Overvaker vasskvalitet ved Noregs lengste jernbanetunnel

Atj 2018-3395_cropped

Eit kamera fotograferer området der Roåsbekken møter Blåveisbekken, ein mindre bekk som kjem frå Ski sentrum. Den kan ha med seg avrenning frå arbeida på sjølve stasjonen. I bakgrunnen, nokre få hundre meter lenger oppe, er det hektisk anleggsaktivitet og store krater i berggrunnen. Her skal tunnelen kome ut før Ski stasjon. Roåsbekken kan bli forureina av slam frå anleggsområdet. Bilda viser kor grumsete vatnet er, og forskerane kan bruke dei til å samanlikne med fysiske målingar av vantnets turbiditet. Om turbiditeten er høg, vil vatnet sjå grumsete ut. Kamera høver og som ein ekstra back-up. Foto: Anette Tjomsland.

Når BaneNOR byggjer Follobanen som skal gå frå Ski til Oslo er det mykje å passe på for å ta omsyn til menneske og miljø. Når banen står klar, i 2021, vil den ha Noregs lengste jernbanetunnel. NIBIO overvaker vassressursane i området, før, under og etter byggeperioden.

Jonas Reinemo og Helge Meissner står i skråninga ned mot Finstadbekk. Bekken kryssar eit jorde, ein stad mellom Ski og Ås, nokre kilometer sør for Ski stasjon. Dagens oppdrag er å ta vassprøvar i nærleiken av Follobanen. NIBIO gjer dette annankvar veke.

- Det kan verke som om dette er langt unna utbygginga, og det er jo eit stykke til Follobanen herifrå, men dette målepunktet ligg i nedbørsområdet. Noko av det første ein gjer i slike overvakingsprosjekt er å sjå på kor vatnet renn. Det er viktig at ein vel ut relevante punkt, seier Reinemo.   

Når Reinemo ikkje er ute i felt for NIBIO, er han student ved NMBU. Han har god kunnskap om vatn, då han studerer limnologi, som er det latinske ordet for vitskapen om innsjøar og rennande vatn.

- Eg jobbar litt ved sida av skulen når NIBIO treng nokon som kan gjera feltarbeid. Denne jobben kunne knapt vore meir relevant.

Han klyv ned i bekken og fyllar ei flaske med vatn.

Bekken får avrenning frå Ski sentrum, og har utløp i Østensjøvatnet naturreservat. Prøven skal mellom anna analyserast for fosfor og nitrogen som kan auke risikoen for algevekst i Østensjøvatnet dersom nivåa blir for høge.

Atj 2018-3361
Om det er for høg pH går alarmen. Da får kontaktpersonar hos BaneNOR og NIBIO melding via telefon. Her fjernar Jonas Reinemo ein kontakt hos BaneNOR som ikkje lenger skal stå på alarmlista. Foto: Anette Tjomsland.

Betong- og sprenging kan gi forureina vatn

Inga Greipsland er forskar i NIBIO. Ho forklarer at det er viktig å undersøke vatn både oppstraums og nedstraums for anleggsområdet.

- Ved å undersøke i begge retningar kan ein vurdere om anleggsområdet har påverka vasskvaliteten, seier Greipsland.

Ho fortel at dei mellom anna måler endring i pH, altså kor surt vatnet er, vatnets leiiingsevne (som er eit mål på det totale innhaldet av salt), og turbiditet. Sistnemnde er ei måling basert på lys som seier noko om kor mange partiklar det er i bekken.

- Den største risikoen med anleggsarbeid med omsyn til kvalitet på vatn, er utslepp av miljøfarlege stoff, endringar i pH, eller økt turbiditet som fører til slam i vassdrag, seier Greipsland.

Forskarkollega, Roger Roseth i NIBIO, påpeiker at betongarbeid kan gi avrenning med høg pH og saltkonsentrasjon.

- Saman med utvasking av nitrogen frå sprengstoff, kan dette gi dødelege konsentrasjonar av ammoniakk for fisk og andre vasslevande organismar.

Atj 2018-3378
Jonas Reinemo og Helge Meissner kryssar Roåsbekken nedstraums. I bakgrunnen kan ein skimte anleggsarbeidet på Follobanen. Foto: Anette Tjomsland.

Tar bilde av vatn for å følgje med på grums

Tilbake i felt har Reinemo og Meissner tatt prøver oppstraums i Roåsbekken, og no er dei på plass nedstraums, eit stykke nord for Ski stasjon. Nokre få hundre meter lenger oppe er det hektisk anleggsaktivitet og store krater i berggrunnen. Her skal tunnelen kome ut før Ski stasjon. Roåsbekken kan bli forureina av slam frå anleggsområdet.

Reinemo byter batteri på eit kamera.

- Her tar vi bilde av vasskvaliteten i bekken. Vi byter batteri på kameraet ein gong i månaden, forklarar han.  

Kameraet fotograferer nett der Roåsbekken møter Blåveisbekken, ein mindre bekk som kjem frå Ski sentrum. Den kan ha med seg avrenning frå arbeida på sjølve stasjonen.

Bilda viser kor grumsete vatnet er, og forskerane kan bruke dei til å samanlikne med fysiske målingar av vatnets turbiditet. Om turbiditeten er høg, vil vatnet sjå grumsete ut. Kamera høver og som ein ekstra back-up.

- Nokre gongar er det gjørme på sensoren og dei automatiske målingane av turbiditet kan bli unøyaktige. Da er det veldig greitt å kunne sjekke det opp mot bileta. Vi kan sjå det veldig klart på bilda om det kjem gjørme ut frå Blåveisbekken.

Meissner er for augeblinken i full sving med å «vaske opp» sensoren som Reinemo snakkar om. Han står rett og slett nede i bekken med ein oppvaskkost og gyv laus på eit slags røyr.

- Vi må vaske røyret slik at målingane ikkje blir forstyrra av at sensoren er skitten, seier Meissner.

Røyret, som heiter multiparametersensor, inneheld fleire sensorar som måler vasshøgde, temperatur, leiingsevne, pH og turbiditet kvart 30. minutt. Målingane blir sendt automatisk til ein server og presentert på ei nettbasert overvakingsside fire gonger i døgnet.

atj-20181016-085718
NIBIO har utplassert multiparametersensorer fleire stader attmed Follobanen. Desse inneheld sensorar som måler vasshøgde, temperatur, leiingsevne, pH og turbiditet kvart 30. minutt. Målingane blir sendt til ein server og presentert på ei nettbasert overvakingsside fire gonger i døgnet. Her frå ein sjekk av loggeskapet ved Finstadbekken. Foto: Anette Tjomsland.

Nødvendig overvaking for å vurdere om anlegget påverkar naturen

No flippar Reinemo opp PC-en og koplar den til eit skap ved ein bekk.

- Eg skal berre fjerne ein kontakt hos BaneNOR som står på alarmlista. 

Om det er for høg pH går nemleg alarmen. Da får kontaktpersonar hos BaneNOR og NIBIO melding via telefon.

- I verste fall må dei stanse arbeida, seier Reinemo.

Utbyggarar som BaneNOR har dispensasjon til å sleppe ut vatn frå anleggsarbeidet. Grenseverdiane for utslepp blir fastsette av Fylkesmannen. 

- Det er krav til å reinse vatnet før dei slepp det ut, og entreprenøren gjer eigne målingar av utsleppsvatnet. Endringar i automatiske målingar gir en indikasjon i sanntid om at noko har skjedd. Då undersøker vi, eller BaneNOR, kva som har skjedd, seier Greipsland.

NIBIO har overvaka området rundt Follobanen sidan 2014. Forundersøkingar før anleggsstart kartlegg ein normaltilstand, slik at ein har noko å samanlikne med under og etter anleggsperioden.

- Med prøvetaking året rundt, både før, under og etter anleggsperioden, får ein lange seriar med data og god kjennskap til dei naturlege variasjonane i desse vassdraga. Dette er kunnskap som også kan komme til nytte utanfor prosjektet. Desse dataa blir delte i Miljødirektoratet sin database Vannmiljø, seier Sigrun Tytlandsvik, miljøkoordinator i BaneNOR. Ho fortel at dei er ei gruppe på fem personar som arbeider med å følgje opp ytre miljø og miljøovervaking på Follobanen.

- Miljøovervakinga som blir gjort av NIBIO er heilt nødvendig for å kunne vurdere om anlegget påverkar naturmiljøet, avsluttar ho.

KONTAKTPERSON
Fakta

Follobanen er i dag det største samferdselsprosjektet som er under utbygging i Noreg. Prosjektet omfattar eit 22 km nytt dobbelt jernbanespor mellom Oslo S og Ski stasjon. 20 av desse kilometra vil bli landets lengste jernbanetunnel. Prosjektet starta opp i 2015, og skal stå ferdig i 2021.

NIBIO overvaker miljøet i området på oppdrag frå BaneNOR - før, under og etter byggeperioden. Vatn frå drikkevassbrønnar, bekker og elver langs traseen blir jamleg kontrollerte for forureining. Grunnvassnivået blir kontinuerlig overvaka for å følgje med på eventuelle lekkasjar inn i tunnelen. Under uheldige tilhøve vil tunnelen kunne verke som eit gedigent drensrøyr, noko som kan føre til lågare grunnvasstand. I område med lausmassar mellom fjell og terreng, vil dette gi settingsskader på overflata som igjen kan medføre skadar på hus, infrastruktur og vasstilgang. For å hindre at dette skal skje på Follobaneprosjektet, blir det utført tettingstiltak etter kvart som tunnelen blir driven fram. Biologiske undersøkingar av fisk og botndyr er og ein del av miljøovervakinga for å halde auge med bestand, økologisk tilstand, biologisk mangfald og kva for artar som lever i området.

Totalt ni automatiske målestasjonar er utstyrte med multiparametersensorar for overvaking av vasskvalitet. I tillegg blir det tatt prøver av vatn ved 8-12 stasjonar, samt biologiske undersøkingar av botndyr og fisk ved to stasjonar. Utløpet av Alnaelva i Oslofjorden har vore overvaka sidan hausten 2017.

NIBIO overvaker miljøtilstanden langs mange samferdselsprosjekt. Av pågåande jernbaneprosjekt er: Follobanen og nytt dobbeltspor Nykirke – Barkåker. NIBIO overvakar og miljøtilstanden i elvar som renn frå flyplassar, t.d. Torp flyplass.

Pågåande vegprosjekt er: E18 Lysaker – Sandvika, E18 Retvet – Vinterbro, E16 Eggemoen – Olum, E18 Bommestad – Sky med lokalvegsystem Larvik, Rv4 Roa – Lygnebakken og Rv4 Gran – Jaren.

Anleggsarbeid på Follobanen ved Ski stasjon. Foto: Anette Tjomsland.
Helge Meissner inspiserer multiparametersensoren oppstraums i Roåsbekken. Målingane blir sendt automatisk til ein server og presentert på ei nettbasert overvakingsside fire gonger i døgnet. Foto: Anette Tjomsland.
Vassprøve frå Roåsbekken, oppstraums. Det er viktig å undersøke vatn både oppstraums og nedstraums for anleggsområdet for å kunne vurdera om anleggsområdet har påverka vasskvaliteten. Foto: Anette Tjomsland.
Helge Meissner vaskar multiparametersensoren nedstraums i Roåsbekken. Nokre gongar er det gjørme på sensoren. Da kan dei automatiske målingane av turbiditet bli unøyaktige. Turbiditet seier noko om kor mange partiklar det er i bekken. Foto: Anette Tjomsland.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.