Hopp til hovedinnholdet

Landbruket må satse på resirkulering av fosfor

20040426ef0010-2.jpg

Alle bønder treng tilgang på gjødsel med fosfor, som er livsnaudsynt for både planter og dyr. Foto: Erling Fløistad.

Ein stor del av fosforet i matvaresystemet hamnar i avfall, og det som blir resirkulert som gjødsel gjev ofte dårleg effekt. Det kjem fram i ei ny doktoravhandling som etterlyser strengare politisk regulering og betre teknologi for å fange opp og behandle resirkulert fosfor.

Alle bønder treng tilgang på gjødsel med fosfor, som er livsnaudsynt for både planter og dyr. Men fosfat er ein ikkje-fornybar ressurs, og i Noreg er vi avhengige av import. Fosforet som er brukt i mineralgjødsel er stort sett henta frå gruver i Vest-Sahara og Kina, men desse er på veg til å bli tomme. Dette kan ha store følgjer for den globale matvareproduksjonen. 

Fosformangel vil i framtida gjere at prisen på mineralgjødsel skyt opp i veret. Då vil det vere vesentleg for landbruket å kunne utnytte det fosforet ein finn i avfallsprodukt frå husdyrhald, fiskeoppdrett og andre delar av matvaresystemet. 

Stipendiat Eva Brod har i sitt doktorgradsarbeid ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) sett på fosfor og kva som blir brukt og går tapt i norsk landbruk, fiskerinæring, matprosessering og avfallsbehandling. Brod har også undersøkt kva slags gjødslingseffekt dei ulike fosforprodukta har samanlikna med mineralgjødsel, og korleis ein kan ta omsyn til dette i gjødselplanlegging. 

Ho etterlyser strengare regelverk på fosforbruk i landbruket og oppdrettsnæringa. Dessutan meiner ho det må bli ei snarleg satsing på utvikling av ny og betre teknologi som kan fange opp utslepp. I tillegg trenger vi meir effektive behandlingsmetodar for å utnytte det sekundære fosforet.

P1000829_cropped.jpg
Stipendiat Eva Brod. Foto: Siri Elise Dybdal.

Stor ressurs

Fosforutnyttinga i matvaresystemet er relativt dårleg. Difor går det ein del fosfor tapt til dømes i avfallsprodukt. Til saman er det 28 000 tonn fosfor i avfall. Dei viktigaste avfallsprodukta er husdyrgjødsel (12 000 tonn) og fiskeslam frå oppdrettsnæringa (9 000 tonn). Matavfall (2 600 tonn) og kloakkslam (1 900 tonn ) inneheld mindre fosfor. Til samanlikning går det med 8 400 tonn fosfor i mineralgjødsel. 

Til no har vi ikkje hatt god nok teknologi til å utnytte dette fosforet på ein tilfredsstillande og økonomisk måte. Det meiner Brod er bekymringsfullt. 

- Vi har mykje fosfor i avfallsprodukt. Dette kallar vi sekundær fosfor. Dette fosforet kan vi utnytte som gjødsel, men utfordringa er å få det til i praksis. I dag er resirkulering av sekundær fosfor mykje dyrare enn mineralgjødsel, men mineralgjødsel vil bli dyrare ettersom råfosfat er ein ressurs som det blir mindre av.

- Eg tykkjer vi bør tenke på framtida. På eit tidspunkt vil det ikkje vere noko anna alternativ enn å resirkulere fosfor. Då må vi ha utvikla gode metodar for å gjere dette på ein økonomisk måte. 

Lite tilgjengelig

Tilgjengelegheita til sekundær fosfor er ei anna utfordring. Gjødslingseffekten av sekundær fosfor varierer stort frå produkt til produkt og er avhengig av pH-verdien. 

I doktoravhandlinga har Brod tatt for seg ni svært forskjellige avfallsprodukt - fiskeslam, kjøtbeinmjøl, treaske, kompost og biorestar av matavfall og husdyrgjødsel frå høns og storfe. 

- Lågare pH gir betre gjødslingseffekt enn høgare pH. Men effekten er også ulik frå produkt til produkt. Fosfor finst i tyngre løyselege forbindingar, som gjer at plantene ikkje får tak i det like godt som med mineralgjødsel. Ta for eksempel kjøtbeinmjøl. Her er gjødslingseffekten ganske lav ved høy pH, fordi fosforet er bunden fast til kalsium. Fosforet blir tilbakeført utan at plantene klarer å ta alt opp og resten er ikkje tilgjengeleg på kort sikt, ifølgje Brod. 

Ho meiner vi bør jobbe med å utvikle gjødselprodukt basert på avfall som har like god og påliteleg gjødseleffekt som mineralgjødsel.

 

Fungerer ikkje

I dag må ein oppgje tilgjengelegheita av fosfor i avfallsprodukt i Noreg som P-AL. Her i landet er P-AL den analysemetoden som blir brukt for å estimere plantetilgjengelig fosfor i jord. Men denne metoden klarer ikkje å estimere tilgjengeleg fosfor i avfallsprodukt sånn som i kjøttbeinmjøl. 

- Dette samsvarar såleis ikkje med gjødslingseffekten. Regelverket anbefaler noko som ikkje fungerer, hevdar Brod. 

Ifølgje doktorgradstipendiaten finst det betre jordtestar frå andre land.

- Det er i dag to metodar som er betre eigna til å indikere plantetilgjengelegheita enn P-AL, vatn ved lav pH i jorda og bikarbonat ved høg pH. Dersom vi veit kor effektivt produktet er, slepp bonden å tilføre ekstra mineralgjødsel, seier Brod.

 

Bør bli pålagt

Enn så lenge trur stipendiaten at lite vil skje i forhold til betre utnytting av sekundær fosfor, fordi regelverket ikkje legg vekt på resirkulering. 

- Viss ikkje politikken seier at dette skal vere pålagt, vil ingenting skje. Dessutan er kostandane svært viktig – det må bli økonomisk å lage gjødslingsprodukt av husdyrgjødsel og fiskeslam. I dag er det ikkje lønsamt, seier Brod. 

- Dagens regelverk for fosfortilførselen i landbruket må bli strengare. Slik situasjonen er no har bonden lov til å tilføre 3,5 kilo fosfor med husdyrgjødsel per dekar i året, i tillegg til mineralgjødsel. Dette er ofte meir enn det plantene har behov for, hevdar Brod. 

Ho meiner også oppdrettsnæringa må regulerast strengare når det gjeld utslepp av fosfor gjennom fiskeslam.

- Det er særs viktig at avgjerdstakarar som styrer veksten av oppdrettsnæringa kjem sterkare på bana. Slik næringa står fram i dag, er den alt anna enn berekraftig. Dette er ikkje god bioøkonomi, seier doktorgradsstipendiaten.

Om fosfor

  • Ein av hovudingrediensane i mineralgjødsel, populært kalla kunstgjødsel, er fosfor. Fosfor blir vunne ut av stein i gruver som no berre finnes i fem land. 
  • Størsteparten av utvunnen fosfor blir nytta i mineralgjødsel.
  • For store fosformengder i ferskvatn kan føre til gjengroing og oksygenfattig vatn.
  • Norsk landbruk og oppdrettsnæring bruker og taper omtrent like mykje fosfor. Fiskeslam blir per i dag ikkje utnytta, men forsvinn i havet.

 

Disputas

Eva Brod kommer opprinnelig fra Eckental i Tyskland, men hun er bosatt i Oslo. Hun har mastergrad i agroøkologi fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og har vært ansatt som stipendiat ved NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi siden 2012.

Eva Brod disputerer 3. Juni 2016 for graden ph.d. ved NMBU med avhandlingen «Resirkuleringspotensialet til fosfor i sekundære ressurser».

Hovedveileder har vært professor Tore Krogstad (NMBU). Medveiledere har vært Trond Knapp Haraldsen (NIBIO), Anne Falk Øgaard (NIBIO) og Daniel Müller (NTNU).

Tid og sted: 3. Juni 2016 kl. 12:15, Jordfagsbygget, rom J106, Fougnerbakken 3, Ås.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.