No må kornbøndene følgje godt med

DSC_0216

NIBIO-forskar Andrea Ficke i eit forsøksfelt for soppsjukdomar. Feltet inneheld tre ulike kveitesortar med forskjellige sprøytetidspunkt mot soppsjukdomar. Feltet er et av tre som ble vurdert, ikkje berre for gulrust-, men også for bladflekksjukdomarutvikling samstundes. Testing av ulike sprøytestrategier mot ulike gulrust og bladflekksjukdommer er del av det nye «Hveterust»-prosjektet finansiert av forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL). Foto: Siri Elise Dybdal

Det fuktige veret i mai har gitt gode levekår for bladsjukdomar i korn. Samen med varme i juni har dette ført til auka smittepress frå både bladflekksjukdomar og gulrust i kornåkrane.

– Med ein relativt fuktig mai månad etterfølgt av varmt juniver har vi sett tidlege angrep av bladflekksjukdomar i nokre kveiteåkrar. Det er også rapportert om angrep av gulrust i haustkveite i slutten av mai. Nokre byggfelt viser tydelege angrep av byggebrunflekk på andreblad, og grå øyeflekk blei funne i byggåkrar rundt Oslofjorden, opplyser NIBIO-forskar Andrea Ficke.

Ho seier det framleis er vanskeleg å seie kva dette kjem til å bety for avlinga.

– Men det er gode vilkår for sjukdomsutvikling generelt sett og då må ein vurdere behov for sprøyting. Spesielt no når det igjen kjem nedbør. Risikomodellar for soppsjukdomar i kveite og bygg estimerer tidspunkt for angrep og eventuelt sprøyting. Ulike modellar har no varsla  angrep av bladflekksjukdomar i fleire område. Modellane ligg i www.vips-landbruk.no – ei nyttig teneste for å vurdere sprøytebehov mot sopp.

DSC_0275.JPG
Gulrust. Foto: Siri Elise Dybdal

Meir gulrust i seinare år

Gulrust er ein sopp som kan forårsake stor avlingsreduksjon, særleg i kveite. Nye rasar av gulrust har klart å knekkje gulrustresistensen i fleire sortar.

– Sortar som er mottakelege for gulrust vil få auka sprøytebehov mot soppen. Norges Landbruksrådgivning (NLR) samlar og rapporterer om gulrustprøvar frå feltforsøk og i kommersielle åkrar, slik at gulrustsrasen kan identifiserast og settast i samanheng med sortsresistens og mottakelegheit, forklarar Ficke.

Ho fortel at det på 1980-talet var betydelege problem med gulrust på kveite i Noreg, men nye resistente sortar reduserte omfanget. Frå 2014 blei det igjen observert angrep av gulrust både på haustkveite og vårkveite her heime.

– Dette skuldast at vi har fått inn nye rasar som klarer å angripe mange sortar som tidlegare var ganske sterke mot gulrust. Desse rasane er no dominerande og har spreidd seg i Skandinavia og fleire andre europeiske land.

– ‘Mirakel′ og Seniorita er  kveitesortar som er ganske sterke mot gulrustangrep, men elles er det store forskjellar i resistens mot gulrust i sortane som blir dyrka i Noreg, seier Ficke.

DSC_0280.JPG
I NIBIOs forsøksfelt i Ås har gulrusten no svært raskt blomstra opp. Men utviklinga av soppen vil vere sterk relatert til utviklingsstadium av kveiteplantene og verforhold framover. Foto: Siri Elise Dybdal

Sprøyt til riktig tid

Ho påpeikar at sprøyting når symptoma viser seg, ser ut til å avgrense sjukdomsutviklinga og avlingstapet. Difor er det viktig at kornbøndene no følgjer godt med:

– Det er generelt anbefalt å sprøyte mot gulrust når dei første symptoma er synlege fordi soppen kan spreie seg veldig raskt i åkeren under gunstige tilhøve. På våre forsøksfelt i Ås har gulrusten no blomstra opp svært raskt. Men utviklinga av soppen vil vere sterk relatert til utviklingsstadiet til kveiteplantene og vêrtilhøva framover.

– I nokre sesongar har vi sett at den ikkje har utvikla seg som forventa fordi temperaturen har vore for høg i en periode, legg ho til.

Også Bjørn Inge Rostad, NLR-rådgjevar for korn Øst, er oppteken av at det no er sopptid og tilrår å ta med ein dose soppbehandling i sprøytinga rundt oppskyting.

– Elles har det også vore litt lus her i Østfold, men ikkje terskel for å sprøyte, legg han til.

 

Må tenke strategisk

For å redusere risikoen for utvikling av resistens er det viktig å sprøyte etter behov med dosar som gjev god kontroll. Det er avgjerande at sprøytemiddel med same verknadssmekanisme ikkje blir brukt for ofte gjennom vekstsesongen.

– En god sprøytestrategi mot både gulrust og andre blad- og akssjukdomar må ta omsyn til talet på effektive produkt på marknaden, tidspunkt og dose av planlagt sprøyting, sortsresistens, vêrforhold i den næraste tidsperioden og forventa avling, understrekar Ficke.

Kvar enkelt sjukdom, men også samspelet mellom dei ulike bladsjukdommane, kan påverke kornavlingane.

– Vi treng behandlingsstrategiar som er tilpassa den aktuelle sjukdommen, men som samstundes tek omsyn til kva det har blitt sprøyta med før og kva det skal bli sprøyta med neste gong, seier NIBIO-forskaren, og legg til at kornbøndene bør tenkje gjennom kor lenge verknaden av ei sprøyting med ulike dosar varer, og kor lenge dei kan vente med å sprøyte utan at avlingstapet blir for stort.

– Dette krev ei betre forståing av kompleksiteten i samspelet mellom plantene og deira sjukdomar, og det er meir utfordrande enn  sprøytestrategiar som fokuserer på ein sjukdom om gongen, seier Ficke.

20210624_144218.jpg
Plantepatolog Andrea Ficke snakkar om soppsjukdommar til dei frammøtte på markdagen i Sarpsborg tidlegare denne veka. Foto: Morten Günther
KONTAKTPERSON
2.jpg
VIPS - VARSLING INNEN PLANTESKADEGJØRERE

Berit Nordskog er leder for VIPS, en nettbasert varslings- og informasjonstjeneste, utviklet for integrert bekjempelse av skadedyr, ugras og sjukdommer i jord- og hagebrukskulturer.

VIPS er utviklet av NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving. Rådgiverne registrerer angrep av skadegjørere i felt, mens NIBIO leverer værdata, lager varsler, og tar seg av utvikling og drift. All informasjon er gratis og fritt tilgjengelig for alle på:

www.vips-landbruk.no

gulrust på kveitesort ‘Bjarne’_Foto_Jafar Razzaghian _NIBIO.jpg
Gulrust på kveitesorten ‘Bjarne’. Symptoma på gulrust er gul-oransje «pulveraktige» sporehopar på blada. Foto: Jafar Razzaghian
grå øyeflekk på bygg sort ‘Rødhette’Foto_Andrea Ficke.jpg
Tidlig angrep av grå øyeflekk på byggsorten ‘Rødhette’: Symptoma på bygg er gråe ovale flekker med brun rand. Foto: Andrea Ficke

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.