Hopp til hovedinnholdet

Julegranas hemmelege liv

dompap.jpg

Dompap. Foto: Hans Petter Kristoffersen.

Eit vakkert pynta grantre pryder mange norske stover i juletida. Men kva veit vi eigentleg om livet til dette treet?

Kva hadde vel julaftan vore utan eit grønt, glitrande juletre? Men det er ikkje ei sjølvfølgje at julegran kan hoggast alle stadar i Noreg. Grana er nemleg eit utsett treslag som er i ein stadig kamp mot insekt og sopp for å overleve. Heldigvis har grana nokre overraskande knep i bakhand som sender fiendane på dør, fortel seniorforskar og granekspert Paal Krokene frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

ef-20160105-140930-edit.jpg
Seniorforsker Paal Krokene. Foto: Erling Fløistad.

Sidan dinosaurane si tid

- Grana tilhøyrar ei veldig gamal plantegruppe som hadde si stordomstid då dinosaurane regjerte. Gran og andre bartre er altså eit slags urtre. Veldig få bartreartar har overlevd til i dag, men blant dei som har klart det, finn vi nokre av dei viktigaste plantene i verda, opplyser Krokene. 

Han fortel at bartre kan leve i hundrevis av år og er rekordhaldarar blant plantene på ei rekkje område, som volum, høgd, omkrins og alder. Den eldste organismen i verda er ei furu som er 5069 år gamal, og i Noreg finst det i dag grantre som er over 500 år gamle.

- Bartrea ser rett og slett ut til å ha knekt koden til evig liv, seier granforskaren. 

I Noreg har vi granskog heilt til Finnmark i nord og arten er det viktigaste skogstreet i store delar av landet. I tillegg er grana det treslaget som har mest å seie økonomisk både i Noreg og ute i verda. Dette er ikkje ein liten bragd for eit gamalt og primitivt treslag som vert angripe frå ulike hald.

Granbarkbillen - Ips typographus - Foto Karsten Sund - Naturhistorisk museum - UiO.jpg
Granbarkbillen - Ips typographus - Foto Karsten Sund - Naturhistorisk museum - UiO.

Borkebillebøller

- Grana har mange utfordringar. Den klassiske fienden er sjølvsagt granborkbille. På verdsbasis drep borkbiller fleire bartre enn alle andre skadeårsaker til saman – desse små billene er altså verre enn både brann og alle andre sjukdomar, seier Krokene.                                            

Han fortel at granborkbilla er spesialist på å drepe gran og gjerne formeirar seg opp over nokre år i vindfallet etter ein storm, slik som ein såg etter orkanen Gudrun som råka Sverige i 2005. Når populasjonen er stor nok, går borkbillene til angrep også på ståande tre. 

- Det er sjølvsagt ein formidabel jobb å drepe eit digert grantre for nokon som berre er på størrelse med eit riskorn, men billene angrip saman i store grupper. I løpet av nokre få dagar kan fleire hundre av dei bora seg inn i barken, seier forskaren. 

Han forklarar at når dei fyrste borkbillene entrar treet, produserer dei spesielle duftstoff, såkalla feromoner, som lokkar andre biller til staden. Effekten av alle åtaka kan bli for mykje for forsvaret til treet, som blir overmanna i løpet av kort tid. Billene har også med seg sopp som dei smittar treet med. 

- Du kan sjå føre deg borkbilla som ein buss som stansar og så hoppar det ut ein skiten gjeng med passasjerar i form av bakteriar, midd og sopp som et seg inn i treet. 

Men sjølv om billa gjer mykje skade som gir store økonomiske ringverknadar i mange land, er det likevel nesten alltid trea som vinn. For grana har nokre snedige forsvarsmekanismar på lur som gir billene store problem. 

kubikkmasse - granskog.jpg
Granskog. Foto: John Yngvar Larsson/NIBIO.

Granas gode hukommelse

Faktisk er det granas hukommelse som kjem henne til unnsetning. For meir enn 25 år sidan oppdaga forskarar ved NIBIO at grana har eit slags minne.

Tre som har blitt utsett for angrep tidlegare, «hugsar» kva som har skjedd og set i gong prosessar som sender angripande borkbiller rett ut att. 

Han forklarar at grana har to typar forsvar mot insekt og sjukdommar. Det «ståande forsvaret» er aktivt heile tida. Der inngår mellom anna den karakteristiske kvaen som er lagra i kanalar i barken og veden, og som piplar ut om treet vert såra. Grana har og eit «mobiliseringsforsvar» som vert aktivert først når treet blir angripe. Her inngår mobilisering av eksisterande forsvarsceller og danning av nye kvaekanalar i veden. 

I tillegg til disse synlege forsvarsresponsane har Krokene og medarbeidarane hans nyleg oppdaga at grana har ein form for usynleg langtidsrespons. Det er her dei trur det molekylære minnet kjem inn i biletet og fortel treet at det må produsere meir kvae kjapt. 

- Vår forsking viser at grantreet blir særs motstandsdyktig, ja nærast immunt mot borkbilleangrep dersom det har vorte «vaksinert» med plantehormonet metyl-jasmonat nokre veker tidlegare. 

I forsøk såg forskarane at tre som var vaksinert med metyl-jasmonat produserte 60 gongar så mykje kvae som urørte kontrolltre når det vart laga sår i barken. Denne valdsame reaksjonen skjedde svært fort, i løpet av berre 24 timar. Tre som var behandla med metyl-jasmonat, men som ikkje vart såra, hadde like lite kvae som kontrolltrea.                                      

- Så tre som har vore stressa tidlegare, reagerer svært fort og set i gong prosessar vi ikkje veit kva er – men trea blir mykje meir motstandsdyktige. Det eg synest er veldig spennande med denne forskinga er at vi tar utgangspunkt i det vi ser skjer ute i skogen og så prøver å finne ut kva som er mekanismane bak, fortel NIBIO-forskaren.

 

Gullgruve i framtida

Men ifølgje Krokene er det vanskeleg å forstå dei molekylære mekanismane i gran, mellom anna fordi gensettet til grana er så enormt stort, heile sju gonger større enn hjå menneske.

- Vi veit likevel mykje meir om juletreet i dag enn det vi gjorde for 20 år sidan, seier Krokene. 

Slik kunnskap kan bli viktig for å ta vare på skogen i eit endra klima, der gamle problemarter som borkbillene kan bli enda meir problematiske. 

Han påpeiker at det er særs viktig å beskytte skogen, ikkje berre av omsyn til skognæringa, men også fordi skogen er viktig for rekreasjon og miljø.

- Sjå for eksempel kor mykje folk som brukar skogen i Nordmarka utanfor Oslo. Granskogen kan dessutan bli ei gullgruve for bioøkonomien framover. Det kan vere mykje pengar å tene på å utnytte biomassen i skogen på nye og meir effektive måtar. I tillegg er grantrea som karbonfestningar å rekne og viktige for binding av karbon frå atmosfæren, påpeiker graneksperten. 

Han legg til at heldigvis skal ein leite lenge etter eit meir tilpassingsdyktig tre enn grana, så oddsa er gode.

- Det er nok ingen fare for at vi skal mangle juletre i overskodeleg framtid, seier Krokene.

 

Fakta

- Noregs eldste gran finst i Trillemarka i Buskerud og er 536 år.

- Gran er økonomisk viktig for skogbruket og den viktigaste trearten i volum her til lands. Grana utgjer nesten 50% av det totale skogvolumet.

- Granborkbilla er den einaste i Noreg som kan overmanne levande tre og skape utbrot som medfører drepen granskog.

- Granborkbilla påførte skogbruket store skader på 1800-talet, og i 1970-åra drap den omkring 15 million tre i dei søraustlege delane av Noreg.

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.