urter. Den middels rike marka har blåbær og grasarten smyle. Den fattigaste og dårlegaste marka er dominert av krekling, røsslyng og tyttebær, med innslag av lav i nedbørfattige område.

- Manuelle skjøtselstiltak krev mykje ressursar. Eg ser altfor ofte at tiltak blir sett i gong på fattige areal som ikkje vil gje noko att. Innsatsen må difor settast inn på dei rikaste areala.

- Om du likevel vel å gjere om fattig mark så må du gjødsle. Jærbøndene er ekspertar på dette, dei køyrer gjødsel på fattige heier og har utvida beitearealet noko heilt enormt. Du kan dyrke i stålull om du berre har på nok gjødsel, seier Rekdal.

Yngve REkdal 2016 Jon Schärer (1).jpg
Eg får mykje spørsmål om dette no. Det er mange som treng meir beite grunna auka satsing på kjøttfe, seier beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO. Han har kartlagt beiteareal i Noreg i snart 40 år. Foto: Jon Schärer.

Hogst, beitetrykk og vegetasjonssamansetting

Om marka til Sviland er eigna for beiting kan han rydde og hogge trær i området, men hogsten må tilpassast vegetasjon og beitetrykk.

- Dersom han ikkje har mykje beitedyr bør han opne forsiktig, fordi god lystilgang gir mykje stubbeskot og nyskot av lauvtre. Tørr mark bør han vere forsiktig med, då fjerning av tresjikt aukar fordampinga frå marka. Ved høgt beitetrykk kan han opne skogen godt på areal med frisk vassforsyning.

For å få høgt nok beitetrykk kan det vere eit alternativ å styre beitetrykket ved inngjerding av utvalde område.

- Beiting favoriserer grasartar som toler avbiting. Gras er den beste maten for dyra, difor er beiting i seg sjølv eit tiltak for å kultivere marka, presiserer Rekdal.

7b Blåbærgranskog 7_Grøtåsen_Gausdal_110817_YNR.JPG
Blåbærgranskog er middels bra beite. Foto: Yngve Rekdal.

Fornuftig og oppnåeleg alternativ

Sviland seier at han har tenkt at det går an å gjere det slik, men at han tidlegare har fått anbefalt «Jærmetoden», med innrykk av gravemaskin, snauhogst, gjødsling og skogsbilvegar.

- Eg tenkjer at dette verker fornuftig, det er eit billigare og oppnåeleg alternativ. Eg trur trikset er å ikkje ta alt på ei gong, og heller opne opp gradvis, gjerde inn dyra, og la dei beite såpass hardt på eit område at skogen ikkje veks opp att.

2.jpg
Fakta

Yngve Rekdal har laga ein vegleiar som heiter «Skjøtsel av fjellbjørkeskog til husdyrbeite». Han seier at mange av dei same råda og vil gjelde for låglandet og andre typar skog. I vegleiaren skriv han at eit mangfaldig skogbilete med ulike tynningsgrader, også med snauflater, truleg er det mest gunstige både ut frå beitesynspunkt, landskapsbilete og biologisk mangfald. Også publikasjonen «Rettleiar for klassifisering av innmarksbeite i AR5» inneheld nyttige tips.

Storfe Aberdeen Angus hogstflate 13_Bleka_Ringsaker_050717_YNR.JPG
Aberdeen Angus på rik beitemark med urter og gras. Foto: Yngve Rekdal.
6a lav- og lyngrik furuskog_Innerdalen vest_Rennebu_300818_YNR (1).JPG
Lav- og lyngrik furuskog er eit veldig dårleg beite. Foto: Yngve Rekdal.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

I Skandinavia dannar fjellbjørkeskog eit belte mellom barskogen si øvre grense og snaufjellet. Dette beltet kan vera frå 100- 200 høgdemeter. Fleire sterke arealbruksinteresser er knytt til fjell bjørkeskogen. Tradisjonelt har mykje av norsk seterbruk foregått her. Husdyrbeiting i utmark blir fortsatt drive i stort omfang. Fjellbjørkeskogen er viktig også for fl eire ville dyr og fuglar som lever i overgangssona mellom snaufjell og skog. Mykje av reiseliv knytt til fjellet har basis i fjellbjørkeskogen der det meste av faste anlegg er lokalisert. Det same gjeld privat hyttebygging og andre anlegg knytt til friluftsliv og rekreasjon.