Hopp til hovedinnholdet

Ny avgjerdsstøtte for å vurdere risiko for bladflekksjukdomar i kveite

20230629_122246

Andrea Ficke, forskar ved NIBIO som jobbar med bladsjukdomar i kveite og bygg, varslar at kornbøndene bør tenkje seg godt om før dei eventuelt sprøyter i år. Foto: Siri Elise Dybdal

Frå i år er ein ny risikomodell for bladflekksjukdomar i kveite tilgjengeleg for kornprodusentar på VIPS si nettside. I år er det ekstra viktig å vurdere behov for sprøyting. Tørken kan føre til lågare avlingar, og for mange vil det difor ikkje være lønsamt å sprøyte, seier planteforskar ved NIBIO.

Bladflekksjukdomar som kveitebladprikk, kveiteaksprikk og kveitebrunflekk, kan føre til betydeleg reduksjon i både avling og kvalitet i kveite. Alle dei tre sjukdomane overlever på planterestar i jord mellom vekstsesongane. Kveiteaksprikk og kveitebrunflekk kan i tillegg overførast til småplanter med smitta såkorn.

Desse sjukdomane er svært klimaavhengige, så temperatur og fuktigheit har mykje å seie for utviklinga av symptom og spreiing i åkeren. Det gjer det ekstra viktig å bruke risikomodellar som kan varsle om sjukdomsangrep, og som kan gjere det enklare å vurdere behov for sprøytemiddel mot soppsjukdomar før symptoma har spreidd seg i åkeren. Målet er at bonden skal få auka inntekt med minst mogleg innsatsfaktorar, ressursbruk og kostnader.

Frå vekstsesongen 2023 er ein ny varslingsmodell for  bladflekksjukdommar i kveite tilgjengeleg for kornprodusentane på VIPS si nettside.

NIBIO-forskar Andrea Ficke, som jobbar med bladsjukdomar i kveite og bygg, varslar at kornbøndene bør tenkje seg godt om før dei eventuelt sprøyter i år.

Ficke forklarar at den nye VIPS-modellen «bladflekksjukdomar i vårkveite» tek omsyn til sortsresistens, jordarbeiding (pløying/ikkje pløying), forgrøde (kveite/ikkje kveite), såtid, berekna utviklingsstadium, vêrforhold bakover i tid og verprognosen fire dagar framover.
Ficke forklarar at den nye VIPS-modellen «bladflekksjukdomar i vårkveite» tek omsyn til sortsresistens, jordarbeiding (pløying/ikkje pløying), forgrøde (kveite/ikkje kveite), såtid, berekna utviklingsstadium, vêrforhold bakover i tid og verprognosen fire dagar framover. Foto: Siri Elise Dybdal

Kan vere ulønsamt

– I år er det ekstra viktig å vurdere i god tid om det er risiko for angrep av bladflekksjukdomar og om den har noko å seie for avling. Dersom du har lita avling grunna til dømes tørke eller lavt næringsopptak, er det ikkje sikkert det er lønsamt å sprøyte. Rådet i år er altså å ikkje sprøyte unaudsynt med ei relativ låg avling, for då blir lønsemda enda mindre, seier Ficke.

Ho fortel at mange er urolege for kva som kan kome, og sprøyter «berre i tilfelle»:

– Eg var nett på ein fagdag og prata om dei nye sjukdomsmodellane i VIPS. Då kom det tydeleg fram at fleire dyrkarar føler seg utrygge om dei ikkje får sprøyte ein gong før sprøytefristen er over. I Noreg bør det vere fem veker mellom siste soppmiddelsprøyting og innhausting av korn.

Ficke påpeikar at når kornmating etter blomstring er avslutta, er det ikkje så mykje ein sopp kan gjere på blada som er visne. Då er kappløpet ferdig.

– Men kveiteaksprikk kan gå på aksa i tillegg til blada. Då kan den redusere avlingskvaliteten. Difor er det vanskeleg å seie noko om kor mykje eit utsett/seint sjukdomsangrep grunna tørke tidleg i sesongen vil bety for avling, både når det gjeld mengde og kvalitet.

NIBIO-forskaren fortel at sjølv om det har vore tørt og varmt mange stader, har ikkje dette stoppa bladflekksjukdomane heilt i år.

– Vi var litt overraska over det fordi det har vore så tørt, men det har altså vore nok fuktigheit til at det har vore bladflekkutbrot i nokre område. Dersom det er kjølig om natta med dogg og det er smitte frå før, kan ein få problem. Det er ikkje så beint fram at problema er over om det er ein lang tørkeperiode. Har ein 20 timer eller meir med fukt, kan det vere tilstrekkeleg for sjukdom. Då må kvar og ein vurdere om det er lønsamt å sprøyte, kommenterer ho.

På kveite og rug har det vore sporadiske angrep av kveitebrunflekk. Soppsmitte kjem både frå såkorn og planterestar og spreiast med vind og vass-sprut til blada. Foto: Erling Fløistad
Kveiteaksprikk er ein av dei viktigaste sjukdommane i både vårkveite og høstkveite. I alle land med kveitedyrking er denne sjukdommen vanleg årsak til avlingstap og redusert kvalitet. Symptoma er brune, etter kvart nekrotiske bladflekkar. Foto: Oleiv Elen

Fleire modellar

Ficke fortel at den nye Risikomodellen for angrep av bladflekksjukdommar er utvikla frå norske feltdata over 15 år, så kryssvalidert og inkludert i feltforsøk i 2022.

– Treffsikkerheita har vore veldig bra og modellen er no tilgjengeleg for rådgjevarar og korndyrkarar via VIPS-nettsidene.

– Denne modellen er utvikla av NIBIO for å vurdere risiko for angrep av kveiteaksprikk basert på fukt og temperatur ved busking og ved holkstadiet, seier ho.

Ein annan risikomodell, som berre er basert på timer med høg fukt, har vore tilgjengeleg på VIPS-nettsidene sidan 2020.

– Denne fuktmodellen er utvikla av SEGES i Danmark for å vurdere risiko for angrep av bladflekksjukdomar i både kveite og bygg. Fuktmodellen tek omsyn til tal på timar med høg fuktigheit og utviklingsstadium, forklarar Ficke.

Ho fortel vidare at den gamle VIPS-modellen «bladflekksjukdomar i vårkveite», som har vore tilgjengeleg på VIPS sidan 2001, tek omsyn til sortsresistens, jordarbeiding (pløying/ikkje pløying), forgrøde (kveite/ikkje kveite), såtid, berekna utviklingsstadium, vêrforhold bakover i tid og verprognosen fire dagar framover.

– Ut i frå dette reknar modellen ut forventa sjukdomsutvikling, og det samanliknast med ein terskelverdi. Denne VIPS-modellen varslar om sprøytebehov når terskelen for økonomisk tap er nådd. Modellen er godt kjent hos rådgjevarar og bønder, men treffsikkerheita er ikkje bra nok. Den blir derfor avvikla til hausten, seier NIBIO-forskaren.

 

Kan førebygge

Ifølge Ficke er det også andre tiltak kornbønder kan gjere for å førebygge mot bladflekksjukdomar:

– Vekstskifte, pløying og bruk av frisk såvare er viktige førebyggande tiltak for å redusere risikoen for angrep. Val av sortar som er mindre mottakelege for bladflekksjukdommar er eit anna avgjerande tiltak for å redusere sjukdomsangrep og sikre god avling, avsluttar NIBIO-forskaren. Saman med førebyggande tiltak og bruk av risikomodellar for sjukdomsangrep håper vi å auke avlinga og samtidig optimere kjemiske tiltak til eit naudsynt minimum, avsluttar ho.

2-12-15.jpg
Kveitebladprikk gjev hovudsakeleg symptom på blada. Foto: Erling Fløistad
Kveitebladprikk gjev hovudsakeleg symptom på blada. Foto: Erling Fløistad

 

På kveite og rug har det vore sporadiske angrep av kveitebrunflekk. Soppsmitte kjem både frå såkorn og planterestar og spreiast med vind og vass-sprut til blada. Foto: Erling Fløistad
På kveite og rug har det vore sporadiske angrep av kveitebrunflekk. Soppsmitte kjem både frå såkorn og planterestar og spreiast med vind og vass-sprut til blada. Foto: Erling Fløistad
NIBIO-forskaren fortel at sjølv om det har vore tørt og varmt mange stader, har det ikkje heilt stoppa bladflekksjukdomane i år.  Foto: Siri Elise Dybdal
NIBIO-forskaren fortel at sjølv om det har vore tørt og varmt mange stader, har det ikkje heilt stoppa bladflekksjukdomane i år. Foto: Siri Elise Dybdal

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.